Om prosjektet
Ombygginga av delar av papirfabrikken til skulelokale har skapt ein ny dynamikk i Halden sentrum. Prosjektet samlar fleire utdanningsprogram i eit robust industribygg og gir rom for kulturaktivitetar på kveldstid. Nærleik til sentrum og til fabrikken styrker både rekruttering til yrkesfag og samarbeidet mellom skule og næringsliv. Løysinga viser korleis ombruk av eksisterande bygningsmasse kan bidra til berekraftig byutvikling og samstundes bevare lokal identitet.
VERNESTATUS
Ikke formelt vern
ADRESSE
Tistedalsgata 1, Halden
PROSJEKTET
Viken/Østfold fylkeskommune, Porsnes Utvikling AS, Plus Arkitektur AS
KONTAKT
Halden vidaregåande skule
Industrien, skulen og byen møtast på Porsnes. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Uteareala er berika med fleire sitteplassar, og har ein grøntstruktur som knyt dei to skulebygningane i hop. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Historikk
Papirfabrikken Norske Skog Saugbrugs ligg i Halden og er i dag ein del av konsernet Norske Skog. Verksemda vart etablert i 1859 som aksjeselskapet Saugbrugsforeningen, men har røter i den Fredrikshaldske Saugbrugercorporation, med fleire hundre års historie. Fabrikken var lenge Norges største sagbruk, ein av dei største trelasteksportørane og ein stor skogeigar.
På 1900-talet vart drifta lagt om til papirproduksjon. I dag har fabrikken to papirmaskiner og produserer om lag 355 000 tonn magasinpapir årleg, og er ein av verdas største produsentar på dette området. Saugbrugs er den eldste treforedlingsfabrikken i landet som framleis er i drift.
Utfordringar og løysing
Etterspurnaden etter magasinpapir har gått ned dei siste åra, og produksjonen ved Norske Skog Saugbrugs har vorte redusert. Dette førte til at delar av den store bygningsmassen vart ståande tom. Samstundes var daverande Viken fylkeskommune på jakt etter sentrumsnære areal for å samlokalisere fleire linjetilbod ved Halden vidaregåande skule. Etter vurdering av fleire alternativ, inkludert nybygg på andre sida av elva, vart løysinga å bygge om den vestre delen av papirfabrikken – rett over vegen frå skulen si avdeling på Porsnes.
Ombygginga har gjort det mogleg å samle viktige utdanningsprogram som bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, musikk, dans og drama, teknologi- og industrifag, og helse- og oppvekstfag i Halden. Skulen har plass til om lag 400 elevar og fungerer på kveldstid som kulturarena for byen. Kantine, bibliotek og idrettshall ligg framleis i den eksisterande skulebygningen på andre sida av vegen, noko som gir eit godt samspel mellom elevar på ulike linjer. Saman dannar bygningane ein heilskapleg campus på Porsnes, med nærleik til sentrum som styrkjer rekrutteringa til yrkesfaga.
Koplinga til industrien er ikkje berre fysisk, men også fagleg. Elevar ved teknologi- og industrifag har praksis hjå Norske Skog vegg i vegg, noko som gir verdifull kompetanse for båe partar. Halden vidaregåande skule har òg ein historikk med samarbeid med fabrikken. På 1990-talet, i ei tid med mange permitteringar, vart det gjennomført eit statleg støtta skuleringsprosjekt som gav dei tilsette kompetanseløft og bidrog til omstilling i bedrifta.
Prosjektet har vorte eit viktig tilskot til Halden-samfunnet – både som arkitektonisk grep og som eit kultur- og undervisingsbygg som samlar utdanning, næringsliv og befolkninga elles i byen. I tillegg er identiteten til industrimiljøet bevart og vidareutvikla. I 2023 vart prosjektet heidra med Arnstein Arnebergprisen, Østfold Arkitektforeining sin pris for framifrå arkitektur.
Salen som blir nytta for elevar ved musikk, dans og drama er òg ein kulturarena for byen på kveldstid. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
I dette undervisingsrommet for teknologi- og industrifag lærer elevane mellom anna 3D-printing og andre CNC-styrte prosessar.. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Læringspunkt
Gjennom grundig arbeid med volumer, materialer og detaljering har man fått et heistårn og en ny heis som glir inn og blir en del av eksisterende arkitektur i borggården. Tilbygget framstår som et varig og verdig tiltak, og blir slik sett et tydelig symbol på at tilgjengelighet i vår tid tas på stort alvor.




