Energieffektivisering

Gamle Aker med ny energi

Interiør av stein i en kirke med buede søyler, rekker av svarte stoler, utsmykkede lysekroner i gull, en dekorert prekestol og et alter foran.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Prosjektet viser korleis ein kan kombinere energisparing, universell utforming og tekniske oppgraderingar i eit freda kulturminne. Med bergvarme, vassboren varme og oppgradert elektrisk anlegg har kyrkja fått eit berekraftig system som reduserer energiforbruket med 60 prosent. Samtidig er det lagt vekt på å bevare det historiske uttrykket og skape praktiske løysingar for dagleg bruk.

VERNESTATUS
Automatisk fredet

ADRESSE
Akersbakken 26, Oslo

PROSJEKTET
Kirkelig fellesråd i Oslo, Riksantikvaren, Nco AS, Zenisk AS

KONTAKT
Kirkelig fellesråd i Oslo

Moderne inngangsparti i glass med metalldører innenfor en steinmur, flankert av vertikale trelister; svarte stoler står på rekke og rad i forgrunnen.
En informasjonskiosk i tre med brosjyrer står ved en steinvegg i et moderne interiør med grått flisgulv og dempet belysning.

Det nye vindfanget har eit meir transparent uttrykk enn det tidlegare, med skjermande spileveggar berre framfor der nye element har kome inn. Her har mellom anna teknisk styringspanel fått plass. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Gamle Aker kyrkje er den eldste bygningen i Oslo som framleis står. Ho vart bygd i fyrste halvdel av 1100-talet som ei romansk steinkyrkje i lokal kalkstein, med basilikaform, midttårn og apsidal koravslutning. Ho vart skadd av brann i 1592 og øydelagd av lynnedslag i 1703, då tårn, klokker og inventar gjekk tapt.

Frå 1856 til 1861 vart kyrkja restaurert av Schirmer og von Hanno. Restaureringa førte med seg store endringar: kalkpuss vart fjerna, nye og større vindauge vart sett inn, og det karakteristiske firkanta midttårnet bygd. I 1950–1955 vart kyrkja på nytt restaurert av Hofflund, med mål om å gje ho eit meir mellomaldersk preg. Då vart sementpuss innvendig fjerna, vindauge mura att der det ikkje var opningar i mellomalderen, og ein skifta ut inventaret frå 1850-åra.

Kyrkja ligg i dag midt i Oslo, men hadde tidlegare ei landleg plassering på høgda ved gamle Akersveien. Denne vegen knytte festninga til kyrkja og gjorde ho lett tilgjengeleg for kyrkjelyden i Akersdalen.

Lysekronene sett i stand av ein av dei svært få gjørtlarane som finst i landet. I lysekronene blir det brukt batteridrivne LED-«stearinlys» med fjernkontroll. Dette er både enklare og tryggare enn ekte stearinlys, og ein har unngått å bygge om lysekrona for elektrisk lys, som ville ha endra uttrykket. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

To utsmykkede lysekroner i messing med tente stearinlys henger fra et tak med steinbuer, og i bakgrunnen skimtes et glassmaleri.

Utfordringar og løysing

Energiforbruk er ei utfordring i ei stor steinkyrkje som Gamle Aker. Samstundes er kyrkja i nær dagleg bruk, og ein har behov for ein funksjonell og komfortabel bygning utan å gjera inngrep i mellomalderkonstruksjonane. Det vart planlagt eit stort prosjekt for innvendig istandsetting, med oppgraderingar på både teknikk, energistyring, universell utforming og funksjonalitet.

Det største løftet når det kjem til energiforbruket er installasjon av væske-til-væske-varmepumpe basert på bergvarme. Det vart bora to energibrønnar i vegen på kyrkjegarden. Golvet, som var frå 1950-talet, vart fornya med sløyfer for vassboren varme i. Dessutan vart det lagt føringar for ventilasjon og elektrisk opplegg i golvet, noko som reduserer inngrep elles i kyrkjerommet. Varmepumpa, som fekk plass i teknisk rom i kjellaren, bidreg til oppvarming, temperaturregulering av tilluft og varmegjenvinning frå avtrekksluft. Ein elkjel er kopla til for spisslast.

Det gamle vindfanget frå 1950-talet hadde ein praktisk funksjon, men verka lukka og lite tilpassa dagens behov. For å få plass til ny løfteplattform, teknikkstyring og eit flyttbart informasjonsbord, vart det bygd eit nytt vindfang med transparent uttrykk. Her er styringspanel for lys og klokker samla. Alt elektrisk opplegg er oppgradert, og lyskjelder er skifta til LED, noko som reduserer både energibruk og brannrisiko.

Tiltaka har til saman redusert energiforbruket til kyrkja med om lag 60 %. Prosjektet viser korleis ein heilskapleg plan kan gi berekraftige og effektive løysingar utan inngrep i mellomalderske konstruksjonar, og samtidig forbetre visuelt uttrykk og funksjonalitet.

Interiør med steinvegger, dekorativ sokkel, trestoler og en mørk buet døråpning ved siden av en trekonstruksjon på et lyst flislagt gulv.
Kyrkja hadde frå før eit skifergolv frå 1950-talet som vart fornya. Her ser ein integrerte ventilasjonsrister og luke for straumuttak. Det nye dekket har i tillegg fått vassboren varme. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Heilskapleg planlegging gjer det mogleg å kombinere energitiltak med universell utforming og funksjonalitet.
  • Varmepumpe med bergvarme kan installerast utan store inngrep i mellomalderkonstruksjonar.
  • Integrering av oppvarming, ventilasjon og elektriske føringar i golv reduserer synlege inngrep i kyrkjerommet.
  • Kjellar gir moglegheit for plassering av teknisk rom.
  • Oppgradering til LED-lys gir både energisparing og redusert brannrisiko.
  • Transparent vindfang kan løyse praktiske og tekniske behov utan å dominere det historiske rommet.

En liten tittel her ...

Water World – bevaring og formidling av kulturarv under vann

Lignende eksempler