
Om prosjektet
Å bu på lite areal er i seg sjølv blant dei beste tiltaka for å forbruke mindre energi og ressursar. I den 70 kvadratmeter store bustaden i Tromsø har eigaren dessutan gjort fleire tiltak for å effektivisere energibruken, som etterisolering, varmepumpe og bruk av smarte styringssystem.
ADRESSE
Vestregata 71, Tromsø
VERNESTATUS
Regulert til bevaring
PROSJEKTET
Eigarane, Magne Kleiveland, Vindenæs Byggningsvern, Tromsdalen Elektro
KONTAKT
Joran Gammelsæter Jacobsen og Siri Hallingby Børs-Lind
Historikk
Vestregata 71 ligg i det bevaringsverdige trehusmiljøet i Nordbybakkan, ein del av den såkalla empirebyen Tromsø, som var ferdig utbygd kring 1870. Nordbyen har historisk vore eit bustadområde for handverkarar, småhandlande, arbeidarar og ishavsmannskap, og har hatt ei viktig rolle i utviklinga av Tromsø som by.
Bygningen er eit lite bustadhus i tre, oppført kring 1880, truleg på ein eldre grunnmur. Huset har ei laftekasse saman med to delar av bindingsverk, og står på ein kombinert stein- og betongkjellar. Takopplettet mot vegen vart bygd kring 1895, og kring 1900 kom det til både tilbygg og takopplett mot hagen, samt eit uthus. Det siste takopplettet vart byggemeldt i 1900 av den kjende Tromsø-byggmeisteren Erlandsen, som også står bak den freda Løkkekiosken – i dag mest kjend som Rakettkiosken. Desse på- og tilbygga forklarer bygninga si interessante og samansette takform.
Ein av dei tidlegare bebuarane var garvarmeister Storstad, som dreiv garveri på eigedomen frå 1890-talet til 1917. Verksemda var i stor grad basert på råvarer frå ishavsfangst.
Ytterdøra er ein kopi av den originale, og har gode tettelister og isolérglas. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Utfordringer og løsning
Samstundes som huset vart sett i stand og gjort til ein moderne bustad, ønskte eigaren å gjere tiltak for å effektivisere energibruken. Med god arealnytting har ein allereie eit godt utgangspunkt. Bustaden rommar stove og tre soverom, i tillegg til romsleg kjøkken, bad og brukskjellar.
Panelet som var på huset før istandsettinga hadde ein del roteskader. Det var behov for utbetringar, og da var det naturleg å samstundes etterisolere utvendig. Valet falt på trefiberisolasjon, som vart lagt i 10-15 cm saman med vindsperreduk. Eigaren ønskte å attendeføre til ståande panel, slik huset hadde hatt tidlegare, så det ble også lagt ny panel.
I samband med omlegging av taket, vart det òg isolert med trefiberisolasjon og lagt vindsperreduk her. Det same gjeldbjelkelaget mot kjellaren.
Vindauga er ei blanding av restaurerte, gamle vindauge, og nye kopiar. Dermed er det god tetting og lite trekk frå desse. Ytterdøra er rekonstruert, og har tettelister og isolérglas. Dessutan har huset vindfang, som er ein god, gamaldags måte for å skilje kulda ute frå dei varme romma inne.
Inne er det nye, reintbrennande vedomnar i kvar etasje. Saman med luft til luft varmepumpe, gir dette god oppvarming av det vesle huset. Utedelen av varmepumpa er plassert minst mogleg sjenerande, på kjellarmuren i mellomrommet mot nabohuset. Innedelen er godt innpassa i interiøret, og bidreg til å få varmen frå vedomnen betre rundt i huset. Inne på kjøkkenet er kanalen mellom utedelen og innedelen kassa inn, måla og fungerer som ei praktisk hylle.
Smarte styringssystem er tekne i bruk for å optimalisere energibruken i bustaden, og styrer varmtvasstank, varmepumpe, ljos og varmekablar. Slik kan energiforbruket blir fordelt på ein mest mogleg økonomisk og effektiv måte gjennom døgnet, til dømes ved at varmekablane i hovudsak står på om natta. Dette gjer at huset kan halde god komfort med lågare energikostnader, samstundes som belastninga på straumnettet blir redusert.
Huset har eit vindfang, som gir eit skilje mellom dei varme opphaldsromma og held kulda ute. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Læringspunkter
- God arealnytting er ein viktig faktor for redusert energiforbruk.
- Om det er naudsynt å gjere utskifting av tak eller kledning, er det gunstig å samstundes etterisolere.
- Trefiberisolasjon går godt i hop med gamle hus, ettersom han har dei same gode eigenskapane som tre når det kjem til mellom anna fukttransport.
- Varmepumpe og vedomn er ein god kombinasjon, ettersom varmepumpa gir ei god grunnoppvarming og vedomnen kan gi tilleggsvarme i kaldare periodar. Varmepumpa spreier varmen frå vedomnen godt rundt i huset.
- Smart styringssystem er eit godt supplement for å optimalisere energibruken.