Om prosjektet
For eigaren var det viktig å gå varsamt fram når gamlestova skulle settast i stand, slik at familiehistoria kunne formidlast. Utvendig istandsetting vart gjort etter antikvariske prinsipp, for at bygningen skal kunna leva vidare dei neste 100 åra også. Innvendig var rydding det viktigaste tiltaket, medan det elles vart gjort berre mindre grep for å kunne bruke bygningen vidare.
ADRESSE
Aursfjordveien 1244, Meistervik
VERNESTATUS
Kommunalt listeført
PROSJEKTET
Tore og Inge Andreassen (tømrararbeid), Siv Holmin (snikkararbeid), Lill-Karin Elvestad (eigar)
KONTAKT
Lill-Karin Elvestad
Historikk
Elvestad er eit bureisingsbruk i Balsfjord som fekk innvilga bureising i 1941. Garden har bygningar frå ulike periodar og viser ei tydleg utvikling i driftsform og byggeskikk. Gamlestova vart oppført i 1926 og flytta til Elvestad frå hovudbruket Kirkevik i samband med bureisinga. På Kirkevik hadde ho vore brukt som sommarkjøkken, gjestehus og snikkarverkstad. Etter flyttinga vart stova mellombels bustad for familien fram til nytt våningshus stod ferdig i 1955, fleire år seinare enn planlagt. Like før familien flytte, i 1954, vart det innlagd straum i huset.
Gamlestova er ein toroms bygning med kjøkken i lafta tømmer og stove i bindingsverk, kledd med panel og med empirevindauge. Loftsetasjen har òg to rom. Bygningen står på pålar og har saltak tekt med skifer.
Huset hadde ikkje innlagd vatn tidlegare. Av praktiske grunnar er det nå lagt inn sommarvatn og montert ein vask, med tidsriktig uttrykk. Legg merkje til slitasjespora på golvet, og den gamle, plassbygde kjøkkenbenken. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Utfordringar og løysing
Etter 1956 var bygningen i hovudsak nytta som lager. Dette gjorde etter kvart vedlikehald vanskeleg, samstundes som det berga bygningen frå endringar. Eigaren såg verdien i det autentiske som bygningen representerte, og ønskte å setta bygningen i stand så varsamt som mogleg.
Eigaren byrja med ein omfattande ryddejobb. Om lag eitt tonn avfall vart køyrd vekk! Dette avlasta konstruksjonen, samstundes som den faktiske historia til huset og familien vart meir tilgjengeleg. For dei kvitta seg sjølvsagt ikkje med alt i ryddinga, og særleg gjenstandar frå før 1956 vart tekne vare på.
Sjølve istandsettingsarbeidet gjekk ut på jekking og oppretting av bygningen, refundamentering med frostsikring, ny undertekking under den gamle taksteinen, nye takrenner, og ny utvendig trapp. Dessutan vart utvendig fargesetting attendeført, med kvit linoljemåling. Vindauga vart restaurerte. Eigaren hadde tett dialog med dei lokale tømrarane for å sikre at dei hadde ei felles forståing for verneverdiane og antikvariske metodar i arbeidet.
Innvendig ønskte eigaren å ta vare på mest mogleg bruksspor og få fram korleis huset var da familien budde her på 1940- og 50-talet. Overflatene vart vaska, og berre einskilde av dei fekk eitt strøk linoljemaling for oppfrisking. Pipa vart undersøkt, og etter noko innvendig istandsetting, i tillegg til ny brannmur, vart ho godkjend for vidare bruk.
I dag blir huset brukt som skrivestove og til kurs- og formidlingsverksemd. For å legge til rette for denne bruken, har eigaren gjort varsame tilpassingar som tek omsyn til bygningen sine verneverdiar. Det er lagt inn sommarvatn, og ein tidsriktig utslagsvask er montert på kjøkkenet. I det tidlegare spiskammerset er det etablert toalett, der den gamle benken er teken vare på og nytta for plassering av handvask og varmtvasstank. Det elektriske anlegget er oppgradert for å redusere brannrisiko i den eldre bygningen.
Huset, som i utgangspunktet var eit sommarhus, er ikkje isolert, og det var kaldt for familien som ein gong budde her på heilårsbasis. For å unngå større endringar, som etterisolering kan føre til på små hus, er bruken nå tilpassa bygningen, og blir i hovudsak brukt i sommarhalvåret. Likevel ønskjer eigaren å formidle litt av korleis livet her kunne vera vinterstid, og har nokre få arrangement her i løpet av vinteren. Dette er mogleg ettersom det oppgraderte, elektriske anlegget gjer det trygt å ha på litt elektrisk oppvarming, i tillegg til å fyre i omnen på kjøkkenet og stenge av dei andre romma, slik dei også gjorde før.
Læringspunkt
- Rydding og fjerning av avfall kan vera eit viktig fyrste steg for å avlaste konstruksjonen, gjera vedlikehald mogleg, og gjera historia synleg.
- Tett dialog med handverkarar sikrar felles forståing for verneverdiane og god gjennomføring.
- Enkle tekniske tilpassingar kan legge til rette for ny bruk utan å skade bygningen sine verneverdiar.
- Bevaring av bruksspor og originale overflater formidlar tidlegare historie.
- Tilpassing av bruk etter bygningen sine premiss er avgjerande for å ikkje skade viktige kulturminneverdiar.






