Om prosjektet
Behova var mange da den nye eigaren tok over Kongegården i 2021. Dei rette aktørane vart kopla på prosjektet, og med ein heilskapleg plan har den over 200 år gamle murgarden vorte sett i stand, attendeført på fleire område, og samstundes fått løft som gjer bygningen godt fungerande for framtida. Det gode målarhandverket i interiøra har ikkje berre vore prikken over i-en, men har gitt romma tilbake sin fordoms prakt og skapt atmosfæren som igjen gjer Kongegården ein konge verdig.
VERNESTATUS
Fredet
ADRESSE
Wiels plass 1, Halden
PROSJEKTET
Østby Eigedom, SG arkitekter AS, Østfold fylkeskommune, Lasse Holst AS, Malermester Studsrud AS, Østbys Trevarefabrikk AS, Hellberg & Bjerkeli AS, Thomasrud Snekkeri
KONTAKT
Østby Eiendom
Bygningen er sett i stand utvendig, og fargesettinga er attendeført. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Mange ulike målarteknikkar er representerte i bygningen, som marmorering, sjablongdekor, strekdekor, frihandsdekor og stenkdekor. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Historikk
Kongegården ligg sentralt i Halden, ved det nordlege brufestet, og har ein dominerande plassering i bybildet. Bygningen vart oppført etter ein bybrann i 1817, og stod ferdig i 1820. Garden overlevde den store bybrannen i 1826. Eigar Mads Wiel engasjerte ingeniørmajor Friedrich Christopher Gedde som arkitekt, og bygningen vart teikna i klassisistisk stil med tempelgavl og pilastrar. Murarar frå Uddevalla i Sverige vart henta inn til byggearbeidet.
Taket hadde opphavleg halvrunde loftsvindauge og attikaer på kortsidene. Desse vart fjerna kring 1881 da tegltekkinga vart bytta ut med skifer. Rundt 1900 vart dei halvmåneforma kjellervindauga erstatta med større, firkanta vindauge.
Som byens mest fornemme privatbustad vart bygningen nytta til innkvartering ved kongelege besøk, og har husa kongar som Karl Johan, Oscar I, Karl XV og Oscar II. Dette la grunnlaget for namnet «Kongegården». Etter 1897 var ikkje lenger bygningen bustad for plankeadelen i byen, og har sidan hatt ulike eigarar og vore nytta til næringsverksemd som hotell, serveringsstad, forretningar og pølsemakeri. Bakgardsbygningane vart rivne på 1900-talet i samband med vegutbygging.
Den nåverande eigaren kjøpte eigedomen i 2021. Bygningen hadde da vore nytta til ulike utleigeføremål og hyblar, men fått lite vedlikehald.
I det eine trapperommet er marmorering, strekdekor og andre detaljar rekonstruerte basert på spor av den tidlegare dekoren. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Under trappa mot kjellaren var det det ein rest av original dekor. Her ser ein korleis det er bygd opp eit fint pussjikt ved å rappe på trepanel. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Riksantikvaren
Utfordringar og løysing
Bygningen hadde omfattande istandsettingsbehov både utvendig og innvendig da den nye eigaren tok over. Målet var å ta vare på dei antikvariske verdiane og samstundes oppgradere bygningen slik at han tilfredsstilte nye brukskrav. I samarbeid med fylkeskommunen og arkitekt vart det lagt ein heilskapleg plan som kombinerte istandsetting med energieffektivisering og tilrettelegging for utleige av næringslokale.
All puss på fasaden vart fjerna for å utbetre frostskadar og sikre god heft for ny overflate. Det vart lagt ny kalkpuss, og fasaden fekk silikatmaling med attendeført fargesetting basert på historisk dokumentasjon. Dette arbeidet var avgjerande for å bevare murverket og gi bygningen attende sitt opphavlege uttrykk.
Det gamle skifertaket frå 1881 var i svært dårleg stand og vart erstatta med svart glasert teglstein, slik bygningen opphavleg hadde. Samstundes vart dei halvrunde loftsvindauga på kortsidene attendeførte, med sinktekking. Nye takrenner og nedlauypsøyr i sink vart òg monterte.
Innvendig hadde bygningen mange setningsskadar og endringar i opphavleg romstruktur og overflater. Det var viktig i prosjektet å stabilisere konstruksjonen og føre romstrukturen attende. Golva vart avretta for å betre brukbarheita.
Fargar og dekor vart rekonstruerte basert på funn av originale overflater. Det som var att av dekor vart reinska forsiktig fram og regenerert med kokt linolje, medan einsfarga flater omkring dekoren vart måla med linoljemåling. Der dekor mangla, vart han rekonstruert med utgangspunkt i spor frå andre stader i rommet. Dette arbeidet har gitt interiøret eit opphavleg preg og sikra kulturhistoriske verdiar.
Gjennom desse tiltaka har bygningen fått tilbake sitt historiske uttrykk, samtidig som han er tilrettelagt for ny bruk og framtidig vedlikehald.
Det er to trapperom i bygningen. I det eine er det installert heis, medan det andre er bevarte slik det var og sett i stand. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Læringspunkt
- Heilskapleg planlegging gjer det mogleg å kombinere antikvariske omsyn med nye brukskrav.
- Ved større vedlikehaldsbehov på til dømes taktekking og fasade kan ein nytte høvet til å attendeføre til originale materialar og uttrykk.
- Nøye dokumentasjon og vurderingar av fargar og dekor er avgjerande for å sikre autentisk resultat, og for å ta vare på bygningen som kunnskapskjelde.
- Faglærde handverkarar med relevant erfaring og god forståing er ein suksessfaktor i istandsettingsprosjekt som dette.








