
Om prosjektet
Båtnaust med ulike variantar av skjeltring i veggane har ein sterk tradisjon i Nord-Noreg, og representerar verdifulle kystkulturminne. Da skjelternaustet på Tennes i Balsfjord skulle settast i stand, var ei av dei store utfordringane å finna og transportera dei lange stokkane dei trengte til nye syllstokkar.
ADRESSE
Tennesveien 185, Storsteinnes
VERNESTATUS
Kommunalt listeført
PROSJEKTET
Målselv Tradisjonshandverk AS, smed Jan Tore Ovesen, Balsfjord og Malangen Historielag, eigar Øystein Roald Karlsrud
KONTAKT
Øystein Roald Karlsrud, Målselv Tradisjonshandverk AS
Her er råteskadd tømmer skifta ut, mellom anna dei lange syllstokkane. Foto: Roald Renmælmo / Måselv Tradisjonshåndverk AS
Skjelterteknikken har lange tradisjonar i nord. Her blir dei opphavlege skjeltera sett på plass att Foto: Roald Renmælmo / Måselv Tradisjonshåndverk AS
Historikk
Skjelterteknikken har røter attende til førhistorisk tid, med spor heilt frå 800-talet. Skjelter er ståande delar i veggane, som gjerne er felt inn i spor i stokken nede og tilsvarande oppe. Kløyvd og rydd material har vore det vanlege i slike veggar, men òg saga bord har vore brukt i seinare tid. Veggtilene i stavkyrkjene og andre bygningar med stavkonstruksjon byggjer på same prinsipp, og ein ser det ofte i svalgangar på eldre loft. Byggjemåten har vore vanleg i det meste av landet tidlegare, men det er særleg i dei tre nordlege fylka at tradisjonen har halde seg fram til vår tid og har vore brukt i naust og andre bygg som skal vere luftige.
På garden Karlsrud på Indre Tennes i Balsfjord ligg eit naust frå 1856, bygd med denne teknikken. Storleiken på naustet viser at det har husa ein nordlandsåttring som vart brukt til fiske i Lofoten og langs Finnmarkskysten. Garden fekk namnet Karlsrud i 1890, men naustet er eldre og er ein viktig representant for den lokale fiskerihistoria. Det er dessutan eitt av få attverande skjelternaust i Balsfjord.
Naustet er bygd med tømra hjørne og store felt med ståande skjelterverk. Konstruksjonen har grove stokkar, med svill og raft rydd med øks, truleg fordi dei var for lange til å saga på oppgangssag. Dei kortare hjørnestokkane mellom skjelteropningane derimot var moglege å kanta med oppgangssag. Dei lengste stokkane, opp mot 11,5 meter og vekt på kring eit halvt tonn, var truleg henta frå Målselv. Taket var opphavleg tekt med tro, never og torv, men vart skifta ut med bølgjeblekk på 1960-talet.
Dei lange og grove stokkane vart felt på vinterstid og rydd i skogen for å letta handteringa noko. Foto: Roald Renmælmo / Måselv Tradisjonshåndverk AS
Utfordringar og løysing
Naustet på Karlsrud var i svært dårleg stand før tiltaket vart sett i gang. Ein del råteskadd tømmer laut skiftast ut, og taket leggast om. Prosjektet vart gjennomført i samarbeid med det lokale historielaget, og fekk støtte frå både Kulturminnefondet og kommunen i form av SMIL-midlar.
Det vart fyrst gjort ei sikring av konstruksjonen ved å jekke opp og støtta under der tømmeret var skadd og kraftig nedbøygd. Bygningen fekk stå over ein vinter med slik stønad for at dei lange raftstokkane skulle finna tilbake til si gamle form. Tømmer i så kraftige dimensjonar og lange lengder som er deformert over mange år må ein jekka tilbake gradvis over tid for å unngå nye skadar. Utskifting vart gjort ved å jekka opp og stø dei to øvste omfara i veggane og røsta med åsar og tak. Vekta på dette var kring 8 tonn, og kravde god stønad under. Dette var løyst i form av avstiva bukkar bygd i tre og supplert av stillassøyler. Slik kom ein til for å skifta ut det råteskadde tømmeret.
Ei sentral utfordring var å finna eigna tremateriale med tilstrekkeleg lengde og dimensjon til syllstokkane. Som den gongen naustet vart bygd, måtte ein no òg til Målselv for å finna dette. Tømmeret vart felt vinterstid og rydd i skogen for å minska noko av vekta. Det var krevjande å finna ein eigna måte for å transportera dei lange og tunge stokkane. Løysinga vart å låna ein potetkassehengar på 10 meter og køyra med traktor.
Naustet hadde opphavleg torvtak, og dette vart attendeført som del av prosjektet. Det vart lagt nytt nevertak med 900 kilo never over 2-toms taktro, saga på den lokale oppgangssaga i Aursfjord i Malangen. Torva vart stukke ved naustet, og ein lokal smed smidde kopiar av dei originale torvhaldskrokane. Tekkinga vart lagt etter at utskifting av tømmer var gjort, men før skjeltringa kom på plass. Slik kunne tømmeret få tid til å setta seg med hjelp frå vekta av tekkinga. Det vart snikra nye dører etter modell av den eine skadde døra som var bevart, og den lokale smeden smidde hengslene som kopi av dei originale.
Gjennom prosjektet vart det lagt vekt på kunnskapsoverføring. Det vart arrangert dugnad og opplæring i samarbeid med det lokale historielaget, i tillegg til at fleire yngre handverkarar deltok i ulike delar av arbeidet. Naustet er i dag framleis i bruk som naust.

Læringspunkt
- Det var viktig å planlegga prosjektet slik at dei ulike etappane vart gjennomført i rett årstid og med nok tid, slik som å sikra og retta opp konstruksjonen, finna riktige materialar i skogen, løysa transport, og utføra stega i arbeidet på bygningen.
- Prosjektet fekk god verdi når det kom til kunnskapsoverføring. Det var planlagt og gjennomført fleire former for opplæring undervegs i arbeidet.
- Forståing for type og kvalitet på dei opphavlege materialane var avgjerande for å finna riktige materialar til der utskifting var naudsynt.