Istandsetting

Store løft i Vaterland

To industribygninger i murstein ligger side om side på en gruset tomt, der den ene har en utvendig trapp og den andre store industrivinduer og doble dører.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Fabrikkbygningen i Vaterland i Fredrikstad hadde mange tiårs vedlikehaldsetterslep. Der mange ville ha gitt opp, gjekk syskena på arbeidet med lyst og mot. Bygningen har vorte sett i stand seksjon for seksjon, og ved bruk av tradisjonelle materialar og metodar. Istandsettinga har gjort det mogleg å ta bygningen i bruk igjen, og illustrerer korleis ein kan løyse store utfordringar ved å gå fram stegvis – som å ete ein elefant, ein bit om gongen.

VERNESTATUS
Del av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, Regulert til bevaring

ADRESSE
Vaterland 28, Fredrikstad

PROSJEKTET
Christianslund Holding AS, Bygningsvernhuset AS, Murerfirma Roar Kristoffersen AS, Sjøtjenester AS, Asbjørnsen Byggservice, smed Merete Nilsen Bua

KONTAKT
Christianslund Holding

Svart-hvitt-foto av et industrikompleks med en høy skorstein ved en elvebredd, merket Fredrikstad: F. E. F. (Elektrokemiske Fabriker), tatt i 1917.
Anlegget vart reist i 1899 for å produsere Eddiksyre. Etter kvart vart anlegget utvida. og Fredriksstad Elektrokemiske Fabriker tok over. Foto: Ukjent, Riksantikvaren

Historikk

Vaterland ligg sør for festningsbyen Gamlebyen i Fredrikstad, og området er prega av låge trehus frå 1700- og 1800-talet. Etter fleire bybrannar og innføring av murtvang i festningsbyen, vart det etablert bustadområde i tre utanfor festningsvollane. Her vart det også lagt ulike handverksverksemder, reiarverksemd, verft og etter kvart industri.

I 1899 vart det reist eit fabrikkanlegg i tegl på ballastkaia sør i Vaterland av A/S Fredriksstad Eddiksyrefabrik. Anlegget vart seinare utvida og teke over av Fredriksstad Elektrokemiske Fabriker, som i 1914 etablerte den fyrste norske fabrikken for produksjon av natrium superoxyd og klorsurt kali. Fabrikkbygningen hadde da fått den firedelte oppbygginga som han har i dag. Dei to nordlegaste seksjonane, som er dei yngste, har rammeverk av armert betong som er utmura med tegl.

Seinare heldt mellom anna A/S Norsk Læderindustri («Elgo») og eit båtbyggjeri til i bygningane. Faren til dei nåverande eigarane kjøpte eigedomen i 1975, og leigde ut lokala til mellom anna bilverkstad og ulike kulturelle aktørar.

En rekke gamle mursteinsbygninger, noen med graffiti og synlig slitasje, står langs et gressletteområde ved en elv under en overskyet himmel.
Nærbilde av en gammel rød teglsteinsvegg med varierende teglsteinsfarger og synlig mørtel, som viser tegn på forvitring og misfarging.

Bygningsmassa er omfattande, og ein seksjon står att å setta i stand. Kaifronten er stabilisert med tradisjonell trespunt. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Teglsteinane nedst i bildet var dekka av graffiti. Ved istandsetting av murverket var dei snudd, fordi dei ville ha vorte skada om ein skulle ha forsøkt å fjerne graffitien.Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Allereie i 1975 byrja bygningsmassa å bli i dårleg stand. Leigeinntektene i åra som følgde var ikkje nok til å gjera meir omfattande vedlikehald, og etterslepet vart større og større. Da den yngre generasjonen tok over eigedomen i 2020, var forfallet kome langt. Tak og takrenner var utette fleire stader. Murverket var forvitra og hadde utglidingar på mange plassar rundt bygningen. Det var òg skader på vindauge, dører og portar. I tillegg var det ei stor utfordring med at bygningen står på ustabile fyllmassar. Kaifronten med eldre trespunt heldt på å gå i oppløysing, slik at massane og bygningen var på veg til å skli ut i Glomma.

Det var ei formidabel oppgåve å gå i gang med istandsettinga av den omfattande og forfalne bygningsmassen. Eigarane la ned ein stor eigeninnsats i rydding, riving av laust inventar, og grovarbeid. For å stabilisere grunnen vart kaifronten sikra med nye trepålar og trespunt. Valet av tremateriala var både for å få ein utsjånad mest mogleg lik den tradisjonelle kaifronten, og for å ikkje få kraftige vibrasjonar i grunnen som meir moderne spuntemetodar kan gi, ettersom dette kunne ha skada bygningen meir. Innanfor kaifronten var massane skifta ut til lettare, meir stabile og drenerande materiale.

En svart utvendig vegglampe er montert under et halvsirkelformet vindu med svarte sprosser på en rød murbygning.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Når det gjeld sjølve bygningen, vart han sett i stand seksjon for seksjon. Dette var både for å avgrense arbeidet og sjå ferdige resultat undervegs i prosessen, samstundes som eigarane på denne måten kunne byrje å få litt leigeinntekter til bruk vidare i prosjektet.

Murverket vart rehabilitert ved å fjerne skada puss og fuger. Nokre av fugene hadde pølsespekking med sementmørtel, som bidreg til å stenge fuktigheit i murverket inne. Der teglsteinen har vore veldig forvitra eller skada av graffiti, har murarane losna steinane, snudd dei og mura dei inn på nytt med den friske sida ut.

I rehabiliteringsarbeidet er det brukt kalkmørtel. Kalk er mindre sterk enn sement, og fungerer difor betre i hop med eldre, svakbrent teglstein. I tillegg toler kalkmørtel meir rørsle, og har spesielt gode evner til å transportere fuktigheit ut frå murverket.

Portar, jarnvindauge og andre element i metall er restaurerte eller rekonstruerte med hjelp frå den fyrste leigetakaren i det store fabrikkanlegget, ein smed. Det er lagt nytt tak, og nye takrenner og nedløp. Bygningen er òg sett i stand innvendig, og lokala er oppgraderte slik at dei kan leigast ut.

Sirkulært vindu med hvite teglsteinsdetaljer og svart rutenettmønster på en rød murvegg, over rektangulære vinduer med svarte rammer.
En stor, svart ankerplate av metall er boltet fast i hjørnet av en rød murvegg.

Vindauge, muranker og andre detaljar i jarn er rustbehandla og brukt vidare. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Langs kaifronten vart tradisjonell trespunt valt for å unngå store vibrasjonar i grunnen, noko som kunne ha ført til nye setningsskadar i bygningen.
  • Bruk av tradisjonell mørtel sikrar best mogleg eigenskapar for eldre murverk. Teglstein med skada utside kan snuast.
  • Istandsettinga er gjort seksjon for seksjon, fordi bygningen er stor og samansett. Dette har òg gjort det mogleg å få inn leigetakarar og dermed leigeinntekter undervegs i prosjektet. Godt samarbeid med leigetakarane har vore avgjerande for å få til dette.
  • Stor eigeninnsats har gjort prosjektet meir økonomisk handterleg, og samstundes gitt familien eit sterkt eigarskap.

Før og etter:

En forlatt murbygning med graffiti på veggene står ved en elvebredd under en overskyet himmel.
En industribygning i teglstein med store vinduer ligger ved siden av et gressområde og en trebrygge ved vannet under en overskyet himmel.
En rekke gamle, nedslitte bygninger med avskallet maling, rustne tak og graffiti på veggene, omgitt av overgrodd vegetasjon under en overskyet himmel.
En delvis renovert industribygning i murstein og hvit stukkatur med uteservering på en gressplen under en overskyet himmel.
Industribygning i rød teglstein med et stort sylindrisk tårn, blå garasjeporter og et skilt med Vaterland Billakering. Noen vinduer er knust, og området ser forsømt ut.
En mursteinsbygning under oppussing med stillaser av metall omkranser en sylinderformet struktur utenfor. Området er ryddet, med noen byggematerialer og et piknikbord i nærheten.
Side-by-side-bilder av en murbygning: Det venstre viser en rusten, nedslitt utvendig trapp, mens det høyre viser en renovert trapp med ny maling og reparasjoner.
En industribygning i murstein og betong med et skilt med teksten AutoMester over en tretrapp, omgitt av løvløse trær og snøflekker.
En industribygning i murstein og hvitt med en utvendig tretrapp, omgitt av en grusvei og høsttrær under en overskyet himmel.

Lignende eksempler