Næring

Sirkulærøkonomi i praksis

Et godt opplyst verksted med arbeidsbenker, metallverktøy, hyller og utstyr organisert langs vegger og vinduer.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

I den omfattande prosessen med istandsetting av den forfalne fabrikkbygningen hadde eigarane samstundes eit ønskje om å etablere eit bevaringssenter med fokus på handverk, sirkulærøkonomi og kreative verksemder. Det har dei fått til, og leiger nå ut verkstader og kontorlokale til verksemder som deler deira motivasjon for berekraft og kreativitet.

VERNESTATUS
Del av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, Regulert til bevaring

ADRESSE
Vaterland 28, Fredrikstad

PROSJEKTET
Christianslund Holding AS, Bygningsvernhuset AS, Murerfirma Roar Kristoffersen AS, Sjøtjenester AS, Asbjørnsen Byggservice, smed Merete Nilsen Bua

KONTAKT
Christianslund Holding

Moderne kontorlokaler med skrivebord, stoler, datamaskiner og lamper, med synlige murvegger, store vinduer, hvitt tak og synlige metallbjelker.
Kunstneratelier med staffelier, malerier, kunstartikler og diverse verktøy spredt rundt i et romslig, høyt rom med takvindu over.

Lokala har ein røff men likevel lun karakter, og kler mange ulike typar verksemder. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Vaterland ligg sør for festningsbyen Gamlebyen i Fredrikstad, og området er prega av låge trehus frå 1700- og 1800-talet. Etter fleire bybrannar og innføring av murtvang i festningsbyen, vart det etablert bustadområde i tre utanfor festningsvollane. Her vart det også lagt ulike handverksverksemder, reiarverksemd, verft og etter kvart industri.

I 1899 vart det reist eit fabrikkanlegg i tegl på ballastkaia sør i Vaterland av A/S Fredriksstad Eddiksyrefabrik. Anlegget vart seinare utvida og teke over av Fredriksstad Elektrokemiske Fabriker, som i 1914 etablerte den fyrste norske fabrikken for produksjon av natrium superoxyd og klorsurt kali. Fabrikkbygningen hadde da fått den firedelte oppbygginga som han har i dag. Dei to nordlegaste seksjonane, som er dei yngste, har rammeverk av armert betong som er utmura med tegl.

Seinare heldt mellom anna A/S Norsk Læderindustri («Elgo») og eit båtbyggjeri til i bygningane. Faren til dei nåverande eigarane kjøpte eigedomen i 1975, og leigde ut lokala til mellom anna bilverkstad og ulike kulturelle aktørar.

Et verksted med industrimaskiner, bensintanker, verktøy på hyller, en smie og en arbeidsbenk, med naturlig lys fra et vindu til høyre.
Romslig rom i industriell stil med synlige murvegger, diverse møbler, hyller og store metallapparater under et høyt, delvis åpent tak.

Smeden har vore ein sentral støttespelar i istandsettingsarbeidet, og har sin eigen verkstad i bygningen. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Glasblåsarverksemda som held til i bygningen baserer seg på resirkulert glas. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Etter mange års forfall gjekk den gamle fabrikkbygningen gjennom eit omfattande istandsettingsarbeid. Bygningen vart sett i stand seksjon for seksjon, for å avgrense arbeidet og sjå ferdige resultat undervegs i prosessen. Samstundes kunne eigarane på denne måten byrje å få litt leigeinntekter til bruk vidare i prosjektet.

Eigarane hadde frå starten av istandsettinga eit ønskje om å etablere eit bevaringssenter, med fokus på handverk, sirkulærøkonomi og kreative verksemder. Dei har aktivt oppsøkt dei typane av leigetakarar som dei helst ville ha. Ettersom dei har sett i stand del for del av bygningen, har dei innreia lokale for ulike typar verksemder; verkstader, kontorlokale og til og med eit radiostudio.

Den fyrste leigetakaren var ein smed, som både kunne koma med innspel til utforming av sin eigen verkstad, og bidra med istandsetting av portar, jarnvindauge og andre element i metall. Vidare er det etablert ein glasblåsarverkstad, som bruker resirkulert glas i produksjonen sin. Murarfirmaet som har sett i stand store delar av bygningen, blir sjølv leigetakar i den store verkstadhallen midt i bygningen. Andre handverks- og kreative verksemder er òg blant leigetakarane. Siste tilskott er radiostudioet, som har fått plass i det nyleg rehabiliterte fabrikkpipefundamentet.

Tilnærminga for å etablere utleigelokale har vore å gjera berre det mest naudsynte med bygningen, slik at lokala framstår rå og autentiske, samstundes som det krev mindre ressursar. Det er prioritert å etterisolere i tak, og få på plass god teknisk infrastruktur, slik at lokala er godt fungerande som moderne verkstader og kontor.

Vaterland Bevaringssenter har vorte eit kompetansemiljø som vil vera nyttig for å halde bygningen sjølv ved like i framtida. Samstundes gir det ringverknader langt utover Glommas utløp, både som eit godt eksempel på istandsetting og ombruk, og som kompetansemiljø.

Et rom med synlige murvegger, trebord og -stoler, vevstoler og et mønstret teppe, opplyst av naturlig lys og taklys.
Ettersom dei har sett i stand del for del av bygningen, har dei innreia lokale for ulike typar verksemder; verkstader, kontorlokale og til og med eit radiostudio. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Istandsettinga er gjort seksjon for seksjon, fordi bygningen er stor og samansett. Dette har òg gjort det mogleg å få inn leigetakarar og dermed leigeinntekter undervegs i prosjektet. Godt samarbeid med leigetakarane har vore avgjerande for å få til dette.
  • Fleire av leigetakarane har handverkskunnskap som er nyttig for istandsetting og framtidig vedlikehald av bygningen, samstundes som det blir eit kreativt og fagleg miljø som kan spele på kvarandre.
  • Ved etablering av utleigelokala har ein gjort berre det mest naudsynte med bygningen, medan god teknisk infrastruktur er prioritert for å få godt fungerande lokale som samstundes har mykje autentisitet.
Interiøret i et industrielt innredet lokale med synlige murvegger, store vinduer, trebjelker, en mesanin og en trapp som leder opp til denne.
En moderne, svart kjøkkenkrok med rød backsplash og barkrakker står mot en forvitret steinvegg i et rom med store vinduer og tretak.
En industribygning i rød teglstein med store vinduer, metalldører og en utvendig svart metalltrapp, plassert på en gruset tomt under en delvis overskyet himmel.
Flyfoto av en industribygning i murstein som er under delvis renovering, med stillas rundt en rund bygning, ved siden av en elv og et boligområde i bakgrunnen.
En toetasjes bygning i murstein og hvitt med navnet Verksted står ved en elv, med en utendørs trapp som fører til en dør i andre etasje og en liten terrasse til høyre.

Lignende eksempler