
Om prosjektet
Håkon Jensa-brygga og nothjellen stod lenge utan funksjon, men har gjennom enkle tiltak og stor innsats vorte ein levande del av bygda att. Med servering, arrangement og kystkulturfestival har området fått ny verdi – både som møteplass og som formidlar av kystkultur. Samarbeidet mellom eigar og drivar, og tilknytinga til fagmiljø, sikrar at både drift og vern går hand i hand.
ADRESSE
Foldvikneset 5, Gratangen
VERNESTATUS
Kommunalt listeført
PROSJEKTET
Gratangen Kystlag, Foldvik Brygger AS, Nordnorsk Fartøyvernsenter Bygningsvern
KONTAKT
Gratangen Kystlag
Nothjellen, bryggebygningen og «Gammelbutikken» høyrer til anlegget. Det var eit ønskje lokalt om å finne ny bruk og skape liv i det historiske bryggemiljøet. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Den nye utvendige trappa gir betre og tryggare tilknyting mellom inne og ute, i tillegg til at det er ein rømmingsveg. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Historikk
Fiske har alltid vore ein viktig ressurs i Gratangen, og frå byrjinga av 1900-talet fekk området, og særleg Foldvik, ei sentral rolle i både sildefiske, ishavsfiske og -fangst. Mange reiarlag heldt til ved dei ulike bryggene i Foldvik.
Skippar Håkon Jensen hadde mellom anna ishavsskute og bygde ei brygge i 1920 like ved dampskipskaia i Foldvik. Brygga vart flytta til noverande plassering på Nessekaia i 1952. Samstundes vart den doble nothjellen og kaia oppført på same stad. Brygga er éi av tre brygger med tilhøyrande nothjellar og kaier som ligg langs sjøkanten i Foldvik, og utgjer slik eit særprega og samanhengande kulturmiljø.
Nothjellen vart bygd for å henge opp store snurpenøter til tørk. Brygga vart tidlegare nytta til lagring av utstyr til fangst og fiske, samt vedlikehald av dette. På bryggeloftet hadde notbøtarane arbeidslokale der dei reparerte snurpenøtene.
«Gammelbutikken», som er den øvste bygningen i rekkja, vart opphavleg bygd som fembøringsnaust kring førre hundreårsskifte. I 1923 vart bygningen bygd om til butikk. Sidan har «Gammelbutikken» husa både telegraf, postkontor, legekontor, fryseri og trygdekontor. Bygningen har med andre ord vore gjenstand for fleire rundar med ombruk.
«Gammelbutikken» er tatt i bruk som serveringslokale utan at det er gjort store endringar. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Utfordringar og løysing
Håkon Jensa-brygga og nothjellen stod lenge utan funksjon, etter at fiskeriverksemda knytt til denne brygga vart nedlagt. Det var eit ønskje lokalt om å finne ny bruk og skape liv i det historiske bryggemiljøet. Løysinga vart å etablere ein serveringsstad med kjøkken i andre etasje av «Gammelbutikken», og sitjeplassar både inne i brygga og ute på kaia, under taket på nothjellen. Dette har gjort området til ein levande møteplass, særleg i sommarmånadene.
Drifta har vore vidareført av ulike aktørar gjennom åra, og noverande drivar har halde fram i seks år. I denne perioden er tilbodet vidareutvikla, med servering òg inne i «Gammelbutikken». Det årlege høgdepunktet er marknaden og kystkulturfestivalen i august, som er Nord-Noregs største kystkulturarrangement med fleire hundre besøkande. Her fungerer brygga som sjølve hjartet i festivalen.
For å sikre trygg bruk av anlegget er det gjort enkelte tiltak, som ei ny utvendig trapp frå notloftet ned på kaia. Endringane er få og gjennomførte med omsyn til kulturminneverdiane, og det er lagt vekt på reversible løysingar. Med kystlaget som eigar er det antikvariske vedlikehaldet godt ivareteke, gjennom tilknyting til både Nordnorsk Fartøyvernsenter og Forbundet Kysten. Eigar og drivar samarbeider tett for å ta vare på og vidareutvikle brygga og nærmiljøet, noko som er til det beste for bygda og formidlinga av kystkulturen.
Læringspunkt
- Symbiose i form av godt samarbeid mellom engasjert drivar, Kystlaget, Fartøyvernsenteret og lokalmiljøet sikrar eit godt driftsgrunnlag.
- Tilknyting til fagmiljø som Fartøyvernsenteret og Forbundet Kysten styrker det antikvariske vedlikehaldet.
- Reversibel tilrettelegging og tilpassing av drifta gjer det mogleg å kombinere vern og bruk.