Om prosjektet
Kunstsilo i Kristiansand er eit monument over modige val og stor vilje til ombruk av ein spesialisert bygning som var gått ut av funksjon. Gjennom ein internasjonal arkitektkonkurranse kom løysinga som både er tru mot det opphavlege eksteriøret og gir eit interiør med romlege opplevingar av dimensjonar. Ombruk av eksisterande betongkonstruksjonar gir både store miljøgevinstar og unike arkitektoniske eigenskapar.
VERNESTATUS
Regulert til bevaring
ADRESSE
Sjølystveien 8, Kristiansand
PROSJEKTET
Mestres Wåge Arkitekter, Bax Studio, Mendoza Partida, Scenario Interiørarkitekter, Henning Larsen Architects, Degree of Freedom, Rambøll, Backe
KONTAKT
Stiftelsen Kunstsilo
Den storslåtte Silosalen er sentral i museet. Her ser ein korleis nokre av silorøyra er kutta heil av, medan nokre av dei ytre er dels kutta og dels skore på langs. Foto: Trond Isaksen
Historikk
Den tidlegare kornsiloen i Kristiansand vart oppført i 1935 og utvida i 1939 etter oppdrag frå Christiansands Møller. Bygningen vart teikna av arkitektane Arne Korsmo og Sverre Aasland, og bestod av sjølve siloen, eit maskinhus og eit sekkelager. Han vart bygd i betong, og var den andre bygningen i Noreg der det vart nytta glideforskaling – ein banebrytande metode på den tida. Kornsiloen blir rekna som den fyrste funksjonalistiske bygningen i Kristiansand. I 1939 resulterte siloen i at Korsmo og Aasland fekk den prestisjetunge A.C. Houens Fonds diplom for god arkitektur. Arneberg teikna òg Toten kornsilo, bygd i 1937 med same teknikk. Denne kornsiloen er framleis i bruk, og er kommunalt listeført.
Utfordringar og løysing
Etter at mølleverksemda vart nedlagt i 2006, stod den verna kornsiloen i Kristiansand utan bruk og med aukande forfall. Bygningen hadde høg arkitektonisk og kulturhistorisk verdi, men var utfordrande å ta i bruk på nytt, både teknisk og funksjonelt. Initiativet til ombruk kom frå Nicolai Tangen, som ønskte å samle si kunstsamling saman med Christiansands Billedgalleri og Sørlandssamlingen i den gamle siloen.
Store delar av anlegget var i svært dårleg stand. Maskinhuset og det eksisterande sekkelageret måtte rivast, og taket på siloen var ikkje mogleg å bevare. Sekkelageret vart rekonstruert, og rommar i dag kunstheis og andre funksjonar som er viktige for bygningen sin infrastruktur. Maskinhuset vart også bygd opp att, og har fått attende den opphavlege funksjonen sin som vertikal kommunikasjonsakse med tre heisar og ei sekundærtrapp.
Fleire av dei opphavlege sylindercellene vart kappa opp til femte etasje. Ei av dei største tekniske utfordringane var den gamle betongen i silorøyra, som kunne sprekke og falle frå kvarandre ved kapping. Løysinga vart å nytte ein metode med glideforskaling rundt dei eksisterande røyra – same teknikk som vart brukt ved opphavleg bygging. I tillegg vart det støypt inn forsterkingar i planet over der silorøyra er kappa.
Ein har følgt formspråket til dei runde røyra òg i andre element, som sofaer og den spiralforma hovudtrappa. Dette gir varme og noko lunt, i kontrast til den rå betongen og dei enorme dimensjonane. Foto: Trond Isaksen
Kappinga av silorøyra skapte den sentrale Silosalen. Samstundes fekk ein den storslåtte visuelle effekten med ei himling av enorme betongsirklar. Dagslys slepp inn ved hjelp av overlys på toppen av silorøyra . Nokre av dei ytre silorøyra vart saga på langs, slik at Silosalen fekk ei ytre innramming. Tre etasjar med utstillingsareal vart organisert rundt Silosalen. Fyrste etasje er open utan krav om billett, slik at alle kan oppleve Silosalen, museumsbutikken og kafeen. På takflatene er det etablert skulpturhage og restaurant med innglasa uteareal som følgjer siloen sine kurver.
Prosjektet har hatt stort fokus på bruk av robuste, resirkulerbare og gjenbrukbare material. Om lag to tredelar av bygningen sine betong- og stålkonstruksjonar har vorte ombrukt, noko som har gitt betydelege CO₂-innsparingar samanlikna med eit nybygg i tilsvarande skala. Silosalen er klimatisk skilt frå utstillingslokala, noko som reduserer energibehovet til klimatisering. I administrasjonen er det også ombruk av kontormøblar frå museet sitt tidlegare kontor.
Ein eksisterande bygning som får heilt ny funksjon kan gje prosjekt med mykje arkitektonisk motstand. Her har det resultert i uventa og imponerande, nye opplevingar ved godt prosjektert ombruk. Prosjektet har motteke Byggeprisen for Kristiansand-regionen 2024, Norsk lyspris 2024, og Betongtavlen 2024. Kunstsilo utgjer, saman med Kilden teater og konserthus, Knuden kulturskule og fleire kunststudio, eit nytt og viktig kulturkvartal i Kristiansand.
Læringspunkt
- Undersøkingar av tilstanden til betongkonstruksjonane og forståing for moglegheitene og premissa ved endringar av slike konstruksjonar har vore avgjerande for dei arkitektoniske grepa.
- Ombruk av eksisterande konstruksjon og material gir store miljøgevinstar, særleg tunge material som stål og betong.
- Betong som materiale har både konstruktive og skulpturelle eigenskapar som er kraftfulle, og er ein stor ressurs når ein bruker det riktig.
- Ny bruk av kornsiloar viser korleis tidlegare beredskapsinfrastruktur kan få ny funksjon og arkitektonisk verdi når han ikkje lenger tener sitt opphavlege føremål.











