Om prosjektet
Ved å gå systematisk til verks, vart det mogleg å både ta vare på verneverdiane og bruke mest mogleg av dei eksisterande konstruksjonane på nytt i ei rehabilitering. Dette har resultert i moderne kontor- og butikklokale. Ombruksgraden auka ved at det òg vart tilført bygningsdelar og komponentar frå donorbygningar andre stader i byen. Resultatet er nytt liv i bygarden, midt i Midtbyen i Trondheim.
ADRESSE
Olav Tryggvasons gate 19, Trondheim
VERNESTATUS
Verna etter PBL, verneklasse B, Midtbyen kulturmiljø
PROSJEKTET
E C Dahls Eiendom, Consto Midt-Norge som totalentreprenør med fleire underleverandørar
KONTAKT
E C Dahls Eigedom
Av totalt 30 dører i prosjektet, er 29 av dei ombruk. Nokre av dørene er frå Olav Trygvasons gate 19, medan andre er henta frå andre bygninger. Kartlegginga av dørene vart utført i samarbeid med tømrar og lås- og beslagspesialist, ein kombinasjon som viste seg svært nyttig. Portdøra inn til garden og butikkdøra mot Olav Tryggvasons gate er rehabilitert og måla i samsvar med råd frå byantikvaren. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Ein tok også vare på dei gamle dørene som stod i opningane kvar det i dag er heisopningar. Desse er behaldne som ein historisk referanse og fungerer samtidig ein dekor i heisopningane. Dørene er restaurerte og måla. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Historikk
Olav Tryggvasons gate vart etablert som del av Cicignon sin byplan etter bybrannen i 1681, og er den nordlegaste av dei fem aust-vestgåande tverrgatene i Midtbyen i Trondheim. Nummer 19 er ein toetasjes tregard oppført i 1841, kort tid etter ein ny bybrann.
Bygningen er eit døme på Midtbyen sine særprega trebygningar frå tida før murtvangen i 1845, med lafta tømmerkonstruksjon, saltak og fasadar med panel. Garden har ein tradisjonell struktur med hovudhus mot gata og bakgardsbygningar med uthusfunksjonar eller verkstader. I bakgarden står ein L-forma teglbygning i fire etasjar frå 1873, som representerer ei seinare utviding. I løpet av 1800- og 1900-talet har garden husa ulike handverksverksemder, mellom anna buntmakar- og salmakerverkstad. Frå 1908 heldt tannlege Signe Krog til i bygningen mot gata, som ei av dei fyrste kvinnelege tannlegane i byen.
Utfordringar og løysing
Før prosjektet blei satt i gang stod bygningen stort sett tom, med unntak av butikklokalet i fyrste etasje. Det var behov for teknisk oppgradering, universell utforming og tilrettelegging for moderne kontorbruk, samstundes som bygningen skulle takast vare på og settast i stand med respekt for historiske kvalitetar.
Prosjektet vart gjennomført som eit pilotprosjekt for ombruk i stor skala, med mål om å redusere klimagassutslepp og utvikle metodar for sirkulær rehabilitering. Ei sentral utfordring var å integrere ombruksmaterialar frå fleire donorbygningar i ei eksisterande bygningsmasse med verneverdi. Materialar som radiatorar, vindauge, dører, kjøkken, teppefliser, belysning, sanitærutstyr og tekniske komponentar vart kartlagt, demontert, lagra og remontert. Mange av desse vart også rehabilitert, som til dømes vindauge, trapper og dører, for å møte tekniske krav til funksjon og sikkerheit.
Prosjekteringa vart gjort parallelt med kartlegginga, noko som kravde tett koordinering mellom byggherre, arkitekt, entreprenør og forvalting for å ikkje få meir omprosjektering enn naudsynt. Ei eiga ombruksgruppe med møte kvar veke vart etablert, og det vart nytta digitale system for å halde oversikt over materialflyt, eigenskapar og status. Kartlegginga vart gjort både i eigne bygningar og i eksterne donorprosjekt. Fleire . Til dømes vart systemveggar og dører frå andre bygningar målt og tilpassa nye romløysingar, og forskjellige ombrukskjøkken vart prøvemontert og komplettert før installasjon.
Når det gjaldt tekniske krav, vart brann- og lydkrav dokumentert særskilt. Det vart nytta brannlakk, gipskledning og tekniske installasjonar for å oppfylle krava. Hovudtrappa vart restaurert og tilpassa dagens krav så langt det var teknisk mogleg. Den eldste delen av bygningen, som ligg mot gata, hadde altaskifer som tekking. Denne vart teken ned, reinska og lagt attende etter at taket vart etterisolert. Det vart òg gitt løyve til nye takopplett mot bakgarden, for å få inn meir lys i den øvste etasjen. Bygningen vart også tilrettelagt for fleksibel bruk ved at komponentar som kjøkken, dører, lydhimling og stålkonstruksjonar er monterte på måtar som gjer at dei enkelt kan flyttast om bruken av areala endrar seg.
Bygningen vart rehabilitert med fossilfri byggeplass, høg sorteringsgrad på avfall og bruk av lågkarbonbetong der det var naudsynt med støyp. Det er oppnådd ei CO₂-reduksjon på 61 % samanlikna med ein referansebygning. Tiltaket oppfyller Futurebuilt sitt kriteriesett for sirkulære bygg, med 70 % lokalt ombruk av eksisterande konstruksjonar, 12 % ombruk frå donorbygningar og 14 % ombrukbare komponentar. Prosjektet viser at det er mogleg å kombinere antikvarisk bevaring med moderne funksjonskrav og høg miljøambisjon.
Dei eksisterande vindauga i teglgarden vart sett i stand i tråd med retningslinjene frå byantikvaren. Totalt 16 vindauge vart demonterte og frakta til ein verkstad for istandsetjing. For å forbetra U-verdien, vart det installert varevindauge med isolerglas på innsida. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Læringspunkter
- Ombruk i verna bygningar krev tidleg kartlegging og tett koordinering mellom alle aktørar for å få minst mogleg omprosjektering undervegs.
- Materialar frå donorbygningar kan nyttast effektivt dersom dei blir godt dokumentert, systematisert, vurdert og lagra korrekt.
- Ved å vurdere antikvariske verdiar og bygningen sine tolegrenser, kan ein finne ut kor hen det er rom for å gjera tilpassingar for å få ein funksjonell kontorbygning samstundes som ein tek vare på historia.








