Ombruk

Med blanke ark i gamal papirfabrikk

Bred tretrapp med integrerte sitteplasser i et moderne, industrielt bygningsinteriør, opplyst av taklamper og omgitt av åpne korridorer og rekkverk.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Da delar av Norske Skog Saugbrugs vart ståande tomme, opna det for ny bruk av ein historisk industribygning midt i Halden. Løysinga kombinerer berekraftig ombruk med arkitektoniske grep som gir dagslys, gode møteplassar og funksjonelle rom for eit breitt linjetilbod. Prosjektet viser korleis ein kan skape moderne undervisningsareal og kulturarena, samstundes som identiteten til industrimiljøet blir teken vare på.

VERNESTATUS
Ikke formelt vern

ADRESSE
Tistedalsgata 1, Halden

PROSJEKTET
Viken/Østfold fylkeskommune, Porsnes Utvikling AS, Plus Arkitektur AS

KONTAKT
Halden vidaregåande skule

Mer om prosjektet

Flyfoto av en campus med flere mursteinsbygninger, en parkeringsplass med biler, en ås med trær i bakgrunnen og en elv synlig til høyre.
Et moderne, åpent interiør med stor takhøyde, store vinduer, trapper og hengende lamper, sett fra et øvre plan med utsikt over området nedenfor.

Eit mellombygg mellom bygningane på bildet vart fjerna, slik at ein fasade vart frigjort og ein fekk meir dagslys inn i bygningen. Eit nytt materiallager for byggfag har fått plass på utsida. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Skulen får attendemeldingar frå elevane på at dei trivst godt i bygningen, med god akustikk, lun fargebruk, mykje takhøgde og lys.Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Papirfabrikken Norske Skog Saugbrugs ligg i Halden og er i dag ein del av konsernet Norske Skog. Verksemda vart etablert i 1859 som aksjeselskapet Saugbrugsforeningen, men har røter i den Fredrikshaldske Saugbrugercorporation, med fleire hundre års historie. Fabrikken var lenge Norges største sagbruk, ein av dei største trelasteksportørane og ein stor skogeigar.

På 1900-talet vart drifta lagt om til papirproduksjon. I dag har fabrikken to papirmaskiner og produserer om lag 355 000 tonn magasinpapir årleg, og er ein av verdas største produsentar på dette området. Saugbrugs er den eldste treforedlingsfabrikken i landet som framleis er i drift.

En sykehusavdeling med flere tomme senger, innsynsgardiner, store vinduer og naturlig lys som fyller rommet.
Et musikkklasserom med piano, musikkutstyr, stoler, akustiske paneler på veggene og et stort vindu med utsikt over bygningene utenfor.

Eit mellombygg mellom bygningane på bildet vart fjerna, slik at ein fasade vart frigjort og ein fekk meir dagslys inn i bygningen. Eit nytt materiallager for byggfag har fått plass på utsida. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Skulen får attendemeldingar frå elevane på at dei trivst godt i bygningen, med god akustikk, lun fargebruk, mykje takhøgde og lys.Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Etterspurnaden etter magasinpapir har gått ned dei siste åra, og produksjonen har vorte redusert. Dette førte til at delar av bygningsmassen vart ståande tom. Samstundes var daverande Viken fylkeskommune på leiting etter sentrumsnære areal for å samlokalisere meir av linjetilbodet til Halden vidaregåande skule. Etter vurdering av fleire alternativ, vart løysinga å bygge om den vestre delen av papirfabrikken.

Den eldste delen er frå 1913, medan den nyare vart oppført i 1959. Ombygginga omfattar mellom anna delar av lagerhall og tidlegare produksjonslokale frå papirfabrikken. Bygningskroppen er massiv, og det var ei utfordring å få inn nok dagslys.

Eit eldre mellombygg mellom fabrikken og det som nå er skulen, vart fjerna. Dette frigjorde fasade og gjorde det mogleg å sleppe meir lys inn i bygningen.

Eit viktig arkitektonisk og praktisk grep var å opne opp eit sentralt trapperom. Med overlys frå sagtaket får ein dagslys inn også i dei indre areala. Trapperommet bind bygningen saman både horisontalt og vertikalt, og fungerer samstundes som møteplassar. Sjølve trappa er i tre – eit naturleg materialval for dette store, nye elementet. Materialet er berekraftig, gir god akustikk og lun atmosfære, og har samstundes ei kopling til industrihistoria på staden.

Skulen har linjetilbod innan bygg og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, musikk, dans og drama, teknologi og industrifag, og helse- og oppvekstfag, med plass til 400 elevar. På kveldstid fungerer skulen som kulturarena for byen. Funksjonar som kantine, bibliotek og idrettshall finst frå før i skulebygningen på andre sida av vegen.

Dei ulike yrkesfaga krev mange spesialrom. Bygningen sin robuste karakter har tolt røffe grep innvendig, slik at alle naudsynte funksjonar har fått plass, trass nokre utfordringar med til dømes betongsøyler midt i rom. Lyd var ei anna utfordring, løyst med lydveggar, absorbentar og doble dører til dei mest utsette romma. Men på kjøpet har ein òg fått fordelar som rause takhøgder og kvalitetar som ein ikkje ville ha fått til i eit nybygg.

Fasaden er bygd opp på nytt. Betongkonstruksjonen vart etterisolert etter riving av den eldre teglforblendinga, før bygningen vart kledd med ny tegl. Dermed fekk bygningen eit uttrykk svært likt det opphavlege.

Det er stor verdi i å bruke betongkonstruksjonen vidare med tanke på klimaavtrykk. I praksis er bygningen eit nybygg innvendig, noko som gjorde tekniske løysingar og universell utforming enklare. Bygningen blir varma opp med overskottsenergi frå papirfabrikken.

Skulen har vorte moderne, funksjonell og miljøvenleg. Identiteten til industribygningen er likevel bevart både inne og ute, og koplinga til papirfabrikken er framleis tett – både fysisk og fagleg. I 2023 vart prosjektet heidra med Arnstein Arnebergprisen, Østfold Arkitektforeining sin pris for framifrå arkitektur.

Romslig industriverksted med ulike metallbearbeidingsmaskiner, arbeidsbenker, traverskran og ventilasjonskanaler, godt opplyst av naturlig og kunstig lys.
Betongsøylene var ei utfordring i einskilde av romma, men innreiing og bruk er tilpassa best mogleg, slik at romma likevel fungerer godt. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkter

  • Dialog mellom næringsliv og offentlege aktørar kan føre til løysingar som er tenlege for begge partar, både på stutt og lang sikt.
  • Ombruk av eksisterande betongkonstruksjonar gir lågare klimaavtrykk og bevarer identitet.
  • Robuste industribygningar kan tole større innvendige tilpassingar for til dømes spesialrom og tekniske krav.
  • Medviten material- og fargebruk på nye element kan gi varme og ein lunare karakter til røffe industrilokale.
  • Ved å sjå etter ulike løysingar for å opne opp, kan ein få inn tilstrekkeleg med dagslys, sjølv i massive industribygningar.
I en kafeteria med oransje vegger og gulv står langbord med planter på hvite rammer, omgitt av oransje stoler, ved siden av store vinduer.
I tillegg til undervisingrsom, er det fleire forskjellege opphaldssoner i bygningen.
En moderne gang med sittegruppe, inkludert en blå sofa, runde bord og krakker, ved siden av opplyste veggpaneler med blått strukturmønster.
I tillegg til undervisingrsom, er det fleire forskjellege opphaldssoner i bygningen.
Et moderne verksted med høye bord og krakker, diverse verktøy og utstyr, datamaskiner og hyller, under sterke taklamper.
Skulen har linjetilbod mellom anna innan bygg og anleggsteknikk, elektro og datateknologi.
Et oppholdsrom med bordtennisbord, runde bord med krakker, en blå sofa og et bordfotballbord på et rødt gulv.
I tillegg til undervisingrsom, er det fleire forskjellege opphaldssoner i bygningen.

Lignende eksempler