Ombruk

Renessanse som restaurant

Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Etter litt over 100 år som maskinverkstad for Tromsø Skipsverft, fekk bygningen ein renessanse som restaurant. Ein omfattande istandsettingsprosess og gode tilpassingstiltak gjorde at bygningen kunne få ein ny bruk etter at verftsverksemda vart flytt.

ADRESSE
Nordøstpassasjen 49, Tromsø

VERNESTATUS
Regulert til vern

PROSJEKTET
LPO Arkitekter, TotalRenovering

KONTAKT
Totaleiendom

I samband med istandsettinga vart det etablert ein ny stålkonstruksjon utanpå den eksisterande bygningen for å sikre stabilitet og bereevne. Dette gjorde samstundes utvendig etterisolering mogleg. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Utvendig etterisolering av veggane og isolérglas innanfor dei gamle vindauga gir lune lokale. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Tromsø Skipsverft vart etablert i 1848 og blir rekna som den fyrste industrielle arbeidsplassen i byen. Rundt hundreårsskiftet auka aktiviteten vesentleg, mellom anna som følgje av overgangen til dekte fiskefartøy og auka kvalfangst i Nordishavet. I 1911 vart det bygd ein maskinverkstad med smie, som framleis står i dag.

Verftet hadde varierande drift gjennom 1900-talet, med fleire konkursar og nyetableringar. I 2001 vart Tromsø Mekaniske AS etablert, som ei vidareføring av verksemda. I 2017 vart produksjonen flytta til nye industrilokale på nordspissen av Tromsøya.

Området der det opphavlege verftet låg, vart i åra før dette regulert for byutvikling. Fleire bygningar vart rivne, men maskinverkstaden frå 1911 vart regulert til bevaring og har fått ny bruk som restaurant i det som nå har vorte ein ny bydel med bustader og andre funksjonar.

Den nybygde mesaninen gir ekstra serveringsareal og nokre meir intime rom med lågare takhøgde. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Dei gamle travers- og heisekranene fungerer som oppheng for lyd og lys. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Før arbeidet med istandsetting og ombruk tok til, var bygningen i dårleg teknisk stand. Fasaden var kledd med plater, og den originale betongkonstruksjonen viste teikn til nedbryting. Fløya mot aust var tidlegare riven, og bygningen framstod som fragmentert og prega av seinare inngrep.

I samband med istandsettinga vart det etablert ein ny stålkonstruksjon utanpå den eksisterande bygningen for å sikre stabilitet og bereevne. Dette gjorde samstundes utvendig etterisolering mogleg. Den tidlegare austfløya vart rekonstruert, basert på historisk dokumentasjon. Vindauge som hadde vore fjerna eller tildekte, vart attendeførte i tråd med bygningens opphavlege uttrykk. Fasaden vart kledd med pussa isolasjonsplater, og den historiske fargebruken på ytterveggane vart rekonstruert.

Bygningen er no i bruk som restaurant der det òg blir heldt konsertar, konferansar og andre arrangement. Det er gjennomført ei rekkje tiltak for å tilpasse lokalet til ny funksjon. I nordenden av bygningen er det oppført eit tilbygg som rommar tekniske installasjonar, kjøkken og støttefunksjonar. Ein nybygd mesanin gir auka bruksareal, og ein matheis gjer servering på dette planet meir effektivt. Det er installert moderne PA-utstyr for lyd, lys og audiovisuelle behov, der den originale traverskrana er nytta som oppheng for delar av utstyret. For å betre akustikken er det montert lydplater i himlinga mellom betongdragarane. I tillegg er lokalet møblert med trekte stolar, og saman med store gardiner hjelp dette for å dempe støy. Oppvarming av lokalet skjer via fjernvarme.

Uteområdet er møblert med gjenstandar frå verftstida, som er tekne i bruk som skulpturelle element og møblar, og bidreg til å formidle bygningen si industrielle historie. Restauranten vart opna før resten av utbyggingsområdet var ferdigstilt, og fungerer som ein aktiv del av bylivet i området.

Mot nord er bygningen utvida med eit tilbygg under bakken som rommar kjøkken og tekniske rom. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Uteområdet er møblert med fleire ombrukte gjenstandar frå verftstida. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Å ta vare på historiske bygningar gir karakter til område som elles er prega av nybygg.
  • Arkitekt har vore nyttig for å gjera gode overordna grep med bygningen.
  • Bygningen er tilrettelagt for forskjelleg type bruk tilstøytande restaurantdrifta.

Lignende eksempler