Om prosjektet
Fossesholm er eit av dei best bevarte rokokkoanlegga i landet, og verneverdien ligg like mykje i interiøra som i bygningskroppen. Dei handmåla og handtrykte tapeta, den måla dekoren og den faste innreiinga kan ikkje erstattast. Eit tiltak som skulle sikre bygningen mot brann måtte difor samtidig sikre desse verdiane mot sjølve sikringstiltaket. Eksempelet viser at brannsikring i verna bygningar er ei avveging mellom ulike former for risiko, og ikkje eit val mellom sikring og inga sikring.
VERNESTATUS
Fredet
ADRESSE
Fossgata 49, Vestfossen
PROSJEKTET
Buskerudmuseene, Fire Eater AS
FERDIGSTILT
2012
KONTAKT
Buskerudmuseene
Historikk
Fossesholm herregard ligg på Vestfossen i Øvre Eiker, om lag 500 meter sør for utløpet av Vestfosselva i Fiskumvatnet. Det freda anlegget omfattar hovudbygningen, to sidebygningar, posthus, steinfjøs og tømmerfjøs, i tillegg til to tilflytta bygningar. Bygningane dannar eit firkanta tun med borggard og ladegard, med klokketårnet som naturleg midtpunkt.
Historia tek til på 1540-talet, da det vart samla eit omfattande gods i nedre del av Drammensvassdraget med skogbruk, sagbruksdrift og trelasthandel som grunnlag. Foss var ein sentral del av den tidlege industrielle utviklinga knytt til sagbruksnæringa i Noreg, og på 1600-talet fekk eigedomen namnet Fossesholm. Frå 1763 vart garden bygd kraftig ut og utvikla til eit storslått herregardsanlegg i rokokkostil, med ein hovudbygning inspirert av europeiske slott og herregardar, tilpassa norsk byggjeskikk og tre som materiale, og med interiør rikt dekorert med handmåla og handtrykte tapet.
Etter Napoleonskrigane vart godset selt på auksjon og delt opp i 1822, og på 1900-talet gjekk fleire av bygningane tapt. I 1973 kjøpte Eiker Historielag bygningane og eit område på 22 mål. Fossesholm er i dag eit av dei best bevarte rokokkoanlegga i landet og eit museum som formidlar storgardsdrift, trelasthandel og samfunnsutvikling i Drammensvassdraget.
I «Storstuen» er dysene til vanleg skjult bak stolane til høgre for omnen. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Utfordringar og løysing
Hovudbygningen var frå før sikra med eit tradisjonelt sprinklaranlegg. Med rikt dekorerte interiør og handmåla og handtrykte tapet var det uro for at vatn skulle gjere større skade enn sjølve brannen, både ved falsk utløysing og som følgjeskade etter eit eventuelt branntilløp. Utfordringa var difor å få eit fullverdig sløkkjeanlegg utan å utsetje kunsten og dekoren for vatn.
Løysinga vart eit sløkkjeanlegg med gass inne i bygningen, medan sprinklar vart vidareført i svalgangen. Sløkkjegass verkar ved å fortrengje oksygenet i rommet, slik at brannen sloknar utan bruk av vatn, og interiøra vert dermed ikkje utsette for vasskadar.
Gassanlegget gir stor fleksibilitet i plassering og tilpassing av dysene. Det er montert ei til to dyser per rom, plasserte i golvet, noko som gir korte føringsvegar frå gasslageret i kjellaren og ingen synlege røyr i dei dekorerte romma. Dyser kan òg plasserast på veggar eller i himlingar i rom der det er meir eigna, og gøymast dels bak møbel så lenge luftstraumen er fri.
Anlegget vert utløyst av detektorar i himlingane, og to detektorar må gi utslag før sløkkjeanlegget vert aktivert. Det reduserer risikoen for falsk utløysing. Trykk og gassmengd er tilpassa volumet og tettleiken i bygningen. Tettleiken vart funnen ved å trykkteste bygningen, slik at anlegget held nødvendig gasskonsentrasjon lenge nok til å sløkkje.
Kombinasjonen av gass innvendig og sprinklar i svalgangen gir bygningen god brannsikring, samstundes som interiøra og dei faste dekorasjonane ikkje står i fare for å bli øydelagde av sløkkjevatn.
I «Storstuekammerset» er dysa plassert i hjørnet bak døra. Kvit detektor i himlinga over. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Kvit detektor i himling og dyse på golvet ved pilaster gjer lite ut av seg i rommet «Dagligstuen». Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Læringspunkt
- I bygningar med sårbare interiør kan sløkkjegass gi fullverdig brannsikring utan risiko for vasskadar, verken ved brann eller ved falsk utløysing.
- Sikringa kan delast etter kva rommet toler. Her er det gass der interiøra er mest verdifulle, og vidareført sprinklar i svalgangen.
- Dysene kan plasserast skjult i golv, veggar eller himlingar utifrå plassering av gasslager og kvart rom sine eigenskapar, slik at det blir korte føringsvegar og ingen synlege røyr i dei dekorerte romma.
- Trykktesting gav grunnlaget for å dimensjonere trykk og gassmengd, og kravet om utslag frå to detektorar reduserer risikoen for utilsikta utløysing.






