Om prosjektet
Holmsbu Kunstmuseum syner korleis dagens krav til brannsikring og rømming kan innarbeidast i eit freda kulturminne utan å bryte med arkitekturen eller landskapet. Dei nye rømmingsvegane er utforma med stor omsorg for den prisvinnande granittarkitekturen og det freda skogsområdet omkring. Resultatet er kunstferdige sikringstiltak som oppfyller moderne tryggleikskrav, samstundes som ein opplever dei som ein naturleg del av det opphavlege anlegget.
VERNESTATUS
Fredet
ADRESSE
Akershus festning, Oslo
PROSJEKTET
Asker kommune, Akershus fylkeskommune, Museene i Akershus, Asplan Viak AS, Honeywell Life Safety AS, Bryn Byggklima AS, Finstad & Jørgensen AS, Lefdal Installasjon AS, Assemblin AS, Malermester Buer AS, Håkonsen og Sukke Landskapsentreprenør AS, Pedersen Smie og Sveiseverksted AS
FERDIGSTILT
2026
KONTAKT
Asker kommune
Bygningen ligg ein kort gåtur opp i skogen, og har ei lukka og borgaktig kjensle, med fasadar i granitt hogd ut av staden han er bygd på. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Hovuddøra er endra slik at ho slår utover, men har elles same uttrykk som før. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Historikk
Holmsbu var kunstnarkoloni i 50 somrar, frå 1911 til 1961, og den lengstlevande av dei norske kunstnarkoloniane. Stiftarane var Oluf Wold-Torne, Thorvald Erichsen og Henrik Sørensen, og Sørensen vart etter kvart den mest profilerte kunstnaren i miljøet. Det var professor Sven Oluf Sørensen, son av Henrik Sørensen, som i 1963 tok initiativ til å etablera museet. Han gav bort eigedomen og delar av faren si kunstsamling til museet. Museumsbygningen vart reist på dugnad og i stor grad med handkraft av folk frå Holmsbu over ein tiårsperiode, og det stod ferdig i 1973. Bygningen er teikna av arkitekt Bjart Mohr og ligg i ei vestvend, skogkledd skråning mot Drammensfjorden. Han er L-forma og delt i fire kubar som følgjer terrenget, med lukka veggar av granitt hoggen ut av kløfta bygningen står i.
Museumsbygningen fekk Houens fonds diplom for framifrå arkitektur i 1983, og bygningen og skogsområdet omkring vart vedtaksfreda av Riksantikvaren i 1994, som eit eksempel på spesielt god nyare norsk arkitektur. Samspelet med omgivnadene var grunnen til at også området rundt vart freda. Museet var tidlegare eigd av ei stifting og drive av Drammens museum under namnet Holmsbu billedgalleri. Sommaren 2024 overtok Asker kommune eigarskapen, og frå 2025 driftar Museene i Akershus (MiA) museet.
Gangvegen utanfor døra er utforma i den same hurumgranitten som resten av murverket, og ser ut som om han alltid har vore slik, til trass for at han er endra frå vadesteinar til samanhengande steinlegging. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Utfordringar og løysing
Museumsbygningen oppfylte ikkje gjeldande krav til brannsikring og rømming. Bygningen har berre to dører: hovuddøra og ei lita dør som er integrert i vindaugsfeltet i ein av utstillingssalane. Hovuddøra slo innover, og den sekundære døra var for låg til å kunne brukast som rømmingsveg. Utfordringa var å oppgradere sikringa i ein freda bygning der både arkitekturen og samspelet med omgjevnadene er ein del av verneverdien, og der vindaugsfeltet er det einaste vindauget i bygningen og hovudblikkfanget i rommet det står i.
Slagretninga på hovuddøra vart snudd, slik at ho no slår utover. Den sekundære døra vart gjord høgare ved å bygge ho om, slik at same detaljering og uttrykk vart vidareført. Fordi vindaugsfeltet er så sentralt i rommet, vart det lagt stor vekt på ei gjennomtenkt løysing som ligg nærast mogleg det opphavlege.
Utanfor den sekundære døra låg japansk-inspirerte vadesteinar i vatnet. Av sikringsomsyn vart desse lagde om til ein samanhengande gangveg i same type stein, integrert med det eksisterande murverket. Frå gangvegen vart det etablert ei rømmingstrapp ned til terrenget. Trappetrinna er i tre, rekkverket har farge tilpassa omgjevnadene, og det vart hogge minimalt med tre for å få plass til tiltaket.
Samla sett er tiltaka tilpassa den lukka granittarkitekturen og det nære samspelet med terreng og skog, slik at ein les dei nye rømmingsvegane som ein del av det opphavlege anlegget.
Den nye rømmingstrappa ned til terreng har farge- og materialbruk tilpassa omgjevnadene. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Læringspunkt
- Rømmingskravet til hovuddøra vart løyst ved å snu slagretninga, eit lite inngrep som ikkje endrar det ytre uttrykket.
- Den andre rømmingsvegen vart etablert ved å gjera tilpassingar i ei sekundær dør, samstundes som det opphavlege uttrykket vart teke vare på.
- Sikker rømming frå bygningen og ned på terreng vart etablert gjennom gode tilpassingar av utomhuselement, tilpassa opphavleg materialbruk og uttrykk.
- God dialog mellom eigar, drivar og fylkeskommunen har vore avgjerande for dei gode løysingane.






