
Om prosjektet
Rett ved eitt av dei mest trafikkerte vegkryssa i Oslo er ein vand med mykje lyd. Likevel kan det vera utfordrande med ein utestad med variert aktivitet tett på bustadar. Eigarane har teke grep både i form av fysiske tiltak og rutinar som reduserer lydpåverknaden.
ADRESSE
Trondheimsveien 113, Oslo
VERNESTATUS
Vernet etter PBL
PROSJEKTET
ORO Living, Kima Arkitektur, OP Bygg, Pro Partners, Byantikvaren
KONTAKT
ORO Living v/Emil Varner Tingulstad
«Arena» er lokalet der det mellom anna blir synt fram fotballkampar på storskjerm. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Det er etablert ei lydsluse framfor utgangen frå lokalet «Arena». Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Historikk
I 1907 flytta Progress Verktøimaskinfabrik A/S frå Bentse Bruk til Trondheimsveien 113 ved Carl Berners plass. Dei dreiv jarnvareindustri, med mellom anna produksjon av maskinar til bruk om bord i skip. I 1918-19 vart fabrikken, etter oppkjøp av nabotomter, kraftig utvida med ein stor monteringshall. Det er i denne hallen vi i dag finn utestaden Carls. Fabrikken produserte mellom anna dreiebenker, fresemaskinar, boremaskinar og slipemaskinar.
I 1950-åra spesialiserte Progress seg på produksjon av mellom anna tannhjul til bruk i oljenæringa, og namnet vart endra til Progress Tannhjul- og Maskinfabrikk i 1962. Dei seinare åra har verksemda spesialisert seg på framdriftsutstyr til båtar og mindre skip.
Frå 1996 til rundt 2016 fungerte bygningen mellom anna som apotek og lager for elektrovarer. Teglhallen representerer siste rest av industrihistoria kring Carl Berners plass. I 2024 opna utestaden Carls i bygningen, etter rehabilitering med fokus på ombruk i tråd med bygningen sin identitet.
Utfordringar og løysing
Eigarane var tidleg merksame på utfordringa med å ha ein stor utestad midt i eit område med mange hundre bustader tett på. Dei gjorde difor fleire fysiske tiltak for å redusere lydnivået utanfor bygningen, og dei etablert fleire rutinar som òg er med på å redusere påverknaden på nærmiljøet.
Eit viktig fysisk grep har vore finjustering av både lydutstyr og akustikk. Det er montert fleire høgtalarar for å fordele lyden godt i lokalet, heller enn å spele høgare. Tiltak for å få kontroll på akustikken, har mellom anna vore å montere treullplater i himlingar.
Murkonstruksjonen vil i seg sjølv dempe lyden ein del. Dessutan hjelper tiltak som er gjort med etterisolering av tak og innsetting av isolerglas òg på lyden.
Eit av lokala, som mellom anna syner fotballkampar på storskjerm, har ein direkte utgang. For å redusere støy ut frå dette lokalet, er det etablert ei lydsluse, med isolert vegg og dør mellom lokalet og ytterdøra.
Ein viktig rutine er at det blir gjort lydprøver før alle konsertar og større arrangement for å justere lyden til eit riktig og ikkje for høgt nivå. Det er også laga rutiner der ein person – «avviklar» – er ansvarleg for nabolagskontakt ved kvart arrangement. Hen tek hand om informasjon på førehand, og er kontaktperson før, under og etter arrangement. Carls er ikkje ope til seinare enn kl. 01.00 i helgene, og stenger tidlegare på vekedagar.
Fleire mindre grep, både fysiske og rutinemessige, har redusert lydpåverknaden som utestaden har på nabolaget. Dette har ein fått til utan at det har gått ut over kvaliteten på tilbodet, eller verneverdiane til bygningen.
Læringspunkt
- God kontroll på lyd, gjennom riktig akustikk og mange nok høgtalarar spreidd rundt i lokalet, reduserer kor høg musikk ein treng å spele.
- Tiltak som er positive for å redusere varmetap, er òg bra for å redusere støy til omgjevnadene, slik som etterisolering, sluser/sonedeling og isolerglas.
- Gode rutinar for lydprøver gjer at lyden ikkje blir høgare enn naudsynt.
- God kommunikasjon med nabolaget syt for at det blir gitt informasjon før arrangement. Dette gjev moglegheiter for dialog og innspel frå bebuarane.