Om prosjektet
I arbeidet med å gjere Bodø Sparebank frå 1949 om til kunstmuseum, har tekniske installasjonar vorte løyst på ein måte som både tilfredsstiller museumsfaglege krav og tek omsyn til bygningens verneverdi. Ventilasjon og oppvarming er dimensjonert for ny bruk, og installert med stor omsut for estetikk og funksjon. Gamle tekniske rom på loftet er vidareført, og nye føringar er lagt skjult for å bevare romoppleving og unngå støvsamlande flater. Resultatet er eit moderne inneklima i ein bygning med historisk uttrykk.
VERNESTATUS
Regulert til bevaring
ADRESSE
Storgata 40, Bodø
PROSJEKTET
Torsteinsen Design, Norconsult
KONTAKT
Nordnorsk Kunstmuseum
Ventilasjonstårnet er trekt langt inn på taket, slik at det ikkje er synleg frå gata. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Historikk
Bodø Sparebank frå 1949 er teikna av gjenreisingsarkitektane Reidar Winge Lund og Arne Pedersen. Bygningen representerer funksjonalistisk gjenreisingsarkitektur, og ligg i eit område med nasjonal kulturmiljøverdi i dag. Den tidlegare sparebankbygningen brann ned under bombinga av Bodø i 1940.
I 1969 kom eit einetasjes tilbygg mot sør, i forlenginga av den sørlege fløya til den opphavlege hovudbygningen. Dette tilbygget var teikna av Per Andreas Hofstad, og blir i dag oppfatta som ein del av heile den låge mellomfløya. I 1982 vart banken utvida med eit tilbygg i fire etasjar mot Dronningens gate, som gjorde at komplekset nå dekker heile kortsida av kvartalet.
Bygningen fungerte som bank fram til 2019. Det hadde i lengre tid vore ein prosess for å etablere ei avdeling av Nordnorsk Kunstmuseum i Bodø. Etter fleire vurderingar vart den gamle bankbygningen vald som lokale, og i 2024 byrja arbeidet med å setta i stand og bygge om bygningen til kunstmuseum.
Utfordringar og løysing
Grunna alderen på anlegget, kunne ikkje noko av det tidlegare ventilasjonsanlegget brukast om att. Dessutan laut det dimensjonerast for den nye bruken, og installerast slik at det kunne tilfredsstille museumsfaglege krav.
Dei nye føringane vart lagt skjult i ustillingsareala, for å ikkje ta for mykje merksemd i romma, og for å unngå flater som kan samle støv.
Det som derimot kunne brukast vidare var tekniske rom plassert på loftet. Dette var nyttig både for å skjule tekniske anlegg, og for å sleppe støy inne i museumsareala.
Ventilasjonen er kombinert med oppvarming i form av luft-til-vatn varmepumpe. Det er installert to store varmepumper, slik at den eine kan reverserast for kjøling ved behov. Det er i tillegg etablert eit vassbore varmesystem med varme i golv i utstillingane og radiatorar i andre delar av lokalet. Dette gir god og stabil varme, samtidig som museet kan ha heilt slette veggar utan installasjonar.
Ventilasjonshettene som til slutt vart valt i utstillingslokala er eit kompromiss mellom funksjon og estetikk. Lokale for kunstutstilling har strenge krav til både sikkerheit og inneklima, og dermed blir utvalet av utforming på denne typen delar noko meir avgrensa.
Læringspunkt
- Eksisterande tekniske rom på loftet kunne nyttast vidare og bidrog til å redusere støy i utstillingsareala.
- Kombinasjon av varmepumper og vassboren varme gir stabilt inneklima og slett veggflate utan synlege installasjonar.
- Ventilasjonshettene i utstillingsromma er utforma som kompromiss mellom funksjon og estetikk, tilpassa museumsfaglege krav.



