
Om prosjektet
Rehabiliteringa av Sandnes gamle rådhus viser korleis universell utforming kan løysast i verna bygningar utan store inngrep. Her dekka ikkje heisen alle etasjar i utgangspunktet. Ved å bruke eksisterande heissjakter på smarte måtar fekk ein tilgjenge til alle etasjar, samstundes som bygningen sine verneverdige kvalitetar vart tekne vare på.
ADRESSE
Jærveien 33, Sandnes
VERNESTATUS
Verna etter PBL (eksteriør og delar av interiør)
PROSJEKTET
Alexandria Algard architects, Consto
KONTAKT
Alexandria Algard architects
Sjette etasje: Før rehabiliteringa gjekk dei to eksisterande heisane berre opp til femte etasje, og det mangla dermed tilgjenge til sjette etasje. Løysinga vart å installere ein løfteplattform i det tidlegare heismaskinrommet til den sekundære heissjakta. Foto: Alexandria Algard architects
I underetasjen vart den sekundære heissjakta opna og brukt til å etablere gjennomgang til gjestetoalett. Foto: Alexandria Algard architects
Historikk
Sandnes gamle rådhus, opphavleg bygd som Høyland rådhus, stod ferdig i 1961 og er teikna av arkitektane Gustav Helland og Endre Aarreberg. Da Sandnes vart slått saman med nabokommunane i 1964, fekk bygningen namnet Sandnes rådhus. Bygningen står i hovudsak fram som autentisk og typisk for 1960-talets offentlege arkitektur.
Bygningen er utforma som ei smal høgblokk i seks etasjar pluss underetasje, med ei lågare fløy i to etasjar. Inngangspartiet i hjørnet er utsmykka med Høylandsfrisa i bronse og messing, laga av bilethoggaren Tone Thiis Schjetne. Interiøret har fleire bevarte detaljar, som vindeltrapp, glasbyggjarstein i trappegangen og bystyresal med sandblåste steinveggar og originale teakmøblar.
Bygningen var i bruk som administrasjonsbygg for Sandnes kommune fram til 2019, da kommunen flytta inn i nye lokale. I samband med dette vart rådhuset seld til ein privat eigar. I 2024 vart bygningen rehabilitert og teke i bruk på nytt, med vekt på ombruk av eksisterande konstruksjonar og materialar. Prosjektet har teke vare på bygningen sitt arkitektoniske uttrykk og kulturhistoriske verdi, samstundes som det er tilpassa nye funksjonar. I dag er Mestringsenheten i Sandnes kommune leigetakar i bygningen.
Fasadar og parken omkring bygningen er verna. Det same gjeld delar av interiøret; inngangspartia, foajé, bystyresal og begge trapperom (med heisfrontar).
Det er gitt dispensasjon for høgde og avstand mellom balustrar i rekkverket i den verna hovudtrappa. Inn mot veggen er rekkverket elegant forlenga. Arbeidet er utført på staden av ein lokal smed. Fare- og merksemdsmarkeringar i messing er limt til terrazzogolvet. Foto: Mari Hult, Alexandria Algard architects
Det var viktig å bevare dei arkitektoniske kvalitetane i hovudtrapperommet og samtidig løyse behova for sikring og universell utforming. Foto: Alexandria Algard architects
Utfordringer og løsning
Ved rehabiliteringa av Sandnes gamle rådhus var det ei utfordring å greie å oppfylle krava til universell utforming. Før rehabiliteringa gjekk dei to eksisterande heisane berre opp til femte etasje, og det mangla dermed tilgjenge til sjette etasje. Løysinga måtte ta omsyn til bygningen sine verneverdige kvalitetar, og inngrep i verna areal måtte minimerast.
Løysinga vart å vidareføre den eine heisen som hovudheis, medan den andre heissjakta vart omdisponert for å løyse fleire behov knytt til tilgjenge og teknisk infrastruktur. Mellom femte og sjette etasje vart det installert ein løfteplattform i det tidlegare heismaskinrommet til den sekundære heissjakta. I underetasjen vart den sekundære sjakta opna og brukt til å etablere gjennomgang til gjestetoalett. Resten av sjakta vart nytta til tekniske føringar. På denne måten har alle etasjar vorte tilgjengelege utan å gjere vesentlege inngrep i bygningen.
Det er etablert nye, universelt utforma toalett i kvar etasje. Desse er plassert saman med dei andre toaletta, slik at det er like lett å finne fram til desse.
Tiltaka for tryggleik vart løyste med enkle grep, som å heve eller forlenge rekkverk og sette inn fleire messingbalustrar der det var fare for fall. Dette arbeidet vart utført på staden av ein lokal smed. Desse justeringane av rekkverka er svært god integrerte med det originale, slik at endringane er lite synlege.
Farefelt og merksemdsfelt vart merkte med markørar i messing limt til terrazzogolva.
På eit par område i trapperommet vart det søkt om og gitt dispensasjon frå tekniske krav til sikring grunna verneomsyn. Det eine gjaldt høgda på rekkverket i hovudtrappa, som var målt til 88,4 cm frå trinnforkant. Dette er eit avvik på 16 mm frå minimumskravet. Det vart vurdert som ubetydeleg og ikkje vesentleg for tryggleiken. Det andre var mellomrommet mellom spilene i trappa, som er 5 cm større enn kravet på 10 cm. Her var vurderinga at utforminga av hovudtrappa er heilt sentral i dei verna interiøra og difor ikkje bør endrast. I tillegg er brukargruppa i bygningen vaksne menneske som ikkje vil ha risiko for fall gjennom rekkverket. Om bruken av bygningen blir endra slik at barn blir ein del av brukargruppa, må ein gjere ei ny vurdering.
Læringspunkter
- Bygningen hadde to heissjakter, som gjorde det mogleg å nytte den eine til å løyse utfordringar knytt til både tilgjenge og teknisk infrastruktur.
- Løfteplattform er eit lite inngripande tiltak som kan fungere godt der ein berre manglar tilgjenge mellom to etasjar.
- Heving av eksisterande rekkverk er eit enkelt tiltak for å oppfylle krav til tryggleik.
- For det verna hovudtrapperommet vart det gitt dispensasjon frå tekniske krav til tryggleik, der det vart vurdert at dette ikkje gjekk vesentleg utover tryggleiken.