Om prosjektet
Transformasjonen av den tidlegare Bodø Sparebank til kunstmuseum viser korleis universell utforming kan løysast på ein måte som både tek vare på bygningens verneverdi og sikrar likeverdig tilkomst. Ved å plassere ny heis rett ved hovudinngangen, og nytte mindre verdifulle rom til heissjakta, har ein oppnådd god funksjonalitet utan store inngrep.
VERNESTATUS
Regulert til bevaring
ADRESSE
Storgata 40, Bodø
PROSJEKTET
Torsteinsen Design, Norconsult
KONTAKT
Nordnorsk Kunstmuseum
Ved hovudinngangen kjem ein raskt til heisen. Kontrastmarkeringar i svart harmonerer med rekkverket. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Heisen vart plassert i eit sekundært areal ved sidan av hovudtrappa, slik at det er enkelt for alle å orientere seg i bygningen. Plasseringa av heisen gjer at viktige publikumsareal som kafé og festsal i andre etasje er tilgjengelege også når resten av museet er stengt. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Historikk
Bodø Sparebank frå 1949 er teikna av gjenreisingsarkitektane Reidar Winge Lund og Arne Pedersen. Bygningen representerer funksjonalistisk gjenreisingsarkitektur, og ligg i eit område med nasjonal kulturmiljøverdi i dag. Den tidlegare sparebankbygningen brann ned under bombinga av Bodø i 1940.
I 1969 kom eit einetasjes tilbygg mot sør, i forlenginga av den sørlege fløya til den opphavlege hovudbygningen. Dette tilbygget var teikna av Per Andreas Hofstad, og blir i dag rekna som ein del av heile den låge mellomfløya. I 1982 vart banken utvida med eit tilbygg i fire etasjar mot Dronningens gate, som gjorde at komplekset nå dekker heile kortsida av kvartalet.
Bygningen fungerte som bank fram til 2019. Det hadde i lengre tid vore ein prosess for å etablere ei avdeling av Nordnorsk Kunstmuseum i Bodø. Etter fleire vurderingar vart den gamle bankbygningen vald som lokale, og i 2024 byrja arbeidet med å setta i stand og bygge om bygningen til kunstmuseum.
Dei eldste delane av bygningen vart oppført med ein kombinasjon av bindingsverk og betong. Den nyaste delen, frå 1980-talet, er bygd med betong i etasjeskiljarar og reisverk, og har fasadar med prefabrikkerte betongelement.
Utfordringar og løysning
Tilpassing til universell utforming var eitt av dei viktige krava som måtte oppfyllast i arbeidet med å gi bygningen ny bruk som kunstmuseum. Hovudinngangen ligg nær bakkeplan og hadde frå før berre to låge trinn. God plass på sida av inngangen gjorde det mogleg å etablere ei rampe som vart integrert i den ombygde trappa. Trappa fekk samtidig større repos, lyssetting og taktil merking, slik at ho oppfyller krav til trygg og tilgjengeleg ferdsel.
I 1980-talsdelen av bygningen fanst det frå før ein heis som kunne vidareførast. Etter naudsynt istandsetting vart denne resertifisert og teken i bruk.
Vidare vart det etablert ei ny heis i gangen innanfor hovudinngangen. Denne heisen gir tilgang til både første og andre etasje. Det at heisen er plassert rett ved hovudinngangen, gir ein likeverdig tilkomst til resten av bygningen.
Heisen er plassert i eit tidlegare garderobe- og lagerrom, og er godt tilpassa bygningen både funksjonelt og visuelt. Plasseringa av heisen gjer at viktige publikumsareal som kafé og festsal i andre etasje er tilgjengelege også når resten av museet er stengt.
Det var hovudinngangen som hadde dei største behova for universell utforming. Ved å ta kloke val når det kom til plassering av rampe og heis her, var mykje av utfordringa med tilgjenge i resten av bygningen løyst.
Læringspunkt
- Utvendig rampe er plassert slik at ho ikkje forstyrrar fasaden, samstundes som ho gir ein likeverdig tilkomst til hovudinngangen.
- Heis plassert like ved hovudinngangen gir likeverdig tilkomst til alle etasjar.
- Heisen vart plassert i areal som hadde mindre antikvarisk verdi, men samstundes praktisk lokalisert.



