Universell utforming

Likeverdig tilkomst i Bispegården

En stor, mørkebrun trebygning med røde kanter, trapper og en rullestolrampe foran, med trær og snødekte fjell som bakgrunn.
Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Om prosjektet

Bispegården i Tromsø tronar over byen, med fritt syn i mange retningar. Da den beste løysinga for å få universell tilgjenge i bygningen likevel var å plassere heisen i eit tilbygg, laut dette gjerast varsamt og med god tilpassing for å ikkje forstyrre bygningen med den stolte historia.

ADRESSE
Haakon VIIs gate 5, Tromsø

VERNESTATUS
Kommunalt listeført

PROSJEKTET
Arkitektkontoret Amundsen, TotalRenovering

KONTAKT
Nord-Hålogaland bispedømme

Tre personer står utenfor en trebygning; en mann i dress, en kvinne i kjole i døråpningen og en person i militæruniform på en veranda med åpen dør.
En blå dør med diamantmønster er plassert i en brun og rød trebygning, med et dekorativt, svart metallrekkverk foran.

Bispegården i Tromsø fekk ein heilt spesiell funksjon våren 1940, da han i tre veker fungerte som regjeringsbygning for den norske eksilregjeringa under andre verdskrigen. Her er kronprinsen tilbake på bispegården i juli 1945. Foto: Ukjent, Perspektivet Museum.

Opphaveleg var det ei tosidig trapp. For å få på plass rampe, vart den eine sida av trappa gjort om til rampe. Rekkverket vart sett i stand ot utvida langs rampa. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Historikk

Tromsø har vore kyrkjestad heilt frå 1200-talet. Tromsø stift vart skild ut frå Trondhjems stift i 1804, og omfatta heile Nord-Norge. I 1918 vart namnet endra til Hålogaland bispedøme. I 1952 vart bispedømet delt i to, og Nord-Hålogaland bispedøme vart etablert som ei eiga eining.

Tromsø har vore bispesete sidan 1828. Bispegården vart bygd i 1924, og er teikna av August Nielsen og Harald Sund. Fram til ca. 1990 fungerte han som bispebustad i tillegg til kontor. Stilmessig representerer bygningen nordisk nybarokk.

Bispegården i Tromsø fekk ein heilt spesiell funksjon våren 1940, da han i tre veker fungerte som regjeringsbygning for den norske eksilregjeringa under andre verdskrigen. Bygningen, som til vanleg var kontorstad for biskopen i Hålogaland, vart stilt til disposisjon av biskop Wollert Krohn-Hansen etter at kong Haakon VII, kronprins Olav og regjeringa kom til Tromsø. Frå 19. mai 1940 vart fleire departement etablerte i Bispegården, og her vart det halde regjeringskonferansar og statsråd. Statsministeren og fleire statsrådar budde også i bygningen dei fyrste dagane. Etter evakueringa til Storbritannia 7. juni flytta biskopen inn att for å hindre tysk rekvisisjon.

Bispegården si rolle som regjeringssete gjer han til eit viktig symbol på norsk motstand og sjølvstende, og bygningen har vorte restaurert dels i 1940-stil for å ta vare på denne historia.

I staden for å etablere ein innvendig heis, valde ein å bygge eit separat tilbygg med heis. Tilbygget er enkelt utforma, og materialbruk og fargar svarar bispegården. Eit mellombygg i glas gir lys i korridoren inne og gir tilbygget eit lett preg. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

En moderne bygning med mørk trekledning og rød listverk har et høyt vindusparti i glass; i forgrunnen ser man et lite tre og grønt gress.

Utfordringar og løysing

Som ein offentleg og inkluderande arbeidsplass, ønskte Nord-Hålogaland bispedømme å gjere kontorbygningen universelt tilgjengeleg. Kontora er fordelte over to etasjar, og interiøra er verneverdige. Bygningen har heller ikkje meir areal enn det som trengst for aktiviteten som er der. Dette gjorde det utfordrande å plassere ein heis inne i bygningen. Heller ikkje inngangspartiet hadde god tilgjengelegheit.

Løysinga vart å etablere heis som eit separat tilbygg. Slik kunne ein både unngå inngrep i dei verneverdige interiøra, og ein sparte areal inne i bygningen. Heistilbygget er plassert inntil den mest skjerma gavlveggen på bygningen. Det er godt tilpassa med tanke på kledning og fargebruk, og underordnar seg ved å ha ei enklare detaljering. Visuelt er heistilbygget skilt frå Bispegården med glasfelt, slik at det ikkje forstyrrar bygningsvolumet. Glasfelta slepp dessutan ljos innover i gangareala.

I det same prosjektet vart kjellaren rehabilitert og golvet senka med 60 cm. Heisen er òg tilknytt kjellaretasjen, noko som gjer at ein kan ha ein fullverdig bruk av denne etasjen. Det vart òg etablert toalett med universell utforming i bygningen.

Hovudinngangen hadde opphavleg ei tosidig trapp utvendig. Her vart det vald å bygge ei rampe opp på den eine sida, lagt i ein sving. Smijarnsrekkverket vart sett i stand og utvida langs rampa. Ved å gjere tiltak ved hovudinngangen, sikrar ein at alle får ein likeverdig tilkomst til den historierike Bispegården.

Bispegården ligg fint til på ein høgde over byen. Med rampe og heis er bygningen tilgjengeleg for alle. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Læringspunkter

  • Med god tilpassing kan ein etablere rullestolrampe, sjølv i eit historisk inngangsparti.
  • Ein utvendig heis kan vere ei god løysing for å unngå inngrep i verneverdige interiør, og for å spare areal.
  • Universell utforming er positivt med tanke på betre tilgjenge for alle, i tillegg er trinnfri tilgang òg praktisk for varelevering og flytting av større gjenstandar.

Lignende eksempler