Universell utforming

Snakkar same formspråk

Hvit kirke med et høyt, rektangulært tårn og grått tak, plassert på en gressplen med trær og fjell i bakgrunnen.
Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Om prosjektet

Ved Bjerkvik kyrkje har ein løyst universell utforming på ein måte som både tek i vare funksjon og det særprega uttrykket til bygningen. Arkitektane Arnstein Arneberg og Per Solemslie har gjeve kyrkja eit tydeleg formspråk, og i arbeidet med tilgjenge har ein valt å spele vidare på desse kvalitetane. Rampa er utforma som eit godt synleg, men samstundes godt integrert element, med materialbruk og detaljar som harmonerer med kyrkja og omgjevnadene.

VERNESTATUS
Ikke formelt vern

ADRESSE
Rapet 5, Bjerkvik

PROSJEKTET
Narvik kyrkjelege fellesråd, Bratek Ingeniør Sigurd Jensen, Kulturminnecompagniet AS

KONTAKT
Narvik kyrkjelege fellesråd

En bygning med hvite, strukturerte vegger, en steintrapp, store metalldører, potteblomster og en liten utelampe langs stien.
Utsikt fra en steintrapp utenfor en hvit bygning, med trær, gress og en asfaltert sti; i bakgrunnen skimtes fjell under en overskyet himmel.

Trappa er utvida for å få eit større repos, men med same uttrykk som tidlegare. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Historikk

Bjerkvik kyrkje ligg i Bjerkvik sokn i Narvik kommune i Nordland. Kyrkja er ei langkyrkje i betong og tegl, med 320 sitjeplassar. Ho vart teikna av arkitektane Arnstein Arneberg og Per Solemslie, og vigsla 14. august 1955 av biskop Wollert Krohn-Hansen. Bygginga starta i 1952, og alterbiletet er måla av Axel Revold.

Den fyrste kyrkja i Bjerkvik gjekk tapt natta mellom 12. og 13. mai 1940, da britiske krigsskip skaut Bjerkvik i brann. Dette skjedde etter at Bjerkvik og Elvegårdsmoen vart okkupert av tyske styrkar under angrepet på Noreg 9. april 1940. I alt vart 140 bygningar øydelagde, og 18 sivile omkom. Seinare same dag gjenerobra franske framandlegionærar Bjerkvik og Elvegårdsmoen i det som vart dei allierte si første landgangsoperasjon under andre verdskrigen. Bjerkvik var strategisk viktig som innfallsport til Narvik og transportårene vidare inn i landet, og området spelte ei sentral rolle i kampen om kontrollen over utskipinga av svensk jernmalm frå isfri hamn i Narvik. Ved Bjerkvik kyrkje står det minnestøtter over sivile og allierte falne. Ei av støttene står rett på sørsida av kyrkja, på eit område omkransa av ein låg mur.

Rampa møter deg når du kjem til kyrkja, og framstår som eit integrert element. Tårnet vart sett i stand samstundes som tiltaka for universell utforming vart utført. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Et høyt, hvitt kirketårn med smale vinduer står ved siden av grønne trær og et snødekt fjell i bakgrunnen under en overskyet himmel.

Utfordringar og løysing

Bjerkvik kyrkje har eit særprega arkitektonisk uttrykk. Når ein skal legge til element som rampe for universell utforming, vil ein ofte at ho skal gjera så lite ut or seg som mogleg. Her har ein i staden valt å spele på dei arkitektoniske elementa, og la rampa vera eit synleg, men godt integrert element ved inngangspartiet. Den opphavlege trappa hadde dessutan støypte vangar på kvar side av inngangen, slik at dette var noko av det arkitektoniske uttrykket ein kunne ta med seg vidare.

Grunna terrengfallet, og for å få tilstrekkeleg plass til rampa, var det naturleg å legge ho mot sør, langs muren som omkransar minnestøtta. Den prosjekterande har difor valt å laga det nye rekkverket i form av ein støypt vange med same pussa overflate og same skifertekking på murkrona som den eldre muren har. Det er òg lagt skiferdekke på rampa, slik som trappa har. Både trapp og rampe har fått varmekablar, for enklare handtering av is i vinterhalvåret.

For å få tilstrekkeleg storleik på reposet framfor hovudinngangen, er dette og dermed heile trappa utvida noko. Inngangsdøra er allereie brei og har låg terskel, slik at det er enkelt å koma vidare inn i kyrkja.

Kyrkjestova, som er plassert i ei fløy mot søraust frå koret, har berre to trinn opp til inngangen. Her kunne det enkelt støypast ei låg rampe langs veggen austover. Det vart òg lagt skifer på dekket til rampa, i likskap med trappa. Rampa her er så låg at det ikkje er krav om rekkverk.

Løysinga fungerer godt både praktisk og visuelt, og er på ein trygg og tydeleg måte ei vidareføring av det arkitektoniske uttrykket.

En hvit kirke med et høyt rektangulært tårn står foran et snødekt fjell, omgitt av grøntområder og en overskyet himmel.
Inngang til kyrkjestova mot søraust har liten nivåskilnad og er enkelt gjort tilgjengeleg med ei lita rampe. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Læringspunkt

  • Ved å spele på formspråket til kyrkja og muren omkring, har ein fått ei synleg men godt forankra løysing.
  • Terrengfall og plass bestemte retninga på rampa. Samstundes gjorde dette at rampa møter dei besøkande i retninga dei kjem frå, i staden for å vera gøymd.
  • Bruk av same materialar og overflater som dei opphavlege sikrar visuell samanheng.

Lignende eksempler