Dei siste vekene har debatten om fargeval på Stiftsgården i Trondheim rasa i både tradisjonelle og sosiale medium.
Skal den karakteristiske gulfargen på bygget behaldast, eller skal han tilbakeførast til den originale grå fargen sin?
I samband med dette ønskjer Riksantikvaren å presisera rolla vår i saka.
– Riksantikvaren er rådgivar for istandsetjingar og endringar på dei statseigde kongelege eigedommane. Det betyr at me hjelper Statsbygg med kulturminnefaglege vurderingar og tilrådingar, men Riksantikvaren har inga avgjerdsstyresmakt til å til dømes avgjera fargevalet, seier Aase Hogfeldt-Eskevik, seksjonssjef i kulturminneavdelinga hos Riksantikvaren.
– Det er med andre ord ikkje rett at Riksantikvaren har vedteke at huset skal førast tilbake til den originale gråfargen.
Statsbygg har i samband med vedlikehaldsarbeidar av fasadane utført omfattande fargeundersøkingar.
– Fargehistorikken viser at bygget var gråmåla då det var nytt, og me har tilrådd at bygget blir tilbakeført til denne fargen. Det betyr likevel ikkje at det er ein fasit med to strekar under svaret. Bygget har lang historie som gulmåla, og argumenta for å behalda denne fargen er også gode, seier Hogfeldt-Eskevik.
Ho påpeikar at Riksantikvaren har eit tett og godt samarbeid med Statsbygg for å sikra at dei statseigde kongelege eigedommane blir godt varetekne for framtidige generasjonar.
– Det er bra og viktig at folk i Trondheim engasjerer seg for byen og kulturminna sine. Stiftsgarden er trass alt eitt av Trondheims og Noregs viktigaste kulturminne! Då er det viktig å lytta til alle innspel, seier Hogfeldt-Eskevik.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
34 meldt til politiet for kulturmiljøkriminalitet i 2025
I 2025 leverte Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget til saman 34 meldingar til politiet knytt til kulturmiljøkriminalitet.
Deler ut 17,5 millionar for betre fartøy-kunnskap
Riksantikvaren har fordelt tilskot for 2026 til fagutvikling i fartøyvernet og dei tre nasjonale fartøyvernsentrene.
Avvikler nødhavn for fartøy
Riksantikvaren har besluttet å avvikle nødhavn for LJKP «Eitrheim».
