Riksantikvaren har vedteke å avslutta fredingssaka om kulturminnet Vigra kringkastar i Giske kommune. Anlegget vil dermed ikkje bli freda etter kulturminnelova.
– Dette er ei avgjerd som byggjer på ei samla vurdering av saka over tid. Uvisse om framtidig eigarskap og manglande utsikter til ny bruk gjer at me ikkje kan gå vidare med ei freding, seier seksjonssjef hos Riksantikvaren, Sigrid Murud.
Fredingssaka har vore under arbeid i fleire år, og anlegget har vore mellombels freda sidan 2018.
Undervegs har Riksantikvaren hatt dialog med både Møre og Romsdal fylkeskommune, grunneigar og Telenor Towers, som eig og forvaltar to av bygningane.
– Det er viktig for oss at kulturmiljø blir brukte. Å freda eit anlegg som risikerer å bli ståande utan bruk og med fare for vidare forfall, er ikkje ønskjeleg, seier Murud.
– Det skal også gode grunnar til før me fredar i strid med eigars ønskje, slik tilfellet er med Vigra kringkastar, understrekar ho.
Vigra kringkastar vart etablert i 1935 som ein del av den nasjonale utbygginga av statleg kringkasting, og har hatt mykje å seia for telekommunikasjon, fiskerinæringa og sjøfarten.
Under andre verdskrigen spelte anlegget også ei rolle i motstandskampen.
Stasjonen var i drift heilt fram til 2011, og er den kringkastingsstasjonen i Noreg med lengst samanhengande levetid.
– At me avsluttar fredingssaka, betyr ikkje at me vurderer kulturminneverdiane annleis enn før. Vigra kringkastar har stor kulturhistorisk betydning, og dette ligg fast, understrekar Murud.
Ho peikar på at kulturminneverdiane framleis er varetekne gjennom omsynssone for bevaring av kulturmiljø.
Riksantikvaren oppmodar Giske kommune til å vurdera vern etter plan- og bygningslova, og Telenor til å ta ansvar for vidare forvaltning av anlegget.
Riksantikvaren takkar Møre og Romsdal fylkeskommune og lokalt engasjement for det omfattande arbeidet med utgreiinga og for innsatsen i å ta vare på bygningane.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Nye undersøkelser om gift i gamle bygninger
Giftfunn i eldre bygninger ble avdekket gjennom rapporten Gift i bygningsvernet tidligere i år. Nå kommer det flere undersøkelser.
To innsigelser i Agder
Riksantikvaren reiser innsigelse mot to planer for utbygging i Agder. Kulturminnene i begge planområdene er ikke sikret reelt vern.
– Vi må bli betre i akuttfasen
Riksantikvaren deltek fredag på ei stor fagsamling. Tema er beredskap for kulturarv.

