Ei fersk måling frå SSB viser at 50 prosent av den norske befolkninga mellom 16 og 79 år er svært interesserte eller ganske interesserte i kulturminne og kulturmiljø.
Det er opp frå 47 prosent i 2025, og det høgaste talet sidan den første målinga i 2021.
Målinga blir gjennomført årleg som ein del av oppfølginga av dei nasjonale klima- og miljømåla. Målet er at minst 50 prosent skal dele interessa for kulturminne og kulturmiljø.
– Dette er ein viktig og gledeleg milepæl. For første gong seier halvparten av befolkninga at dei er interesserte i kulturminne og kulturmiljø. Dette viser at vi nordmenn er stolte av kulturarven vår, og at stadig fleire ser verdien av historiene, stadane og omgjevnadane som bind oss saman, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
– Målet er å auke den allereie store interessa og det aktive engasjementet for å ta vare på kulturmiljøa våre. Det er staten sitt ansvar å leggje best mogleg til rette for dette, seier Aasland.
Stabilt høgt engasjement
14 prosent oppgir at dei er svært interesserte, og 36 prosent er ganske interesserte. Målinga viser at interessa aukar med alder og utdanning.
19 prosent av den norske befolkninga viser eit aktivt engasjement, noko som er eit stabilt høgt nivå. Det er òg nær målsetjinga om 20 prosent aktive i befolkninga.
– Kulturmiljø er ein ressurs i samfunnsutviklinga, og vi er svært glade for at interessa for kulturmiljø aukar. Samstundes ser vi at det aktive engasjementet held seg på eit stabilt høgt nivå. Det viser at kulturarven betyr mykje for folk, og at mange vil vere med på å ta vare på han, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Det er viktig at kulturarven blir opplevd som relevant for folk i dag. Det gir Riksantikvaren eit sterkt grunnlag for arbeidet med å ta vare på kulturmiljøa våre for framtida, seier Geiran.
Rosar frivilligheita
I internasjonal samanheng har Noreg generelt høg frivillig deltaking.
Målinga viser at både interessa og det frivillige arbeidet på kulturmiljøområdet står sterkt her i landet.
Det siste året deltok 10 prosent av oss i dugnader eller møte.
– Dei frivillige er heilt avgjerande for å ta vare på kulturarven vår. Innsatsen til dei bidreg til å sikre kulturhistoriske verdiar som har stor betydning for fellesskapet. Dette engasjementet kjem heile samfunnet til gode, seier Geiran.
– I Noreg har vi mange frivillige organisasjonar med høg kompetanse, som gjer ein stor innsats for å ta vare på og formidle både materiell og immateriell kulturarv, seier Geiran.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Fredet kirke sterkt skadet av storm
Dønnesfjord kirke på Sørøya har fått store skader. Riksantikvaren er svært bekymret.
I kø for kystkonferanse
Denne veka gjekk konferansen «Kystens kulturmiljø» av stabelen i Bergen. Konferansen har hatt venteliste sidan august.
Riksantikvaren tillater utlån av vikingbåt til Danmark
Visste du at det store Gokstad-funnet hadde tre småbåter i tillegg til vikingskipet? Nå skal den ene på langtur til Danmark.


