Landskapa er fordelte på 13 kommunar, og Finnmark fylkeskommune og Sametinget har foreslått område og laga beskrivingar. Riksantikvaren har arbeidd vidare med forslaget og er ansvarleg for høyringa.
– Den nasjonale oversikta skal vise mangfaldet av landskapSamlebetegnelse på våre utendørs omgivelser, både det naturgitte og det menneskeskapte. Landskapet er formet av samspillet mellom mennesket og naturen. Betegnelsen omfatter alle typer landskap, som for eksempel jordbrukslandskap, industrilandskap, kystlandskap, bylandskap og fjellandskap. i fylket og i landet. Slik kan Riksantikvaren bidra til at nasjonalt viktige landskap blir teken vare på, seier Ingunn Holm, seniorrådgivar hos Riksantikvaren.
– Landskapet har alltid vore i endring, men tempoet og omfanget av endringane i vår tid aukar i ei slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Utfordringa no er å forvalte landskapa på ein måte som både tek vare på og vidareutviklar dei i eit langsiktig perspektiv.
Oversikta skal først og fremst vere eit kunnskapsgrunnlag for forvaltninga i kommunane og hos andre styresmakter. Den er ikkje ein verneplan, og landskapa blir ikkje freda.
– Vi håpar oversikta kan bidra til auka kunnskap og forståing for verdiane i landskapa våre, og vere til nytte i arealplanlegging og forvaltning, seier Holm.
Sjå landskapa som er valde ut i Finnmark
Dette er landskapa frå aust til vest:
| LANDSKAP | KOMMUNE |
| Steilneset | Vardø |
| Kiberg | Vardø |
| Skallelv | Vadsø |
| Pasvik | Sør-Varanger |
| Ceavccageaðge/ Mortensnes | Nesseby |
| Finnkongkeila | Gamvik |
| Slettnes | Gamvik |
| Deatnu/Tanaelva | Tana |
| Goarahat og Sandvikhalvøya | Porsanger |
| Skáiddeduottar | Porsanger |
| Assebakti | Karasjok |
| Forsøl-Kvaløya | Hammerfest |
| Kåfjord | Alta |
| Stilla | Alta |
| Ingøy | Måsøy |
Fakta om oversikta
Oversikta over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesseNasjonal interesse: I kulturminneforvaltningen brukes begrepet først og fremst i verdisettingsprosesser i arbeid med plan- og bygningsloven. Det markerer at kulturminneverdier på nasjonalt nivå kan være involvert. er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Det blir gjennomført i nært samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning, og med involvering av kommunane.
Formålet er å signalisere tydeleg kva landskap som har nasjonal interesse, slik at kunnskapen som oversikta gir kan bidra til meir føreseieleg arealplanlegging. Oversikta skal vere eit verktøy for planlegging i kommunane og hos andre styresmakter. No er arbeidet med landskapsoversikta gjennomført i alle fylka i landet, med unntak av Oslo.
Høyringsfrist
Høringen er open, og alle har høve til å komme med innspel. Høyringsutkastet blir også sendt direkte til dei kommunane der vi foreslår landskap, og dessutan til offentlege styresmakter på regionalt nivå, næringsorganisasjonar, frivillige organisasjonar, museum og andre aktuelle etatar.
Høyringsfristen for Finnmark er 1. mars 2027.
Du sender innspelet ditt til postmottak@ra.no. Merk innspelet med «Kula-Finnmark».
Meld deg på digitalt informasjonsmøte
I samband med høyringa inviterer Riksantikvaren, Sametinget og Finnmark fylkeskommune til digitale informasjonsmøte. Du får ei orientering, og du kan stille spørsmål.
For at flest mogleg skal få høve til å delta arrangerer vi to digitale informasjonsmøter: onsdag 20. januar kl. 10.00-11:30 og 21. januar kl. 13-14:30.
Meld deg på til ingunn.holm@ra.no innan 15. januar, og si frå kva dato som er aktuell. Vi sender ut teamslenkjer i etterkant av påmeldinga.
Høyringsbrev og rapport
Kulturhistoriske landskap i Finnmark på høyring
Riksantikvaren foreslår at 15 landskap i Finnmark kjem inn i ei nasjonal oversikt over viktige kulturhistoriske landskap. No er rapporten på høyring.
Sjå oversikta: Desse kyrkjene har søkt om tilskot
Kyrkjebevaringsfondet har fått inn 247 søknader frå 139 kyrkjer for 2027.
Riksantikvaren godtek ny bybane- og sykkeltrasé
Riksantikvaren har vurdert Bergen kommune sine forslag til ny trasé for bybanen og sykkelveg over Bryggen, og kjem ikkje til å be Vestland fylkeskommune om å reise motsegn mot reguleringsplanen.















