Høyringa går til kommunane der vi foreslår landskap, til styresmakter på regionalt nivå, næringsorganisasjonar, museum, frivillige organisasjonar og andre aktuelle organ. KULA Møre og Romsdal vil fyrst og fremst ha direkte verknad for arealplanlegging og forvaltning i kommunar og hos andre styresmakter. Høyringa er open og alle har moglegheit til å komme med innspel.
Utkastet omfattar 12 landskap i Møre og Romsdal som Riksantikvaren foreslår skal inngå i KULA-registeret. På grunnlag av innspel i høyringa vil vi utarbeide ein endeleg rapport. Landskapa skal til saman vise det kulturhistoriske mangfaldet i fylket. KULA-områda omfattar landskap i rurale område og viser blant anna spor etter verksemd, ferdsel og busetjing i fylket.
I Møre og Romsdal inngår desse 12 landskapa i høyringsforslaget:
- Sør-Smøla, Smøla og Aure kommunar
- Hustadvika, Hustadvika og Averøy kommunar
- Romsdalsfjorden, Molde kommune
- Litldalen, Sunndal kommune
- Øvre Sunndal, Sunndal kommune
- Romsdalen, Rauma kommune
- Eikesdalen, Molde kommune
- Gravdalen, Molde kommune
- Alnes, Giske kommune
- Flåværleia, Sande, Herøy og Ulstein kommunar
- Hjørundfjorden, Ørsta, Sykkylven og Volda kommune
- Geiranger, Fjord og Stranda kommunar
Landskapet har alltid vore i endring, men tempoet og omfanget av endringane i vår tid aukar i en slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Utfordringa er å forvalte landskap på ein måte som både tar vare på, og vidareutviklar det i eit langsiktig perspektiv.
Med KULA-registeret vil Riksantikvaren bidra til at nasjonalt viktige landskap blir tekne vare på i planlegginga. Dette er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, og blir gjennomført i nært samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning og med involvering av kommunane.
Kulturmiljøforvaltninga signaliserer med KULA-registeret tydeleg kva for landskap som har nasjonal interesse, og ynskjer med dette å bidra til ei meir føreseieleg arealplanlegging. Registeret skal være et verktøy for planlegging i kommunane og hos andre styresmakter. Arbeidet med KULA er gjennomført i Østfold (2015), Hordaland (2016), Troms (2018), Buskerud (2020) samt Agder, Akershus og Rogaland (alle i 2021) og arbeidet er i gang i dei fleste fylka.
Høyringsdokumenter
Møre og Romsdal – høyringsutkast
Møre og Romsdal – høyringsbrev