Riksantikvaren, Vestland fylkeskommune og Forbundet KYSTEN arrangerte konferanse om kystens kulturmiljø den 14. og 15. oktober i Bergen. Konferansen er retta mot frivillige organisasjonar, kulturmiljøforvaltninga, kommunar og private eigarar av fartøy, naust og sjøhus, handelsstader og gjestgivarstader. Det var første gong konferansen vart arrangert.
– Kulturarven langs kysten engasjerer, og det seier sitt at det sidan august har vore venteliste for å delta, seier strategikordinator Bo Alexander Granbo hjå Riksantikvaren.
Føremålet med konferansen er å løfte fram den rike kulturen og mangfaldet av kulturmiljø langs kysten. Kysten, og næringa som nyttar den er, og har vore, ryggraden i Noreg. Den er ein del av satsinga under regjeringa sin bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø.
– Konferansen freistar å syne det store mangfaldet av aktivitetar som bidreg til å ta vare på og vidareutvikle denne kulturarven, seier Granbo.
Ny nasjonal foreining skipa
Under konferansen vart ei ny foreining fødd. Handelsstadene og gjestgiveria langs norskekysten har no fått si eiga foreining. Etableringa er eit resultat av prosjektet «Handelssteder og gjestgiverier langs kysten», gjennomført av Forbundet KYSTEN med støtte frå Riksantikvaren.
– Dette er eit flott initiativ, seier Granbo.
– Bruk er det beste vern, og handelsstadene og gjestgiveria langs kysten er viktige for liv og verdiskaping lokalt. At vi no får ei forening, som kan snakke med ei stemme for sine interesser, er veldig positivt med tanke på framtida til kystens kulturmiljø.
Utstillingsopning
I samband med konferansen opnar også den nordiske utstillinga «Stockfish Journey» på Noregs Fiskerimuseum 14. oktober. Utstillinga hadde internasjonal premiere på Slow Food Terra Madre i Torino, og fekk mellom 45 000 og 50 000 besøkjande.
– No står «tørrfiskhovudstaden» Bergen for tur, og bergensarane får oppleve historia om korleis kystens gull, tørrfisken, har knytt menneske og matkulturar saman gjennom hundreåra, seier Granbo.
Utstillinga blir opna av riksantikvar Hanna Geiran saman med representantar for Bergen UNESCO Creative City of Gastronomy.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Godt bygningsvern begynner i skogen
Skogeiere, tradisjonshåndverkere og kulturmiljøforvaltningen møttes til Høstseminar for skog og tre på Hjerleid.
Revisjon av tilskuddsordninger
Riksantikvaren har fått i oppdrag å vurdere Klima- og miljødepartementets utkast til nye tilskuddsordninger på vårt felt. Nå er vurderingen sendt til departementet.
Riksantikvaren hyllar filminnspeling på freda gard
– Markens grøde gjer at denne fantastiske staden vil nå ut til eit endå større publikum, seier riksantikvar Hanna Geiran.

