Når kulturarven brenn

I 2023 har det brent i fleire verneverdige tette trehusmiljø.

Kragerø. 

Levanger.

Bergen. 

Dei tette trehusa er spesielt utsett for brann, nettopp fordi dei står tett inntil kvarandre og er bygde i tre. 

Når kulturarven brenn gjer det noko med oss. 

Når kulturarven brenn.

Av: Øyvind Aase Fluge. 
Foto: Trond Isaksen, Hege Aas (OBRE), Haakon Dueland (OBRE),
Trude Isaksen, Vignir Helgason, Erik Småland, Lene Buskoven, Iselin Breivik. 

Tre. 

Byggematerialet som Noreg er laga av: stavkyrkjer og passivhus, naust og byhus. Tre er det tradisjonelle norske byggematerialet, og materialet som skal brukast når ein byggjer framtidas grøne hus. Elles i Europa erstatta ein i stor grad trehusbygga med murbygg frå 1200– og 1300 talet. Grunnen? Brannfare.

Ikkje før noregshistorias største brannkatastrofe, brannen i Ålesund i 1904 vart det innført generell murtvang her heime.

Få land har så høg andel bygg av tre og område med trehus som Noreg, og over 200 trehusmiljø er i dag registrert som verneverdig tett trehusbebyggelse og kan søkje om tilskot til brannsikring. 

Husa i desse miljøa er kulturminne som skal stå att for framtidige generasjonar. Men dei kan vere ekstra utsett for brann. I område som Kragerø, Levanger, Bergen, Røros og fleire andre stader i landet står dei så tett at dei utgjer ein brannfare for kvarandre.  

Brannsikring

Her finn du meir informasjon om brannsikring frå Riksantikvaren.

Rettleiar – Bybrannsikring

Rettleiar – Tette trehusmiljø, brannvern og tilskuddsordning for brannvern

Julepyntet gate på Røros.
Mørkstugata, Røros. På Røros ligg trehusa tett i tett i heile sentrum. Brannberedskapen er også verdsarvstatusen verdig. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.

–  Vi har korkje folk eller kulturminne å miste, seier riksantikvar Hanna Geiran.  

Det er store kulturhistoriske verdiar som går tapt når eit verna bygg brenn, og trehusa er ein viktig del av lokalmiljøet og vår felles nasjonale identitet.  

– Einkvar brann er dramatisk, og når kulturminne brenn gjer det eit djupt inntrykk på folk, seier Geiran.

 

Trehus tett i tett

 I dei tette trehusområda står både brannvesen, lokalbefolkning og forvalting ovanfor store oppgåver. Bruk er den beste formen for vern, men  dei aller fleste brannar skyldast menneskeleg aktivitet. Så, korleis får ein til god brannsikring og godt vern av kulturarv på same tid? Er det i det heile teke mogleg? 

Ein laurdag i februar 2023 braut det ut ein kraftig brann blant dei tette trehusa i Kragerø.

– I Kragerø har vi to mannskaper på kaserna, to mannskaper på heimevakt, og ein innsatsleiar. Under brannen i Kragerø så var det meg. Så her får ein fire personar på plass raskt, seier Odd Morten Dalen, – og når vi fekk meldinga, så var vi ikkje i tvil om at vi stod ovanfor noko med potensiale.  

Odd Morten Dalen arbeider i Grenland brann og redning. Då brannen i Kragerø braut ut var det han som leia sløkkeinnsatsen i sentrum. Ein av dei største utfordringane med brannar i tette trehusmiljø er at husa står frykteleg tett. Det hindrar både sløkkeinnsats og gjer at det er stor fare for spreiing. 

– Då det brann i Kragerø så gjekk det meste av arbeidet vårt føre seg i dei tronge smaua, seier han. Eit av dei smalaste punkta vi gjekk inn for å sløkkje var ikkje meir enn førtifem centimeter breitt. Her stod brannkonstabel Anna i fire timar og var vel klissblaut etter kring fem minuttar, seier han. 

Kragerø. Når det er trongt mellom trehusa får brannvesenet utfordringar når dei skal stoppe brannen frå å spre seg. Foto: Iselin Breivik, Riksantikvaren.

Dei fleste av oss såg eller leste om brannen i media. For dei som står i første linje er det noko anna. Kva tenkjer ein når meldinga kjem om at menneskeliv og kulturarv står i fare? 

– Når det kjem ei slik melding, så er det sjølvsagt mange tanker som går gjennom hovudet. Eg freistar å gå rett i ein modus der ein ser så langt fram i tid mogleg, slik at vi kan ta gode avgjerder og halde oss i forkant av brannen, seier Odd Morten Dalen. 

Dalen fullroser innsatsen og støtta dei fekk under brannen. Det var trygt å kjenne at slagkrafta frå brannvesenet i området var god. Sivilforsvaret og Kystvakta melde seg også til teneste via naudsentralen. 

Slokking kan vere krevjande. Nokre plassar er det trongt og vanskeleg å kome til for å slukke.
Bryggen i Bergen.
Tettare blir det ikkje. Bryggen i Bergen er eit av over 200 tette trehusområde i landet.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Skuteviksbodane. I 2008 brann fire av Skuteviksbodane i Bergen. To vart totalskada, medan to fekk omfattande skadar.
Var freda. Skutevikbodane i Bergen vart freda i 1983. Dette var det historiske sjøbodmiljøet i Bergen, med totalt 26 bodar.

Ha kontroll på søpla

– Det var kjekt for oss i brannvesenet i Kragerø å sjå at vi rår over mykje ressursar, og det å ha slagkraft er heilt vesentleg for å slå ned ein brann som har byrja. Likevel er dei store sigrane alltid brannane som er unngått gjennom førebygging, seier Odd Morten Dalen. 

Sjølv om beredskapen under brannen i Kragerø var god, så trekk Dalen fram at dei mest suksessfulle oppdraga brannvesenet har er dei brannane som hindrast gjennom godt førebyggande arbeid. 

– Tidlegast mogleg varsel til brann og redning er veldig viktig. Men førebygging er det viktig at eigarane i sentrum også er med på. Eit godt tiltak er å ha kontroll på søppel. Vi har slukka fleire søppelbrannar i Kragerø, seier Odd Morten Dalen. 

Storgata i Tromsø.
Storgata i Tromsø. Tromsø har vore herja av bybrann, sist i 1969 da heile 24 hus brann ned. Det tette trehusa i Storgata står att. Foto: Trude Isaksen, Riksantikvaren.

Råd om brannsikring

Vil du vite meir om brannsikring av verna hus? Sjå meir på

Tette trehus i Sør-Halden.
Tett i tett i Sør-Halden. I gamle dager var det ikke krav til avstand mellom trehusene. Det ser vi tydelig her i Halden. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.

Delt ansvar

I Noreg er ansvaret for brannsikring av tette trehusområde delt mellom huseigare og kommunen. Kommunen kan ikkje pålegge eigare av private hus å etablere eit høgare sikkerhetsnivå enn det som lovar og forskriftar krevar, men dei har ein viktig rolle i å rettleie og motivere til auka brannsikkerhet. 

– Tette trehus er spesielle, sidan brann i eit bygg fort kan spre seg til nabobygg. Difor er brannsikring i slike områder eit nabolagsansvar, sier Geiran. Sjå Brannvernforeningas råd om å førebyggje brann i heimen

Smau i Bergen.
Bergen. Smauene i Bergen smyg seg opp langs åssidane. Det er ikkje mykje plass mellom husa. Foto: Anette Morvik Robberstad, Riksantikvaren.

Økonomiske tilskot

Riksantikvaren har vore ein pådrivar for brannsikring av verneverdig tette trehusområde i ei årrekke. Kvart år gjennomførar Riksantikvaren faglege samlingar for fylkeskommunane og andre aktørar kor tema knytt til brannsikkerheit står på dagsorden. Det er og laga ein eigen rettleiar for bybrannsikring i dei tette trehusområda. I tillegg forvaltar Riksantikvaren ei tilskotsordning for brannsikring av verna tette trehusområde på vegne av Klima- og miljødepartementet. 

Det årlege tilskotet vart auka til 10 millionar kroner etter den store bybrannen i Lærdal i Vestland i 2014. Denne brannen førte til at 42 hus vart lagt i ruinar, og var ein vekkar for mange kommunar. 

I 2023 fordelte Riksantikvaren nær 13 millionar kroner til brannsikringstiltak i dei tette trehusområda.  

– Beløpet dekker om lag 70 prosent av kostnadane som ligg innbakt i søknadene vi har motteke frå fylkeskommunane, forklarer Geiran. 

 

Branntomt Lillehammer.
Lillehammer. I 2017 brant et hus i den populære Storgata på Lillehammer. Foto: Vignir Helgason, Riksantikvaren.

Kjelder:

Intervju
Riksantikvaren sine nettsider