Kulturmiljø, kulturminner og landskap

Næring og industri

Noreg er ein industri- og teknologinasjon. Dei industrielle kulturmiljøa vitnar om framveksten av det moderne Noreg.

Næring og industri 1
Neptun Sildoljefabrik Da Neptun sildeoljefabrikk på Melbu i Nordland ble etablert i 1910, var den landets mest moderne sildoljefabrikk. I dag holder Norsk fiskeindustrimuseum til i de gamle produksjonslokalene. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Kulturmiljø knytt til næring og industri fortel historia om korleis me har brukt naturressursar, utvikla teknologi og skapt arbeidsplassar gjennom tidene. Desse spora gir oss kunnskap om samfunnsutviklinga og viser korleis industri og næringsliv har forma Noreg. Spora har lagt grunnlaget for velferden, men òg for ei rekkje problem med mellom anna ressurgrunnlaget for utfolk og mlijøutfordringar.

Å ta vare på kulturmiljøa handlar ikkje berre om bygningar og anlegg, men også om historiene dei rommar.

Omgrepet dekkjer alt frå forhistoriske hellegroper til moderne fabrikkar og kraftverk. Det gjeld særleg sekundærnæringane – verksemder som foredlar råvarer frå primærnæringane, som fiskeforedling, trandamperier og treforedling. Desse miljøa har skapt grunnlag for handel, transport og teknologi.

Kulturmiljøa gir innsikt i arbeidsliv, teknologi og samfunnshistorie. Dei skaper identitet og tilhøyrsel. Gjennom historier knytt til arbeidsinnvandring og minoritetanes næringar, kan kulturmiljøa bidra til ei meir inkluderande historieforteljing.

Kulturmiljøa kan vera ein ressurs i berekraftig utvikling. Ombruk av bygningar og anlegg reduserer klimagassutslepp, og levande kulturmiljø gir opplevingar og kunnskap som kan brukast i turisme, undervisning og lokal verdiskaping.

Frå forhistorisk tid finn me spor etter oljeutvinning i hellegroper og jernproduksjon som la grunnlaget for handel og makt.  Industrialiseringa i Noreg omfatta mellom anna mekaniske verkstader og treforedlingsindustri. I moderne tid har elektrokjemisk industri, olje- og gassutvinning og digitalisering prega utviklinga, og i dag er grøn teknologi ei viktig drivkraft.

Samtidig møter kulturminne og kulturmiljø utfordringar:

  • Manglande mangfald: Nyare industri og småbedrifter er lite representert.
  • Kunnskapshol: Mange kulturmiljø er ikkje dokumentert.
  • Ikkje anerkjend: Bygningar og industrianlegg frå nyare tid er ikkje alltid verdsett som kulturmiljø.
  • Krevjande ombruk: Store bygg og område kan vera kostbare å setja i stand.
  • Kompetansemangel: Handverkarar treng kunnskap om materiale som stål og betong, og om drift av eldre maskiner.
  • Treng styrka samarbeid: Fleire sektorar deler ansvaret.
  • Forureining: Å ta i bruk byggverk og landskap kan krevja ekstra tiltak og kostnadar til miljøsanering.
Søk tilskot

Tilskots­ordning for verdi­skapings­arbeid på kultur­miljø­området

Søk tilskot

Tilskots­ordning til tekniske og industrielle kulturminne (TIK)

    Me skal ta tak i desse utfordringane ved å legge vekt på tre arbeidsområde. Dette er i tråd med den nasjonale bevaringsstrategien for kulturmiljø i næring og industri, som har tre deltema.

    Publisert: 11. februar 2026 | Endret: 26. mars 2026