Næring og industri

Industrien som endrar samfunnet

Næring og industri er ryggrada i samfunnsutviklinga.

 

På en stor rød låve med avskallet maling står det MAKE THE NORTH GREAT AGAIN med store hvite og røde bokstaver. Området rundt Industrien fremstår som værbitt og industrielt.
Pakkhuset er ein viktig del av hamnefronten i Vardø. Det gamle pakkhuset er prega av forfall etter å ha stått tomt lenge, og blir sett i stand og vidareført som næringsbygg. Arbeidet skjer etter sirkulære prinsipp så langt det let seg gjere. Prosjektet får tilskot frå Riksantikvaren si tilskotsordning for verdiskaping. Foto: Janike Kampevold Larsen

Næring og industri har lagt grunnlaget for velferdsstaten. Dei største industriellenæringane representerer store bidrag til bruttonasjonalprodukt og til den teknologiske utviklinga i Noreg. Det er næringar som har gjort Noreg til eksport- og teknologinasjon

Industrihistoria viser viktige utviklingssprang frå forhistorisk tid til det grøne skiftet. Vi ser på viktige industriar og kva dei byggjer på: ressursar, kapital, kompetanse og arbeidskraft.

Historia handlar ikkje berre om teknologi og kapital, men og om menneske: arbeidskrafta og den handlingsborne og forskningsbaserte kunnskapen bak utvilinga.

Industrialiseringa var ikkje berre ei historie om vekst og framsted, men og om konfliktar mellom industri og samiske reindriftsområde. Industrien har gitt store naturinngrep og forureining. 

Målet er å gi kunnskap om korleis industrien har påverka samfunnet – og sikre at sentrale utviklingstrekk blir tekne vare på.

Prioriteringar

I deltemaet «Industrien som endrar samfunnet» blir to område prioriterte

  • industrimiljø
  • byggverk i industrien

Industrimiljø

Industrien kjem til syne i mange kulturmiljø, med ulik storleik og kompleksitet. Nokre har vore hjørnesteinsbedrifter med nasjonal og regional betydning. Etter 1970 ser vi særleg store og komplekse anlegg, til dømes innan olje og gass, verft, havbruk og høgteknologi.

Industrimiljøet er det fysiske området som viser samanhengen i industrien. Det kan romme spor frå fleire verksemder og ulike periodar. Næringar er ofte knytte saman gjennom leverandørkjeder eller felles ressursar og infrastruktur. Nyare industri byggjer på tidlegare utvikling.

Plasseringa av verksemder speglar føresetnader som ressursgrunnlag, landskap, kapital, kompetanse, arbeidskraft og teknologi. Dei tidlegaste industriane låg nær naturressursar, medan transport og nye produksjonsformer seinare opna for etablering andre stader.

Bygningar og anlegg viser korleis industrien har tilpassa seg naturgitte forhold. Noreg har rike ressursar, men krevjande topografi og klima. Teknologiutvikling har vore avgjerande, som i oljeindustrien i Nordsjøen.

Arbeidskraft har vore ein nøkkelressurs. Arbeidarhistoria rommar eit mangfald av grupper.

I nord trakk bergverksindustrien til seg kvener frå nabolanda. Industrialiseringa på 1800-talet førte òg med seg med tilflytting frå andre lokalsamfunn til nye industristader. Til dømes var mange samer sysselsatt i fiskeriindustrien. 

Det prioriterte området omfattar kulturmiljøet, med både materielle og immaterielle verdiar.

Byggverk i industrien

Byggverket i industrien omfattar bygningar og konstruksjonar slik dei har utvikla seg gjennom tidene. Dei speglar ulike funksjonar og produksjonar – frå førreformatoriske kalkomnar til bruer og moderne anlegg. Også ruinar etter dei eldste byggverka har kunnskapsverdi om utviklingstrekk i industrien.

Etter det industrielle gjennombrotet vart mange byggverk teikna av ingeniørar. Den industrielle revolusjonen på 1800-talet skapte behov for teknisk kompetanse. Infrastruktur og krafttilgang gjorde ingeniøren sentral i utforminga av kraftverk, bruer, fabrikkar, smelteverk og oljeinstallasjonar. Norske ingeniørar har vore pionerar, særleg innan vasskraft og olje, med løysingar som kombinerte avansert teknologi og tilpassing til krevjande naturforhold.

Teknologiutvikling har drive omstrukturering og endringar i arealbruk. Konstruksjon, form og materialbruk viser korleis industrialisering førte til nye prinsipp, bygningstypar og ombyggingar. Regionale særtrekk kjem til uttrykk i materialbruk og byggjetradisjonar.

Det prioriterte området omfattar byggverk frå industrien og viktige utviklingstrekk gjennom tidene.

Treng du inspirasjon?

Då finn du eksempel på gode prosjekt i Riksantikvarens eksempelsamling. Fleire av desse er relevante for næringar og industriar sine kulturmiljø, blant anna Devoldfabrikken, Engelskmannsbrygga og Porsgrund Porselænsfabrik.

Søk om tilskot

Les om tilskotsordninga for verdiskapingsmidlar

Søk om tilskot

Tilskots­ordning til tekniske og industrielle kulturminne (TIK)

Gangbro i betong med et kantete, industrielt design, opphøyd av søyler, i et fjellområde med skyet himmel og grøntområder.
Odda smelteverk i Ulensvang kommune.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
En vannkraftdam med en kanal, en rød kontrollboks, rekkverk og en tunnelinngang mot en steinete, skogkledd åsside.
Haldenkanalen Brekke slusekiosk: Haldenkanalen er viktig infrastruktur, og har fraktet folk og tømmer.
Foto: Monica Bache, Riksantikvaren.
En person betjener en stor, gammel tekstiltrykkmaskin og håndterer mønstret stoff i et verksted.
Sjølingstad Uldvarefabrik, Kontorbygg Mm
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Publisert: 11. februar 2026 | Endret: 19. mars 2026