Nyheter

Kulturminneprisen 2025 til kystkulturens mann i Troms

Riksantikvaren gir årets kulturminnepris til Ole-Magnus Ellefsen. Han er ein eldsjel som inspirerer og deler kunnskapen sin om kystens kulturminne og handverk.

Publisert: 4. november 2025

En eldre person iført mørk jakke, hatt med nåler og briller står utendørs foran en rustikk trebygning med fjell i bakgrunnen.
Årets vinnar, Ole Magnus Ellefsen Foto: Deadline Reklamebyrå AS

Heile det vaksne livet sitt har Ellefsen brukt fritida si på kystkultur, og han har investert både tid og pengar i det frivillige arbeidet.

– Der andre ser skrot, ser Ole-Magnus Ellefsen gull, seier riksantikvar Hanna Geiran.

– Få har lagt ned så mykje innsats i å formidle kystkulturen som Ellefsen. Han viser kor mykje kompetanse Nord-Noreg sit på, som heile landet kan lære av.

En eldre mann med marinelue med nåler og briller sitter på en båt og ser fremover, med tauverk og et uskarpt landskap i bakgrunnen.
Screenshot.00 02 26 02.Still002 Odd Magnus1

Frå havbotnen til Grovfjord

Ole-Magnus har vore leiar i Astafjord kystlag sidan starten, og er skipper på skuta M/K Folkvang. Kystlaget kjøpte skuta i 1992. Det var berre ein liten hake: Skuta låg på havbotnen i Oslo.

Kystlaget gav ikkje opp, og Folkvang vart heva og frakta på lekter til Grovfjord. Då starta arbeidet med å dokumentere og restaurere båten i samarbeid med Riksantikvaren. Det tok Astafjord kystlag 12 år å tilbakeføre skuta til opphavleg form.

Skuta vart bygd i 1911 av båtbyggjar Nils Skandfer frå Grovfjord. Folkvang var i mange år brukt som fiskebåt og vart på 1930-talet bygd om frå seglskute til motorbåt.

I samarbeid med Grovfjord båtbyggeri, Grovfjord mek. verkstad, Gratangen fartøyvernsenter og Hardanger fartøyvernsenter var båten klar til bruk i 2004. Båten har heimehamn ved Huset i havet i Grovfjord, og om vinteren deltek skuta i Lofotfisket.

– I Noreg har vi levd ved og av havet til alle tider, og kysten fortel ein viktig del av historia vår. Kystkulturen er ein viktig del av forteljinga om Noreg, om kven vi er og kvar vi kjem frå, seier Geiran.

En hvit seilbåt i tre med brune seil ligger til kai på stille vann, omgitt av grønne åser og overskyet himmel.
Folkvang med nybarka seil Foto: Ole Magnus Ellefsen

Skulebarna opplever kystkulturen

Kvart haust i 25 år har Grov skule arrangert den populære kystkulturveka, og kystlaget og M/K Folkvang deltek kvart år. Barna får lære å setje garn, dra ut og fiske – og når fisken kjem på land, lærer elevane å sløye og skjere filet. Dei lagar gode, tradisjonelle fiskemåltid på skulekjøkkenet, før heile bygda blir invitert til middag i gymsalen på Grov skule. I alle år har Ole-Magnus vore ein viktig ressurs for kystkulturveka.

Skaffa Huset i havet til Grov

Folk må ha ein møtestad. Ellefsen var aktiv i arbeidet med å flytte ein gammal skule til Grov. I dag er det eit kulturhus og samlingsstad i bygda, kalla Huset i havet.

No har han fylt 81, men er framleis ei drivkraft og ressurs lokalt og regionalt. Engasjementet for frivillig arbeid er stort, og han brukar utruleg mange timar og eigne midlar for å ta vare på, setje i stand bygningar, fartøyvern, formidle historier, arrangere konsertar og andre kulturarrangement, delta aktivt i skulens kystkulturveke og gjere kulturminne tilgjengelege for alle.

I tillegg til fartøy og bygningar er Ellefsen ein pådrivar for å bevare og føre vidare kunnskapen om så ulike område som barking av segl, segling med gaffelrigg, vedlikehald av trebåtar, fiske, tømring og smiing.

– Ellefsen har sett spor etter seg i bygda og kystkulturmiljøet i heile landet ved å sjå både menneska og kulturminna, seier Geiran.

– Mange kan takke han for gode opplevingar som mannskap om bord og i dugnadsarbeidet på land, seier Geiran.

Riksantikvarens kulturminnepris

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

– registrering, bevaring og/eller restaurering av kulturminne
– formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
– bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne
– frivillig innsats for bevaring av kulturarven

Prisen består av eit kunstverk og diplom. I tillegg mottek vinnaren 75 000 kroner.

Dersom vinnaren er ein offentleg institusjon, vil pengepremien bli gitt til ein frivillig organisasjon eller eigar, som vinnaren kan bestemme.

Maleriet Soria Moria av Teodor Kittelsen.

Askeladden i ny drakt

Kulturminne- og kulturmiljødatabasen Askeladden skal bli ny. No kan du teste første versjon!