I to år har dei kulturhistorisk viktige kyrkjene i landet fått midlar frå kyrkjebevaringsfondet til istandsetjing. For 2025 vart også kunnskap og kompetansetiltak inkluderte, slik at til dømes handverkarar, foreiningar og opplæringsinstitusjonar kunne søkje om midlar.
No opnar kyrkjebevaringsfondet søknadsmoglegheiter for endå fleire innanfor områda oppleving, formidling, engasjement og deltaking:
– Vi håpar at det kjem mange gode søknader, og er spesielt spent på den heilt nye søknadsordninga, seier dagleg leiar for kyrkjebevaringsfondet, Oddbjørn Eide.
– Det handlar om å gi auka kunnskap om bruken og betydninga av kyrkja som symbol for identitet og tilhøyrsel, slik at fleire får forståing av kvifor samfunnet tek vare på kyrkjene.
Døme på prosjekt innan oppleving og formidling kan vere utvikling av omvisingar, formidling av tradisjonshandverk, opplevingsbaserte aktivitetar og forteljingar om kyrkja som kulturminne.
Engasjement og deltaking kan innebere prosjekt som inviterer lokalbefolkning og publikum til medverknad, som opne dagar på byggjeplass, verkstader og liknande.
Sjå dei ulike tilskotsordningane.
Istandsetjing held fram
Til saman har 181 kyrkjeprosjekt fått midlar til istandsetjing. Her kan kyrkjeeigarane søkje om midlar til forprosjekt, både på overordna og detaljert nivå, og dessutan byggjeprosjekt. Utlysingane for desse tilskotsordningane er bygde over same lest som tidlegare år.
Innan kunnskap og kompetanse fekk totalt 15 prosjekt støtte for 2025. Desse prosjekta spenner frå opplegg for vidareutdanning og kurs, til kunnskapsutvikling om tema som tjøring, kalking og treverk.
– Søknadsbunkane har vorte høgare for kvart år vi har lyst ut tilskota, seier Eide.
– Vi er klare for å behandle endå fleire søknader om istandsetjing og kompetanseutvikling for 2026.
Søknadsfristen er 3. november, og søkjarane kan vente svar i starten av mars 2026.
Frist for å søkje 3. november:
Vil frede Storgaten 19 i Farsund
– Storgaten 19 er en av de viktigste bygningene i Farsunds historiske bysentrum.
Opphever fredning av fem bygninger på Numedalsbanen
– Det er svært sjeldent at Riksantikvaren opphever en fredning.
Riksantikvaren hyller Norges VM-drakt
– Jeg blir kjempeglad av å se ett av våre flotte verdensarvsteder representert på den norske landslagsdrakten, sier riksantikvar Hanna Geiran.







