Den nye oversikta peiker ut nasjonalt viktige kulturmiljø og landskap i heile Vestfold, og er basert på en ny fagrapport frå Vestfold fylkeskommune.
Målet er ei oversikt som skal syne mangfaldet av kulturmiljø i by, bygd og landskap i fylket. Oversikta skal først og fremst vere eit kunnskapsgrunnlag for forvaltinga i kommunane og hjå andre styresmakter. Den er ikkje ein verneplan, og områda vert ikkje freda.
– Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar på forslaget, seier rådgjevar Thea Wikander.
– Er det nok vi har gløymd, eller har du faktaopplysningar som du meiner er viktige for oversikta? Da vil vi gjerne høyre frå deg!
Du finn rapporten her.
Høyringsfrist er 15.02.26.Du kan seie meininga di ved å sende ein e-post til Riksantikvaren på postmottak@ra.no. Merk innspelet med Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse Vestfold.
Sjå oversikta her:
Holmestrand kommune:
- Eidsfoss
- Vålegrenda
- Kirkegaten og Nordre Kleiv
Horten kommune:
- Karljohansvern
- Keisemark
- Storgata
- Borre
- Åsgårdstrand
Tønsberg kommune:
- Jernalderbygd med setre rundt Revovannet
- Oseberghaugen og Slagendalen
- Jarlsberg hovedgård
- Slottsfjellet og Tønsberg middelalderby
- Nordbyen
- Fjerdingen
- Gamle Tønsberg sentrum
- Haugarlia
Færder kommune:
- Færder nasjonalpark
Sandefjord kommune:
- Høyjord
- Håøya og Sundåsen,
- Gokstad
- Nybyen
- Murbyen i Sandefjord sentrum
- Rukla
- Bjerggata og Preståsen
- Hystadveien
- Parken
- Jåberg, Istrehågan, Marumdalen, Haugen og Vestad
Larvik kommune:
- Bøkeskogen
- Hammerdalen
- Langestrand
- Storgaten, Steinane og Bøkkerfjellet
- Herregården og Tollerodden
- Torstrand
- Vikingtidsbyen Kaupang
- Kjerringvik
- Ula
- Brunlanes
- Stavern
- Nevlunghavn
- Mølen
- Oddane fort
Frist for innspel 15. februar 2026
Sjå rapporten i vårt Vitenarkiv.
Kulturminneprisen 2026 til Sygard Grytting
Årets kulturminnepris går til Hilde og Stig Grytting på garden Sygard Grytting i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen.
Sjå Haustmøtet 2026 her
Riksantikvarens haustmøte er i gang. Her kan du følgje livestrøyminga.
Godt bygningsvern begynner i skogen
Skogeiere, tradisjonshåndverkere og kulturmiljøforvaltningen møttes til Høstseminar for skog og tre på Hjerleid.

