– Kulturmiljøet vårt fortel historier om korleis menneske har levd, arbeidd og skapt lokalsamfunn gjennom generasjonar. Med tilskota ønskjer vi å støtte prosjekt som tek vare på kulturarv og som skapar aktivitet og engasjement lokalt, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
For 2026 var søknadssummen rekordstor med om lag 1,3 milliard. Søknadssummen har auka dei siste åra, og spesielt innan ordninga for verdiskapingsmidlar til dei nye bevaringsstrategianene for bygd og by, landbruk, kyst og næring og industri.
– Vi er spent på kor mange som vil søke i år, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Kulturmiljø er meir enn spor frå fortida. Dei er ressurser som kan gje oss kunnskap, næringsutvikling, samarbeid og levande lokalsamfunn, og som gjer verdi for både eigare, handverkare, næring og reiseliv, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Den nasjonale søknadsportalen for kulturminne, Digisak, opnar 1. oktober. Det er fylkeskommunen som handsamar dei fleste søknadene frå eigarane, medan midlane kjem over statsbudsjettet kvart år.
Fleire ulike tilskot
Riksantikvaren har ei rekke tilskotsordningar for kulturminne. Ordningane som har frist 1. november er:
- Tilskot til verdiskaping i kulturmiljø knytta til bygd og byar, landbruk, kyst, industri og næring
- Freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap
- Teknisk-industrielle kulturminne
- Freda bygg frå før 1537 i privat eige
- Ruinar og anlegg frå mellomalderen
- Brannsikring i tette trehusmiljø
- Fartøyvern
- Fagutvikling i fartøyvernet
- Verdensarvområdene
- Kirkekunst
- Vedlikehold, dokumentasjon og konservering av stavkirker
Kulturminneprisen 2026 til Sygard Grytting
Årets kulturminnepris går til Hilde og Stig Grytting på garden Sygard Grytting i Sør-Fron kommune i Gudbrandsdalen.
Sjå Haustmøtet 2026 her
Riksantikvarens haustmøte er i gang. Her kan du følgje livestrøyminga.
Godt bygningsvern begynner i skogen
Skogeiere, tradisjonshåndverkere og kulturmiljøforvaltningen møttes til Høstseminar for skog og tre på Hjerleid.

