Nyheter

Ny klima- og miljøminister

Sveinung Rotevatn vart i statsråd i dag utnemnt til ny klima- og miljøminister.

Publisert: 24. januar 2020 | Endret: 30. januar 2024

Sveinung Rotevatn portrett
Sveinung Rotevatn Foto: Olav Heggø, Fotovisjon

− Vi gratulerer Sveinung Rotevatn med utnemninga som ny klima- og miljøminister! Vi kjenner Rotevatn frå rolla som statssekretær i Klima- og miljødepartementet, og vi ser fram til å samarbeide med han som statsråd. Kulturarv er ein viktig ressurs i klima- og miljøarbeidet. Vi vil samtidig takke Ola Elvestuen for det gode samarbeidet, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Rotevatn har vore statssekretær i Klima- og miljødepartementet sidan 12. oktober 2018. Før det var han statssekretær i Justisdepartementet frå 17. januar 2018. Han var valt inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane i perioden 2013–2017.

Les meir på nettsidene til Klima- og miljødepartementet