Strategien gjer greie for korleis Riksantikvaren vil prioritere innsats og ressursar i arbeidet retta mot kommunane. Strategien inneheld òg forventningar til korleis fylkeskommunane kan arbeide med kulturminne i kommunane, og gir tilrådingar til kommunane i deira arbeid.
Strategien bygger på erfaringar og resultat frå arbeidet med KIK-satsinga (kulturminne i kommunane), som starta i 2011. Satsinga har involvert alle fylkeskommunane, ei rekke museum, hundrevis av frivillige og ikkje minst politikarar og tilsette i meir enn 350 kommunar.
Strategien er sendt i papirutgåve til alle kommunane, og kan tingast frå Riksantikvaren.
Last ned: Riksantikvarens strategi for arbeid med kulturarv i kommunen 2019-2022
Dato 04.03.2019 08:59 endret 04.03.2019 11:22