– Verdsarv er stader og område som er heilt umistelege, og noko av det viktigaste vi gjer er å spreie kunnskap om desse flotte stadane, slik som den eineståande historia her i området Røros og Circumferensen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Fantastiske kulturverdiar
I Noreg er åtte område skrivne inn på FN-organisasjonen Unescos liste over verdas natur- og kulturarv: bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Rjukan-Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, fire punkt på Struves meridianboge, Urnes stavkyrkje, Vestnorsk fjordlandskap (Geirangerfjorden og Nærøyfjorden) og Vegaøyan.
– Utstillinga skal gjere folk meir medvitne om dei fantastiske, universelle kulturverdiane vi har her på Røros, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
– I løpet av 2025 opnar også utstillinga for Urnes stavkyrkje, og vidare i 2026 og 2027 er det planar om installasjon i Hammerfest (Struves meridianboge), Aurland (Vestnorsk fjordlandskap), og Rjukan-Notodden industriarv, seier Skeidsvoll.
Utstillinga «Vår verdensarv» formidlar informasjon om dei åtte norske verdensarvområda. Samtidig får besøkande bli med ut på ei storslått reise til verdas viktigaste natur- og kulturområde. Utstillinga fortel også om verdensarvkonvensjon frå 1972.
Verdsarven på Røros
333 års bergverksdrift på Rørosvidda skapte rikdom for eigarar og staten, eit levebrød for arbeidarar og eit verdskulturminne for ettertida.
I 1980 blei bergstaden Røros for første gong skriven inn på verdsarvlista, og i 2010 blei verdsarvområdet utvida til også å omfatte delar av det gamle privilegieområdet Cirumferencen.
Unesco er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. I 1972 vedtok Unesco konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv, som i dag er mest kjend som verdsarvkonvensjonen.
Føremålet til verdensarvkonvensjonen er å identifisere og gje spesiell beskyttelse til kultur- og naturarv som har tyding for heile menneskeheita og komande generasjonar – på tvers av landegrensene. I Noreg er det Riksantikvaren og Miljødirektoratet som har ansvaret for oppfølginga av konvensjonen.

Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153

15 landskap i Nordland med i nasjonal oversikt
No er Nordland fylke med i Riksantikvarens oversikt over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.

Fargeval på Stiftsgården
Ei presisering om Riksantikvarens rolle i fargevalet på det gule praktbygget i Trondheim.

Lyser ut kyrkjemidlar for 2026
Kyrkjebevaringsfondet lyser ut tilskota for 2026. No kan også kulturaktørar søkje midlar til prosjekt som formidlar eller engasjerer fleire i den kyrkjelege kulturarven.