KULA skal vere eit kunnskapsgrunnlag og forvaltningsverktøy for kommunar og andre myndigheiter som påverkar og styrar utviklinga av landskap i Noreg. Det syner kva landskap det knyter seg nasjonale interesser til, kva og kvar desse verdiane er og korleis dei bør takast vare på. Frå før er Hordaland, Østfold, Troms, Buskerud, Agder, Akershus og Rogaland del av registeret.
– Landskapa fortel historia om Noreg. KULA er eit kunnskapsgrunnlag som skal støtte opp om planarbeid, og inneber ikkje eit formelt vern eller freding. Landskapa i KULA-oversikta skal kunne utviklast vidare av dei som driv landbruk og næring i området, seier Leidulf Mydland, sjef for seksjon for arealplanlegging og miljø.
Etableringa av oversikta over KULA-landskap er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Utveljinga av landskap blir gjort i tett samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning (fylkeskommunar og Sametinget) og kommunane, som kjenner dei lokale tilhøva best. Kommunane blir også involvert undervegs i arbeidet.
– Landskapa våre vil alltid vere i endring. Med KULA ønskjer kulturmiljøforvaltninga å seie ifrå om kva for landskap som har nasjonale interesser, og med dette bidra til betre planprosessar og ei berekraftig forvalting av areala våre, seier Mydland.
Områda blir lagt inn i den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden, og du finn dei òg på Riksantikvaren si nettside Kulturminnesøk.
Landskap i Oppland
Namnet Oppland blir framleis brukt om det geografiske området som var eige fylke fram til 2020. Det omfattar store og svært ulike landskapsregionar, frå høgfjell og tronge dalbotnar i nord til relativt flate jordbruksbygder og store innsjøar i sør, og vidare til store skogar og flate vidder mot vest. Dei viktigaste historiske næringane har vore baserte på jakt, fangst, jordbruk og skogbruk – dette viser seg i landskapa som er tekne med. I tillegg har viktige ferdselsårer, gjennom Oppland og til andre landsdelar, sett sine spor i landskapet.
Landskap |
Kommune |
Dovrefjell | Dovre |
Grimsdalen | Dovre |
Dalbotnen i Lesja | Lesja |
Strynefjellet aust | Skjåk |
Nordherad | Vågå |
Bøverdalen | Lom |
Tesse og Smådalen | Lom |
Heidal | Sel |
Gjende og Sjodalen | Vågå og Lom |
Dokkfløy og Murudalen | Gausdal, Sør-Fron, Nord-Fron og Sel |
Frya – Harpefoss | Sør-Fron |
Vinstre | Øystre Slidre og Vang |
Filefjell aust | Vang |
Stølsvidda | Nord-Aurdal og Vestre Slidre |
Vassfaret | Flå, Nesbyen, Sør-Aurdal |
Randsfjorden | Søndre land |
Balke – Lillo og Kapp | Østre Toten |
Granavollen, Tingelstadhøgda og Røykenvik | Gran |
Landskap i bruk frå steinalderen og fram til i dag
Dagens landskap er eit resultat av korleis menneska har brukt areal og ressursar over tid. Landskapet vil alltid vere i endring. Nokre endringar kan leie til tap av kulturhistoriske verdiar, andre bidreg til å styrke dei. Med god planlegging kan landskapet brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga, slik at vi både tek vare på kvalitetane og vidareutviklar dei i eit langsiktig perspektiv.
– Landskapa våre er ein heilskap av naturgjevne og menneskeskapte høve, og samspelet mellom desse. Spora etter forfedrane våre finst overalt i landskapet, i det opne jordbrukslandskapet, i skog og utmark, på fjellet og i byen. Tempoet og omfanget av endringar aukar no i ein slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Difor er kunnskap om landskapsverdiar viktig, seier Mydland.
Målet er at KULA-områda til saman skal vise mangfaldet i kulturhistoria. Dei skal syne korleis busetnad, næring og ferdsel har prega landskapet vårt gjennom historia.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153