Midlane skal bidra til auka berekraft, mangfald og engasjement for kulturmiljø, i tråd med dei nasjonale måla for kulturmiljøpolitikken. Dette er den første utlysinga for regjeringa sine to nye bevaringsstrategiar som trådde i kraft i februar.
– Kulturmiljø i bygder, byar, næringar og industri er ofte limet i eit lokalsamfunn. Med denne utlysinga vil vi støtte prosjekt som bruker kulturmiljø aktivt til stadutvikling, og som byggjer kunnskap om korleis kulturmiljø kan bidra til eit meir levande lokalsamfunn, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Prioriterer bevaring, bruk og kunnskap og kompetanse
Verdiskapingsprosjekt skal bidra til å skape nye moglegheiter, løyse utfordringar og samordne innsats knytt til kulturminne og kulturmiljø.
I utlysinga prioriterer Riksantikvaren tiltak som fremjar bruk av kulturminne og kulturmiljø. Dette kan vere vidare bruk, ny bruk, endra bruk eller ombruk – samt skjøtsel, sikring, istandsetjing og restaurering.
Under kunnskap og kompetanse prioriterer vi prosjekt som bidreg til kartlegging, registrering, forsking, kunnskapsutvikling og kompetanseheving.
– Det handlar om å ta vare på stadene der vi møtest og der vi bur, og korleis næring og industri har bidrege til å byggje landet. Kulturmiljø i bygd og by og dei mange spora etter næring og industri utgjer eit mangfald av historier og kunnskap vi ikkje kan miste. Dei viser korleis menneske har budd, arbeidd, skapt og endra samfunnet gjennom tidene, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Når vi utviklar og bruker desse kulturmiljøa, får vi både betre forvalting og sterkare lokal verdiskaping. Prosjekta vi støttar skal bidra til å ta vare på kulturmiljø – ikkje som museumsgjenstandar under ei osteklokke, men som levande ressursar for menneska som bur der, legg Geiran til.
Kven kan søkje?
Alle kan søkje om tilskot, så lenge prosjektet skjer i samarbeid mellom fleire aktørar i offentleg og/eller privat sektor. Tilskotet vil som hovudregel ikkje dekkje meir enn 50 prosent av dei totale kostnadene.
Denne utlysinga omfattar ikkje reine kartleggings-, istandsetjings-, skjøtsels- eller restaureringsprosjekt.
Se prioriteringene for bygd og by, samt næring og industri
Riksantikvaren vil prioritere prosjekt som bidreg til eitt eller fleire av følgjande tema:
Identitet og særpreg:
- Kunnskap og kompetanse knytt til korleis arkeologiske kulturminne kan brukast som ressurs i by- og stadsutvikling.
Der vi møtest:
- Bevaring og bruk av kulturhistoriske felleskapsbygningar på bygda.
- Kunnskap og kompetanse knytt til kulturhistoriske møteplassar og uterom i bygder og byar.
Prosjekt bør bidra til eitt eller fleire av desse tema:
Industrien som endrar samfunnet:
- Kunnskap og kompetanse knytt til heilskaplege industrimiljø ved hjelp av tverrfagleg tilnærming
Dei mangfaldige næringane våre:
- Kunnskap og kompetanse knytt til ulike typar særeigen småindustri, gjerne ved hjelp av tverrfagleg tilnærming.
Logistikken i næring og industri:
- Kunnskap og kompetanse knytt til infrastruktur som kan gjerast tilgjengeleg eller leggast til rette for bruk av bevegelege kulturminne.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 14. april 2026. Spørsmål om utlysninga kan rettast til Riksantikvaren på e-post: postmottak@ra.no
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millionar kroner til bygder, byar, næring og industri
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millionar kroner til prosjekt som vil ta i bruk kulturarven som ressurs i utvikling av kulturmiljø i bygder, byar, næring og industri.
Over 20 innspel til Bergenhus-forslag
– Me er glade for alle innspela som har komme.
1,9 millionar til kyrkjekunst i 2027
Riksantikvaren har fordelt tilsagn for konservering av kyrkjekunst.

