Arrangementet er retta mot kyrkjeeigarar, brannrådgivarar, brannvesen og andre som arbeider for å ta vare på og sikre kulturarven vår.
I 2020 opplevde Dovre kyrkjelege råd det alle fryktar: Dombås kyrkje vart påtend og fekk store skadar. Etter fire lange år kunne bygda 21.april 2024 ta i bruk “Nye” Dombås kyrkje igjen.
Seminaret tek utgangspunkt i denne hendinga og erfaringar gjort i etterkant. I tillegg vil andre fellesråd og rådgivarar fortelje om sikringstiltak for kyrkjer.
Arrangørane har sett saman eit fagleg sterkt og variert program som gir deltakarane innsikt i prosessen og samspelet mellom byggeigarar, styresmakter og rådgivarar i arbeidet med oppbygging og sikringstiltak.
Andre tema som vil bli belyst er brannsikkerheit ved bygningsarbeid, og dessutan kva omsyn som er viktige å ta når sikringstiltak er gjennomførte. Sjå heile programmet her.
– Kyrkjebygg er ofte hjartet i lokalsamfunnet
Karin Axelsen, seniorrådgivar hos Riksantikvaren i seksjon for kyrkjesaker, er ein av foredragshaldarane. Ho fortel at dei som kjem på dette seminaret vil verkeleg kjenne på kroppen kva eigarane av kyrkja og befolkninga rundt har stått i.
– Det er eit bygg mange har eit forhold til, aktiv bruker eller ei.
Alltid aktuelt å snakke om brannsikkerheit
– Eg vil jo seie at det alltid er aktuelt å snakke om brannsikkerheit, seier Axelsen.
Sikkerheit under restaureringsarbeid og omsyn etter sikringstiltak er tema for foredraga hennar.
Grundige vurderingar er nøkkelen
Det er ikkje alltid så enkelt å vite kvar ein skal byrje med sikringsarbeidet, men Axelsen har nokre tilrådingar å følgje:
- Gjer ei grundig kartlegging i første omgang
- Sjå på kva type materiale og bygg det er
- Finne ut av nærliggjande farar – til dømes dersom det blir brann i eit nabobygg
- Identifisere dei mest kritiske stadene for at ein brann kan starte
Bevisstgjering og handling
– Eg håpar deltakarane sit igjen med at det er viktig å komme i gang med sikring av kyrkjer eller kulturbygg, seier Axelsen. – Og at ein vil få ei meir bevisstgjering av at det kan gjerast på mange ulike måtar. Det skal vi også vise.
Påmeldingsfristen er 28. januar. Påmeldinga er bindande, og dersom du melder deg av etter 10. januar, må du likevel betale deltakaravgifta. Påmelding i digitalt skjema.
Meld deg på:
Påmeldingsfristen er 28. januar. Påmeldinga er bindande, og dersom du melder deg av etter 10. januar, må du likevel betale deltakaravgifta. Påmelding i digitalt skjema.
Seminar om brannsikkerheit på Dombås
Riksantikvaren, Hovedorganisasjonen KA og Dovre kyrkjelige råd inviterer til seminar om brannsikkerheit på Dombås hotell 4-5. februar.
Funn av giftstoffer i flere gamle bygg
En pilotstudie viser høye nivåer av farlige, gamle kjemikalier i ni eldre bygninger fra hele landet. Riksantikvaren er bekymret.
Lyser ut 1,7 millioner i midler til FoU-prosjekter
Kunnskap er en forutsetning for en bærekraftig og effektiv kulturmiljøforvaltning. Nå inviterer Riksantikvaren forsknings- og utviklingsmiljøer til å sende inn prosjektforslag innen 15. februar 2026.