Pressemelding

Tilskot til verdsarven i 2021

Kvart år får verdsarven i Noreg tilskot over statsbudsjettet. I år skal det delast ut over 65 millionar kroner til arbeid på dei åtte norske verdsarvstadene.

Publisert: 8. mars 2021 | Endret: 9. mars 2021

Bryggen i Bergen
Bryggen i Bergen Foto: Bergen Reiselivslag / Eivind Senneset – Visitbergen.com

Klima- og miljødepartementet er øvste ansvarlege myndigheit for oppfølging av verdsarven i Noreg. Fordelinga av tilskot skjer via Riksantikvaren. Tilskota skal bidra til å utvikle verdsarvområda som fyrtårn for beste praksis innan natur- og kulturmiljøforvaltninga når det gjeld tilstand, forvalting og formelt vern.

– Den norske verdsarven har store natur- og kulturverdiar som er internasjonalt anerkjende og er fantastiske reisemål. Regjeringa gir årleg pengar over statsbudsjettet til dei norske områda på UNESCO si verdsarvliste til istandsetting, vedlikehald og formidling. Når smittevernsituasjonen igjen opnar for at vi kan reise i Noreg, håper eg endå fleire vil oppsøkje desse verdifulle kulturmiljøa, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Målgruppa for post 79 i statsbudsjettet er Noreg sine åtte verdsarvstader. Midla skal bidra til å sikre at stadene vert forvalta i tråd med Unesco sin verdsarvkonvensjon og retningslinjene for oppfølging av konvensjonen.

Frå bergkunsten i Alta til Bryggen i Bergen

Bergkunsten i Alta er særeigen. I 2021 er planen der å bruke midla til vidareføring av arbeid med dokumentasjon, skjøtsel, sikring og utbetring av gangvegar. I tillegg er det søkt om middel til bergkunstarkiv.

Bergkunst i Alta, hogd helleristning av bjørnefigur
Bergkunst i Alta Hogd helleristning av bjørnefigur. Foto: Bjørn Helberg, TMU / UiT

På Bryggen i Bergen har ein gjennom ei årrekkje arbeidd jamt og trutt med istandsetting av dei verdfulle bygningane. Dei to store istandsettingsprosjekta av Bredsgården og Svendsgården vert fullført i 2021. Overvåkinga av grunnvatnet under Byggen i Bergen held fram for å sikre kulturlaga. Det same gjeld overvåkinga av setningar på bygningane.

Fleire vil sette i stand

Tiltaka som tilskota dekker er ulike, men det er også mange likskapar. Istandsetting av bygningar er dominerande. I Vestnorsk fjordlandskap går eksempelvis mykje av tilskota til istandsetting av bygg, konstruksjonar (for eksempel vegar og brygger) og andre spor etter busetnad. Dette same gjeld på Vegaøyan der ein ser ein auke i antalet søknadar om istandsetting av hus, brygger, kaier og naust.

– Tilskotsmidla fører til at viktige objekt i verdsarvområda kan settast i stand og takast vare på. Det leiar også til at verdsarvverdiane kan formidlast og at meir kunnskap om verdsarven vert utvikla, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Fra Vegaøyan på Helgelandskysten i Nordland
Vegaøyan Helgelandskysten i Nordland. Foto: Anton Ligaarden / Visitnorway.com

Verdsarvstader i Noreg

• Bergkunsten i Alta, Troms og Finnmark
• Bryggen i Bergen, Vestland
• Struves meridianboge, Troms og Finnmark
• Rjukan-Notodden industriarv, Vestfold og Telemark
• Røros bergstad og Circumferensen, Trøndelag
• Urnes stavkyrkje, Vestland
• Vegaøyene, Nordland
• Vestnorsk fjordlandskap, Møre og Romsdal og Vestland

Sjå oversikt over tilskot i tabellen under:

Tabell

Mottakarar Utbetaling 2021
Bergkunsten i Alta 3 700 000
Bryggen i Bergen 18 750 000
Rjukan-Notodden industriarv 15 500 000
Røros bergstad og Circumferensen 11 560 000
Struves meridianboge 2 100 000
Urnes stavkyrkje 1 500 000
Vegaøyan 5 265 000
Vestnorsk fjordlandskap 5 300 000
Noregs verdsarv 2 150 000

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153