Riksantikvaren og Trøndelag fylkeskommune sender no ei ny oversikt over 26 landskap i fylket på høyring.
Lista inneheld landskap frå Drivdalen i sør til Leka i nord, og ligg både ved kyst og fjord og i innlandsdalar og på fjellvidder. Stadene strekk seg over totalt 26 kommunar.
– Utkastet omfattar 26 landskap i Trøndelag som Riksantikvaren foreslår i oversikta over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Etter høyringa vil landskapa bli presentert i ein endeleg rapport, seier seniorrådgivar hos Riksantikvaren, Ingunn Holm.
Høyringsutkastet blir sendt til kommunar, regionale og statlege styresmakter og til organisasjonar på fylkesnivå.
– Riksantikvaren ønskjer gjerne tilbakemeldingar på forslaget, seier Holm.
Den nye oversikta peikar ut landskap av nasjonal interesse i heile Trøndelag, og er basert på eit utkast frå Trøndelag fylkeskommune og Sametinget.
Målet er ei oversikt som skal visa mangfaldet av landskap i fylket. Oversikta skal først og fremst vere eit verktøy som gir kunnskap til kommunane og andre styresmakter. Den er ikkje ein verneplan, og områda blir ikkje freda.
Høyringsfristen er 1. mars 2026. Du finn rapporten her.
Du kan seie meininga di ved å sende ein e-post til Riksantikvaren på postmottak@ra.no
Merk innspelet med «Høyring – Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse Trøndelag».
Sjå oversikta her:
Flatanger kommune:
Folda
Frosta kommune:
Frosta
Frøya kommune:
Øyrekka
Grong kommune:
Namsen
Holtålen kommune:
Riasten
Inderøy kommune:
Borgenfjorden (Børgin)
Volhaugen
Indre Fosen kommune:
Trondheims Mynne
Leka kommune:
Leka
Levanger kommune:
Levangernesset
Lierne kommune:
Dåtnejaevrie – Tunnsjøen
Kvelia
Meråker kommune:
Skearpedaelie
Midtre Gauldal:
Budalen
Namsos kommune:
Hierkieloekte – Hestvika
Oppdal kommune:
Drivdalen
Klevgardan
Orkland kommune:
Trondheims Mynne
Osen kommune:
Folda
Overhalla kommune:
Namsen
Røros kommune:
Riasten
Røros – Korssjøen – Tufsingdalen
Røyrvik kommune:
Johkegaske
Dåtnejaevrie – Tunnsjøen
Selbu kommune:
Kvernfjellet
Snåsa kommune:
Gressåmoen
Steinkjer kommune:
Borgenfjorden (Børgin)
Volhaugen
Stjørdal kommune:
Hegra
Tydal kommune:
Skearpedaelie
Riasten
Verdal kommune:
Volhaugen
Stiklestad
Inndalen
Ørland kommune:
Tarva
Valseidet og Koet
Trondheims Mynne
Høyringsfristen er 1. mars 2026
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Berre 60 år gammal, men no blant Noregs viktigaste kyrkjer
No sett Riksantikvaren Steinkjer kyrkje på lista over kulturhistorisk viktige kyrkjer i Noreg. For første gang på 26 år kjem det ei ny kyrkje inn på lista.
Riksantikvaren på Arendalsuka 2026
Riksantikvaren deltek på fleire arrangement under Arendalsuka 2026. Her er ei oversikt over arrangementa vi deltek på.
Åpner vikingskipsgrav på Karmøy
Grønhaug – som knyttes til Harald Hårfagres tid – skal undersøkes 124 år etter forrige utgraving.

