Riksantikvaren har avgjort ei klage på Rogaland fylkeskommunes avslag på søknad om dispensasjon frå freding av Sogndalstrand kulturmiljø. Det var søkt om å flytte eit stakittgjerde og etablere ein biloppstillingsplass.
Avslaget frå Rogaland fylkeskommune var grunngitt med tiltaka ville utgjere eit vesentleg inngrep i det freda kulturmiljøet og at det ikkje låg føre eit særleg tilfelle for å få dispensasjon.
Riksantikvaren fann ikkje feil ved vedtaket til fylkeskommunen og var einig i at vilkåra for dispensasjon ikkje var oppfylt. Riksantikvaren stadfesta avslagsvedtaket. Klaga blei ikkje tatt til følgje.