Sol, sommar og kulturminne
Sommaren kjem og går, men kulturminna består, og det er ei flott tid for å oppleve den fantastiske kulturarven vår.
DS Bjoren
DS «Bjoren» er ein freda dampbåt. Den vart bygd i 1867 ved Akers Mekaniske Verksted, og var ein viktig del av transportsystemet i Setesdal. I dag driftast båten av Setesdalmuseet, som arrangerer turar på den vakre Byglandsfjorden.
Spydeberg prestegard
Spydeberg prestegård ligg i Spydeberg i Østfold, og vart freda i 1991. I dag er det Stiftinga Spydeberg prestegård som eig garden, og om sommaren er den åpen for besøk kvar søndag.
Valle kyrkje
Valle kirke (Lindesnes) ligg på austsida av Audnaelva på Vigeland. Kyrkja har korsform og er bygd i 1793 med 6 galleri og 600 sitteplassar. Ei nydeleg kyrkje vel verdt eit besøk!
Struves meridianboge
Dette er den lengste gradmålingsrekka som er målt med klassiske metodar. 34 av dei opphavlege målepunkta er i dag på UNESCOs verdsarvliste. Her frå monumentet i Hammerfest.
Tingelstad gamle kyrkje
Steinkyrkja frå mellomalderen ligg i Gran kommune. Kyrkja er bygd av lokal stein, blant anna frå Buhammeren, og reknast for å vere ei typisk romansk bygdekyrkje.
Gjenreisingsarkitektur i Kristiansund
I aprildagane 1940 blei Kristiansund sentrum bomba av tyske fly. Gjenreisinga tok fatt då krigen var slutt, men byrja allereie i 1940 i regi av Brente steders regulering. Perfekt for ei byvandring i vår nære historie.
Transteinen på Mortensnes
Transteinen er ein reist stein omgitt av 13 konsentriske steinsirklar, som formar labyrinten rundt. Offersteinen blei smurt med tran for å få fiskelykke.
Sundt varemagasin
Varemagasinet ligg på Torgallmenningen i Bergen. Bygget er teikna av Per Grieg, og vart restaurert og gjenopna i 2024. Her kan du nyte god mat med utsikt heilt til Fisketorget.
Fredriksten festning
Festningen tronar over Halden, og er nydeleg i sommarsola. Bygginga starta i 1661, og festningen er i dag museum. Ein perfekt rusletur i kveldinga, med utsikt over eit av Noregs vakraste bysenter.
Foto:Trond A. Isaksen, Riksantikvaren, Guri Dahl, Riksantikvaren
Kjelder:
Store Norske Leksikon
Riksantikvaren
Nyheter
Freder Kråkeslottet midlertidig
Riksantikvaren går til midlertidig fredning av Kråkeslottet og deler av Skjåholmen på Senja med umiddelbar virkning.
Innsigelse mot Oslos nye kommuneplan
Riksantikvaren reiser innsigelse på ni punkter til Oslos forslag til kommuneplan.
Berre 60 år gammal, men no blant Noregs viktigaste kyrkjer
No sett Riksantikvaren Steinkjer kyrkje på lista over kulturhistorisk viktige kyrkjer i Noreg. For første gang på 26 år kjem det ei ny kyrkje inn på lista.
