Denne rettleiaren om forskriftsmessig branntryggleik i kulturminne skal gi eigarar, forvaltarar og rådgivarar innsikt i handlingsrommet i brannregelverket.
Innhold
Denne rettleiaren er utarbeidd av Asplan Viak på bestilling frå Riksantikvaren.
Introduksjon
Regelverket stiller ikkje særskilde branntekniske krav til kulturminne. Kva krav som gjeld, kjem i hovudsak an på kor stort byggverket er, og korleis det blir brukt. Tryggingsnivået er det same for kulturminne som for andre byggverk, og så lenge persontryggleiken er sikra, tillét regelverket at bygningar kan gå tapt. Dette skaper utfordringar: Kulturminne er sårbare for standardiserte og inngripande brannsikringstiltak, samtidig som dei kan ha høgare brannrisiko og større behov for sikring enn andre byggverk.
Verdien av kulturminnet påverkar som regel korleis vi oppnår forskriftsmessig branntryggleik, ikkje om vi oppnår det. For å finne gode branntekniske løysingar må vi skilje mellom kva vi er forplikta til å oppnå (funksjonskrava i forskriftene), og korleis vi vel å gjere det (ytingane).
Preaksepterte ytringar
Myndigheitene har definert ei rekkje konkrete tekniske eller fysiske tiltak som dei reknar som tilstrekkelege til å oppfylle funksjonskrava i forskriftene. Desse tiltaka blir kalla preaksepterte ytingar. Det er fullt mogleg å velje andre tiltak, så lenge det kan dokumenterast gjennom ein analyse at dei oppfyller funksjonskrava. Nemninga preaksepterte ytingar vil du møte fleire stader i denne rettleiaren.
Regelverket og lovpyramiden
I Noreg er det ingen lover eller forskrifter som stiller særskilde krav til branntryggleik i kulturminne. Brannkrava er dei same som for bygg utan verneverdi, og kjem an på korleis bygga blir brukte. Utfordringa med kulturminne er at dei er sårbare for inngripande tiltak, samtidig som behovet for sikring kan vere stort.
Lover og forskrifter fastset sjeldan konkrete tiltak. For å forstå handlingsrommet og kunne velje tilpassa løysingar er det nødvendig å kjenne til det juridiske hierarkiet – ofte kalla «lovpyramiden». Dette systemet skil mellom kva regelverket krev, og korleis krava kan oppfyllast.

Nivå 1: Lover gir rammene
Øvst i pyramiden finn vi lovene, som set overordna rammer for samfunnet. Lovene gir fullmakt til å stille krav til tryggleik, men fastset ikkje konkrete løysingar.
Desse lovene er relevante for branntryggleik i kulturminne:
Kulturminnelova
Kulturminnelova har som formål å ta vare på kulturminne for nolevande og framtidige generasjonar. Lova pålegg eigarar av kulturminne å innhente løyve ved inngrep som ombygging og oppgradering.
Gjennom kulturminnelova har Stortinget bestemt at enkelte byggverk er så verdifulle at dei skal bevarast for ettertida. Fordi lova er laga for å verne desse byggverka, går ho føre anna regelverk dersom reglane kjem i konflikt. Ho er ei såkalla særlov.
Brann- og eksplosjonsvernlova
Brann- og eksplosjonsvernlova har som formål å verne liv, helse, miljø og materielle verdiar mot brann. Lova stiller mellom anna krav om at eigarar av byggverk skal sørgje for nødvendige sikringstiltak for å førebyggje og avgrense brann.
Eigarar pliktar òg å halde bygningar og brannsikringstiltak i forsvarleg stand. For eigarar av eldre byggverk kan dette innebere at dei må oppgradere branntryggleiken.
Plan- og bygningslova
Plan- og bygningslova (PBL) regulerer planlegging og behandling av byggjesaker, byggjeverksemd og arealforvaltning. Brannkrava i PBL gjeld berre når eit byggjetiltak er søknadspliktig og derfor krev byggjesak. Større ombygging av freda byggverk er sjeldan aktuelt, men ei rekkje mindre byggjetiltak kan vere søknadspliktige. Når nokon søkjer om å setje i gang eit slikt tiltak, blir saka behandla som byggjesak i kommunen. Då gjeld dei branntekniske krava i byggteknisk forskrift (sjå; Byggteknisk forskrift (TEK17) nedanfor i Nivå 2).
Nivå 2: Forskrifter gir krava
Under lovene finn vi forskriftene. Dei fastset meir konkrete krav enn lovene. Alle forskriftskrav er juridisk bindande, men forskriftene seier sjeldan nøyaktig korleis krava skal oppfyllast. Står det til dømes at dører må utførast slik at dei sikrar rask rømming, seier forskrifta ingenting om kor breie dørene må vere.
Desse forskriftene er relevante for branntryggleik i kulturminne:
Forskrift om brannførebygging
Forskrift om brannførebygging byggjer på brann- og eksplosjonsvernlova. Formålet er å redusere sannsynet for brann og avgrense konsekvensane brann kan få for liv, helse, miljø og materielle verdiar. Dette omfattar òg kulturminneverdiar.
Kapittel 2 i forskrifta handlar om dei førebyggjande pliktene til den som eig eit byggverk. Eigaren skal mellom anna kjenne til, kontrollere og dokumentere brannsikringstiltak i byggverket.
Sentralt for kulturminne er § 8. Der står det at eigarar av eldre byggverk skal sørgje for å oppgradere tryggingsnivået slik at det minst svarer til nivået som følgjer av dei samla krava i byggjeforskrift 1985 (BF85) eller seinare byggjereglar. Dette kallar vi oppgraderingsplikta.
Ein viktig nyanse er at forskrifta nyttar omgrepet nivået og ikkje krava. Det inneber at eigarane ikkje er bundne til dei spesifikke krava i BF85. Dei kan velje ulike tiltak så lenge dei kan dokumentere at tiltaka gir eit tryggingsnivå som svarer til nivået i BF85.
Byggteknisk forskrift (TEK17)
Byggteknisk forskrift, eller TEK17, byggjer på plan- og bygningslova og regulerer byggjetiltak. Kapittel 11 fastset tekniske krav til branntryggleik i samband med slike tiltak. For eldre byggverk gjeld forskrifta berre ved søknadspliktige tiltak.
Forskrifta er funksjonsbasert. Det vil seie at ho fastset kva som skal oppnåast, men i liten grad korleis. Derfor er det ofte mogleg å velje mellom ulike løysingar.
For dei fleste byggverk er det overordna målet at alle personar skal kunne rømme eller reddast ut ved brann. Forskrifta krev ikkje at byggverket skal overleve brannen. Byggverket kan gå tapt, så lenge nødvendig tid til rømming og redning er sikra.
Nivå 3: Preaksepterte ytingar gir eit dokumentert tryggingsnivå
På det neste nivået i lovpyramiden finn vi dei preaksepterte ytingane. Preaksepterte ytingar er konkrete tiltak som oppfyller funksjonskrav i forskriftene, til dømes i TEK17. Dei er ikkje juridisk bindande, men dei gir eit tryggingsnivå som myndigheitene reknar som tilstrekkeleg til å oppfylle krava.
TEK17 krev at ein dokumenterer korleis funksjonskrava i forskrifta er oppfylte. Dette kan gjerast på to måtar: anten ved å følgje dei preaksepterte ytingane eller gjennom ein analyse som viser at alternative løysingar oppfyller krava. Det er altså ikkje slik at ein må følgje dei preaksepterte ytingane, men det er ein trygg og enkel måte å vise at forskriftskrava er oppfylte på.
I rettleiinga til forskrift om brannførebygging står det at krava i BF85 kan reknast som preaksepterte ytingar.
Nivå 4 og 5: Standardar m.m. gir anerkjend rettleiing
På nivåa under dei preaksepterte ytingane finn vi standardar, faglitteratur og rettleiingar. Desse er heller ikkje juridisk bindande, men ein enkel tommelfingerregel gjeld: Jo høgare opp i lovpyramiden ein standard eller ei rettleiing ligg, desto sterkare grunngiving krevst for å velje ei anna løysing.
Mange preaksepterte ytingar viser til ein norsk standard, til dømes NS 3960 for brannalarmanlegg. I slike tilfelle blir standarden i praksis ein del av den preaksepterte ytinga. Ein standard som ikkje er nemnd i dei preaksepterte ytingane, har mindre vekt. Han blir likevel rekna som alminneleg anerkjend fagkunnskap.
Blant faglitteraturen og rettleiingane står Byggforskserien i ei særstilling. Han er ikkje på nivå med Norsk Standard, men dokumenterer anerkjend byggjeskikk. Rettleiingane i Byggforskserien kan ofte brukast til å dokumentere løysingar som ikkje er dekte av preaksepterte ytingar.
Oppgradering av branntryggleik: kvifor, når og korleis?
Kvifor må branntryggleiken oppgraderast?
Gjennom 1970- og 80-åra var det mange som omkom i brann i Noreg. I tillegg auka talet på brannskadar og skadeutbetalingar. Samtidig endra bygningsmassen seg, og nye materiale kom i bruk. Denne utviklinga gjorde at myndigheitene såg behov for å stramme inn regelverket. Dei såg at tryggleiken i mange bygningar var for dårleg, og politikarane kravde effektive tiltak, ikkje berre for nye bygg, men òg for den eksisterande bygningsmassen.
I 1991 fekk alle eksisterande byggverk nye krav gjennom forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn. Forskrifta krev at eldre bygningar skal ha minst same tryggingsnivå som følgjer av byggjeforskrift 1985 (BF85). Dette inneber at eigarar pliktar å oppgradere branntryggleiken i bygningar som er reiste før 1985.

Stortingsmelding nr. 15 (1991–92) Tiltak mot brann framheva at framtidige brannforskrifter i størst mogleg grad bør vere funksjonsbaserte. Det vil seie at forskriftene beskriv kva som skal oppnåast, snarare enn å krevje bestemte løysingar. I tråd med denne utviklinga presiserte rettleiinga til forskrift om brannførebygging at det er mogleg å velje andre løysingar enn dei som følgjer av krava i BF85, så lenge ein dokumenterer at byggverket oppnår eit tilsvarande tryggingsnivå.
Når må branntryggleiken oppgraderast?
Brannsikring er ikkje ei oppgåve som kan løysast éin gong for alle. Ulike krav, planar og mål kan skape behov for nye brannsikringstiltak. Grovt sett finst det tre spor som kan utløyse sånne behov, slik figur 3 viser.

Oppgraderingsplikta (forskrift om brannførebygging § 8)
Sidan 1991 har eigarar av eldre byggverk hatt ei plikt til å oppgradere branntryggleiken. Denne plikta gjeld kontinuerleg, uavhengig av om det ligg føre planar om ombygging, eller om brannvesenet har gjennomført tilsyn. I denne samanhengen representerer BF85 eit minimumsnivå for branntryggleiken.
Søknadspliktige tiltak (PBL/TEK17)
Når det skal gjerast søknadspliktige endringar i eit byggverk, til dømes i samband med rehabilitering, må tiltaket oppfylle relevante krav i TEK17. Elles må tiltakshavaren søkje om unntak etter PBL § 31-4. For mange kulturminne kan brannkrava i TEK17 i hovudsak gi dei same praktiske løysingane som krava i BF85.
Strategisk verdisikring
Det tredje sporet er ofte det viktigaste for å sikre sjølve kulturminnet, men er ikkje lovpålagt. Strategisk verdisikring handlar om å verne byggverket og uerstatteleg inventar mot brann. Eit byggverk som oppfyller juridiske krav til persontryggleik, kan likevel gå tapt i ein brann etter at personane i bygget har komme seg ut. Formålet med verdisikringstiltak er å førebyggje og avgrense brannskadar utover dei juridiske krava. Slike tiltak kan i stor grad tilpassast antikvariske omsyn.
Korleis kan branntryggleiken oppgraderast?
Brannteknisk tilstandsanalyse (oppgraderingsplikta)
Forskrift om brannførebygging krev at eigaren av eit byggverk skal dokumentere branntryggleiken. I praksis må eigaren kunne leggje fram dokumentasjon som viser at branntryggleiken er på nivå med BF85, eller at det ligg føre planar om oppgradering. Ein brannteknisk tilstandsanalyse er eit godt verktøy for å dokumentere dette.
Ein brannteknisk tilstandsanalyse må vurdere om den overordna funksjonen bak dei konkrete krava er oppnådd. Dersom funksjonen ikkje er oppnådd, bør analysen tilrå tiltak som kan sikre det utan uakseptable inngrep i kulturminnet.Det kanparadoksalt nok vere enklare å ta utgangspunkt i TEK17 enn BF85, fordi TEK17 byggjer på funksjonskrav, medan BF85 i stor grad består av detaljkrav.
Brannkonsept (søknadspliktige tiltak)
Alle som skal gjennomføre søknadspliktige tiltak som påverkar branntryggleiken, må utarbeide eit brannkonsept. Det er ein rapport som dokumenterer korleis funksjonskrava i TEK17 er oppfylte. Det er to måtar å oppfylle krava på: anten å følgje dei preaksepterte ytingane i rettleiinga til TEK17 eller å utarbeide ein analyse som viser at alternative tiltak gir tilsvarande tryggleik. Det er vanleg å velje preaksepterte løysingar der det er mogleg, og å dokumentere eventuelle fråvik gjennom analysar.
Risikoanalyse (strategisk verdisikring)
Dersom målet er å verne sjølve bygget best mogleg mot brann, er det nødvendig å sjå forbi minimumskrava i regelverket. Byggjeforskriftene gjeld i hovudsak «ved brann» og rettar seg mot persontryggleik. Objektsikring krev at ein tenkjer breiare og ser på tiltak som kan førebyggje brann og hindre eller forseinke brannutvikling og -spreiing dersom brann likevel oppstår.
Ein heilskapleg risikoanalyse er godt eigna til dette. Risikoanalysen må identifisere kvar og korleis brann kan oppstå, og kva for svake punkt som kan bidra til spreiing. I denne samanhengen er det ikkje nødvendigvis avgjerande om ein vegg kan stå imot brann i 30 eller 60 minutt. Alle forseinkingar – sjølv eitt til fem minutt – kan gi brannvesenet den tida dei treng til å sløkkje brannen og berge verdiar. Organisatoriske tiltak, førebyggjande arbeid og enkelt vedlikehald kan derfor vere vel så viktig som tekniske installasjonar, sjølv om ikkje byggjeforskriftene seier noko om slike tiltak.
Antikvarisk forståing for brannrådgivarar
Når ein brannrådgivar skal planleggje brannsikringstiltak, er det naturleg å vurdere byggverket som eit objekt som skal vernast. Men for kulturminne kan verdien av objektet gå tapt som følgje av sjølve sikringstiltaka.
Mange knyter kulturminne først og fremst til aldersverdi, men antikvarar vurderer kulturminne ut frå fleire typar verdiar. Kunnskap om desse verdiane gjer det lettare å finne løysingar som både gir god branntryggleik og vernar kulturminna.
Antikvariske verdiar kan delast inn i tre hovudkategoriar:
Kunnskapsverdi
Kunnskapsverdi handlar om bygningen som historisk dokument og fysiske spor som kan gå tapt dersom det blir gjort inngrep i bygningen.
Døme på kunnskapsverdiar:
- kunnskap om plan- og bygningshistorie, materiale, stilartar, teknologi, handverk, kunst og arkitektur
- næringshistorie knytt til landbruk, fiskeri og industri, sosiale forhold, samferdsel, idrett, krig, busetjing og utmark
- religionshistorie, minoritetshistorie og personalhistorie
- forskings- og vitskapshistorie
- kultur- og samfunnshistorie
- miljøhistorie, forvaltningshistorie og vegetasjonshistorie
Opplevingsverdi
Opplevingsverdi handlar om korleis menneske sansar og opplever kulturminnet. Fysiske inngrep eller såkalla visuell støy frå framande installasjonar kan redusere desse verdiane.
Døme på opplevingsverdiar:
- arkitektonisk, kunstnarisk, estetisk og handverksmessig verdi
- bruks- og alderspreg og patina
- symbolverdi, tilhøyrsel og identitetsverdi
- undring, refleksjon, overrasking, attkjenning, nysgjerrigheit og sinne
Bruksverdi
Bruksverdi handlar om kor godt bygningen fungerer i dagens samfunn. Verdien ligg i at bygningen er i aktiv bruk, og kan bli redusert av branntekniske restriksjonar.
Døme på bruksverdiar:
- økonomisk verdi
- ressursverdi
- næringsverdi
- utviklingsverdi
- formidlingsverdi
- tilhøyrselsverdi
- pedagogisk verdi
- museal verdi
- tilgjenge verdi
Kunnskap om kva verdiar som er knytte til ulike delar av bygningen, og kva verdiar som er viktigast for det aktuelle kulturminnet, gjer det lettare å tilpasse brannsikringstiltaka. Ei mellomalderkyrkje kan til dømes ha overflater med uvurderleg kulturhistorisk verdi, samtidig som sakristiet stammar frå 1970-åra eller vindfanget er av nyare dato.
Ulike typar kulturminneverdiar kan gi ulikt rom for branntekniske tiltak. Tabellen nedanfor viser eit døme frå ei kyrkje.
| Type verdi | Spesifikt for kyrkja | Brannteknisk handlingsrom |
|---|---|---|
| Kunnskapsverdi: kunnskap om teknikk og handverk | Originale mellomalder-konstruksjonar, lafteverk og verktøyspor | Lite: Inngrep i konstruksjonen bør ikkje aksepterast. |
| Opplevingsverdi: kunstnarisk og estetisk verdi | Inventar, altertavle og veggmåleri | Middels: Inngrep må vere diskré eller skjulte. |
| Opplevingsverdi: symbol- og identitetsverdi | Romkjensle, atmosfære og eit sakralt lys | Stort: Tekniske tiltak og inngrep kan aksepterast om dei er godt tilpassa, slik at opplevinga av rommet i hovudsak blir bevart. |
Alternativ brannsikring kan krevje kompromiss
Verdiane av kulturminnet påverkar som regel korleis vi kan oppnå forskriftsmessig tryggleik, ikkje om vi kan oppnå det.
Å oppgradere branntryggleiken og samtidig ta antikvariske omsyn er ofte ein balansegang. Det kan krevje økonomiske, driftsmessige eller tryggingsmessige kompromiss som det er viktig å vere klar over.
| Moglege konsekvensar av brannsikring etter antikvariske prinsipp | |
| Aktive framfor passive tiltak | Standardløysingar byggjer ofte på passive tiltak som brannskilje, branndører og ubrennbare materiale. Eit alternativ er å sikre mot brann ved hjelp av aktive tiltak som sløkkjeanlegg og brannalarmanlegg. Slike system er meir komplekse, har avgrensa teknisk levetid og krev dessutan fysiske inngrep i bygningen. |
| Større drifts- og vedlikehaldsbehov | Aktive og tekniske tiltak krev tilsyn, testing og vedlikehald gjennom heile levetida for anlegget. |
| Høgare kostnader | Brannsikringstiltak som er godt tilpassa kulturminneverdiane, kan krevje spesialkompetanse, meir tidkrevjande arbeid og høgare kostnader til materiale eller teknisk utstyr enn standardløysingar. |
| Avgrensingar i bruk | Av og til er det ikkje mogleg å oppfylle forskriftskrava utan å gjere uakseptable inngrep i kulturminnet. Det kan føre til avgrensingar i bruken. Eit døme kan vere at persontalet på eit galleri i ei kyrkje må reduserast. |
| Lågare materiell tryggleik | Tilpassa brannsikringstiltak kan i nokre tilfelle gi tilstrekkeleg persontryggleik, men lågare materiell tryggleik enn standardløysingar. |
Antikvariske prinsipp for brannsikring
For å identifisere branntekniske tiltak som ikkje reduserer kulturminneverdiane, kan det hjelpe å følgje etablerte antikvariske prinsipp. Desse kan bidra til at dei tekniske løysingane blir tilpassa bygningen, ikkje omvendt.
Dei mest relevante antikvariske prinsippa for brannsikring er:
- Inngrep skal vere unntaket – ikkje regelen. Tiltak bør medføre minst mogleg endringar av interiøret og eksteriøret, særleg i sensitive overflater og materiale. Dersom det er mogleg å oppfylle funksjonskrava i forskrifta med eit enklare tiltak, bør ein velje det enklare tiltaket.
- Endringar bør vere reversible. Tekniske inngrep bør i størst mogleg grad kunne fjernast utan å etterlate seg varige spor. Dersom det kjem ny og betre teknologi i framtida, bør dagens installasjonar kunne erstattast utan unødvendige inngrep i kulturminnet.
- Bruken bør tilpassast bygningen, ikkje omvendt. Nokre gonger krev ein bestemt bruk så omfattande brannsikring at krava ikkje kan oppfyllast utan store inngrep i kulturminnet. Då må ein vurdere å bruke bygget til eit anna formål eller å avgrense bruken.
Branntekniske analysar i kulturminne
I kulturminne bør ein som regel nytte ein metodikk som byggjer på analytisk prosjektering. Det gjeld uavhengig av kva regelverk ein følgjer. Dersom byggjeforskrift 1985 (BF85) gjeld for byggverket, kan ein nytte krava i denne forskrifta som preaksepterte ytingar.
Dei preaksepterte ytingane kan nyttast så langt dei passar, men som regel er det òg behov for alternative løysingar. Slike løysingar bør verifiserast mot funksjonskrava i TEK17, ettersom BF85 ikkje er funksjonsbasert.
Mange tenkjer at analytisk prosjektering krev avanserte analysar og berekningar. Slik er det ikkje nødvendigvis. Nokre løysingar kan rett nok krevje omfattande analysar, men i andre tilfelle er det nok å dokumentere tryggleiken gjennom logiske resonnement.
Figur 4 viser kva regelverk og krav som kan leggjast til grunn når ein vurderer branntryggleiken i kulturminne.

Å tolke intensjonen bak kravet
Av og til er det uklart kva som er intensjonen bak krav og ytingar. Då kan det vere vanskeleg å avgjere kva tryggingsfunksjon dei skal sikre, og om ei alternativ yting gir tilsvarande tryggleik.
Ein viktig del av analytisk prosjektering er derfor å identifisere både funksjonen som skal sikrast, og formålet med funksjonskravet. I denne vurderinga er det viktig å skilje mellom krav som primært skal sikre persontryggleik, og krav som skal sikre materiell tryggleik. For kulturminne kan den materielle verdien nettopp liggje i at bygningen er bevart. Då kan det vere paradoksalt å gjennomføre omfattande inngrep for å sikre materiell tryggleik.
Figur 5 viser korleis intensjonen om at personar raskt skal kunne finne ein utgang ved brann, er omsett til krav og ytingar. Forskrifta seier at byggverk i risikoklasse 5, der kyrkjer og andre forsamlingslokale normalt blir plasserte, skal ha eit leiesystem. Eit leiesystem er eit sett med tiltak som skal leie personar til ein sikker stad.
Sjølv om forskrifta krev eit leiesystem, seier ho altså ikkje korleis systemet skal utformast. Men i rettleiinga til forskrifta står det at markeringsskilt over utgangar kan brukast som ei preakseptert yting. Standarden for leiesystem beskriv korleis slike skilt skal utformast.
Markeringsskilt over utgangar er éi mogleg løysing. Andre løysingar kan gi tilsvarande tryggleik. Kva løysing som eignar seg best, må vurderast ut frå ein heilskapleg analyse.

Vanlege utfordringar og løysingsforslag
Smale dører
Mange eldre bygningar har dører som er smalare enn det som normalt krevst i dag. Det kan derfor vere nødvendig å dokumentere at rømmingstryggleiken er tilfredsstillande sjølv om dørbreidda avvik frå dei preaksepterte ytingane. Det kan òg vere nødvendig å berekne kor mange personar som kan tillatast i bygget.
Regelverket
Funksjonskravet i TEK17 (§ 11-13 sjuande ledd) seier at dører til rømmingsvegar skal vere breie og høge nok til å sikre rask rømming.
For kyrkjer og andre forsamlingslokale i risikoklasse 5 er den preaksepterte ytinga at dører til rømmingsvegar skal ha ei fri breidd på minst 1,16 meter.
I BF85 var kravet til forsamlingslokale at den frie breidda i rømmingsvegane skulle vere minst 1 centimeter per person og ikkje mindre enn 1,3 meter.
Intensjonen med regelverket
Intensjonen bak kravet til dørbreidd er å sikre effektiv personflyt gjennom dører ved å førebyggje flaskehalsar, køar og trengsel.
Når det blir tett med menneske framfor ei dør, kan personstraumen gjennom døra bli så låg at han stoppar opp sjølv om døra står open. Jo fleire personar som skal gjennom, desto breiare må døra vere for å motverke denne effekten.
Analysemetodar
Kva effekt dørbreidda har på rømmingstida, kan analyserast ved hjelp av ulike verktøy og metodar. Overordna kan vi skilje mellom komparative og deterministiske analysemetodar.
Ein komparativ analyse inneber å samanlikne den faktiske dørkonfigurasjonen i byggverket med eit tenkt referansebygg som oppfyller dei preaksepterte ytingane. Dersom byggverket har to utgangsdører med ei fri breidd på 100 cm kvar, vil ingen av dørene oppfylle den preaksepterte ytinga isolert sett. Ein komparativ analyse kan likevel vise at to dører på 100 cm gir raskare rømming enn éi dør på 116 cm.
Ein deterministisk analyse inneber å dokumentere matematisk at kritiske forhold i byggverket ikkje oppstår før rømminga er fullført, og at det finst ein tilstrekkeleg tryggingsmargin mellom tilgjengeleg og nødvendig rømmingstid. Metoden kan gi eit meir nøyaktig og realistisk bilete av risikoen, men krev spesialkompetanse. Han er sårbar for usikre eller feilaktige føresetnader om brannutvikling og menneskeleg åtferd.
Forhold som kan vurderast
Ei rekkje forhold kan påverke rømmingstida direkte eller indirekte og bør vurderast som del av analysen. Slike forhold kan til dømes omfatte:
- persontal: Risikoen knytt til smale dører blir påverka av kor mange som skal rømme. Ved behov kan ein avgrense persontalet ved å setje ei øvre grense for kor mange som kan opphalde seg i bygningen eller i delar av han.
- høgd under taket: Kyrkjerom og forsamlingssalar kan ha stor himlingshøgd og eit stort romvolum. Dette påverkar kor lang tid det tek før kritiske forhold oppstår ved brann.
- branndeteksjon: Deteksjonsteknologien i brannalarmanlegget påverkar kor raskt ein brann blir oppdaga og varsla, og dermed kor lang tid som er tilgjengeleg for rømming.
Rømming frå mellometasjar
Mellometasjar som galleri og mesaninar er vanlege i både kyrkjer og andre forsamlingslokale. I eldre bygningar har slike mellometasjar ofte berre éi trapp, medan dagens regelverk som hovudregel krev to utgangar frå kvart plan, også frå mellometasjar.
Regelverket
Eit grunnleggjande prinsipp for rømming ved brann er at det skal finnast to uavhengige rømmingsvegar eller direkte utgang til sikker stad. Dette gjeld òg for mellometasjar.
Dei preaksepterte ytingane seier at ei interntrapp til det underliggjande planet kan reknast som likeverdig med ein utgang. I tillegg skal det finnast minst éin utgang frå mellometasjen til rømmingsveg eller sikker stad. BF85 stiller tilsvarande krav.
I enkelte bygningar opnar dei preaksepterte ytingane for at mellometasjar berekna for inntil ti personar kan ha utgang berre via interntrapp til underliggjande plan.
Intensjonen med regelverket
Intensjonen er å sikre at personar alltid har ein alternativ rømmingsveg dersom éin rømmingsveg blir blokkert av brann, og at den tilgjengelege rømmingstida er tilstrekkeleg.
Analysemetodar
Mellometasjar, og særleg galleri i kyrkjebygg, er ofte utforma på ein måte som utfordrar rammene i nyare forskrifter. Bruk av galleri for publikum krev derfor særskild aktsemd og risikovurdering.
Å analysere tryggleiken ved slik bruk kan innebere å samanlikne tida det tek å evakuere galleriet (nødvendig rømmingstid), med tida det tek før forholda blir kritiske (tilgjengeleg rømmingstid).
Kor omfattande analyse som trengst, kjem an på kor komplekst galleriet er. Dersom galleriet er oversiktleg og rømmingsvegane ikkje har særlege utfordringar, kan analysen vere relativt enkel. Bratte trapper, tronge passasjar, mangel på alternative rømmingsvegar og høgare personbelastning tilseier ein meir detaljert analyse.
Det vesentlege er at rømminga frå galleriet er tilstrekkeleg effektiv, og at rømmingsvegen ikkje kan bli blokkert av brann.
SINTEF har publisert ein analyse av rømming frå kyrkjegalleri som presenterer ein forenkla dimensjoneringsmetode der persontalet på galleriet blir sett til éin person per trappetrinn. Metoden kan i nokre tilfelle nyttast som utgangspunkt for å vurdere kor mange personar det er forsvarleg å tillate, men han byggjer på fleire føresetnader.
Forhold som kan vurderast
Ei rekkje forhold kan påverke tryggleiken ved rømming frå galleri og andre mellometasjar og bør vurderast som del av analysen. Slike forhold kan mellom anna omfatte
- tilgjengeleg rømmingstid: forhold som påverkar den tilgjengelege rømmingstida frå galleriet, til dømes romhøgd, overflatemateriale, brannenergien til inventaret og aktive brannsikringstiltak
- nødvendig rømmingstid: forhold som påverkar den nødvendige rømmingstida frå galleriet, til dømes kor mange personar det er der, kor breie dørene og trappene er, og kva aktive brannsikringstiltak som finst
- plassering av trappa: til dømes om trappa frå galleriet i ei kyrkje munnar ut i kyrkjerommet eller i våpenhuset
- risiko for blokkering av rømmingsveg: til dømes risikoen for at brann i våpenhuset eller ei trapp kan blokkere rømming frå galleriet, og om det er behov for brannvakt i våpenhuset når galleriet er i bruk
- oversikt: kor oversiktleg galleriet er, og om personar på galleriet oppfattar fare og reagerer på same måte som personar på hovudplanet
- samanfletting av personstraumar: korleis personstraumen frå galleriet påverkar annan personstraum som skal nytte same utgang
- organisatoriske tiltak: andre tiltak som kan bidra til sikker rømming
Beslag på dører
I mange eldre bygg er dei originale dørhandtaka, beslaga og låsemekanismane karakteristiske detaljar i interiøret. Ofte er dei mest uvanlege lukkemekanismane òg dei mest bevaringsverdige. Men eldre nøkkelvridarar, skoter og klinker samsvarer ikkje alltid med dagens krav til rømmingsdører, og må derfor vurderast særskilt.
Regelverket
Funksjonskravet i TEK17 seier at dører skal sikre rask rømming. Forskrifta stiller òg krav om at dører skal vere lette å opne utan bruk av nøkkel.
Den preaksepterte ytinga er at dører til rømmingsveg skal vere enkle å opne og lette å bruke for alle personar. For dører i rømmingsvegar i forsamlingslokale er den preaksepterte ytinga at dei skal kunne opnast med eitt grep. BF85 stiller tilsvarande krav for forsamlingslokale.
Intensjonen med regelverket
Intensjonen bak kravet om opning med eitt grep er at døra skal gi uhindra og omgåande passasje idet ein større personstraum når fram til utgangen.
Ein rømmingssituasjon kan vere prega av stress, røykutvikling og sviktande belysning. Dersom personar møter ei lukka dør som det krev spesiell kunnskap eller fleire operasjonar å opne, kan det oppstå forseinkingar og trengsel, og personstraumen kan stoppe heilt opp.
Analysemetodar
Kor enkel ei dør er å bruke, er vanskeleg å vurdere utan nærmare inspeksjon. Det er som regel nødvendig å undersøkje døra på staden.
Dersom døra ikkje er enkel å bruke, må ein vurdere alternative tiltak. Organisatoriske tiltak kan vere eit alternativ eller supplement til tekniske tiltak.
I samband med arrangement kan organisatoriske tiltak eliminere behovet for å bruke opningsmekanismen under sjølve rømminga. Eit døme er at dei aktuelle dørene blir sette i open eller delvis open og ulåst posisjon. Når ei dør står open eller dørbladet ligg laust i karmen, krevst det ingen «grep» for å opne døra. Den første personen som når døra, kan enkelt skyve henne opp.
Å basere persontryggleiken på organisatoriske rutinar åleine er ei sårbar løysing. Derfor må det alltid gjerast ei heilskapleg vurdering av forhold som påverkar rømminga.
Forhold som kan vurderast
Ei rekkje forhold kan påverke kor enkelt og sikkert rømmingsdørene kan nyttast, og bør vurderast som del av analysen. Slike forhold kan mellom anna omfatte
- opningsmekanismane på døra: Desse bør vurderast fysisk på staden.
- brukseigenskapar: Kan døra intuitivt opnast med eitt grep? Har døra nøkkel, hasper, skoter eller dørklinke? Krev det mykje kraft å opne dørbladet, eller tek det i karmen?
- alternative utgangar: Finst det alternative utgangar med enklare opningsmekanismar som kan gjere rømminga mindre avhengig av organisatoriske tiltak?
- verdi knytt til ulike dører: Dersom bygningen har fleire dører, kan desse ha ulik kulturhistorisk verdi. Sekundære utgangar via sakristi eller nyare vindfang kan ha dører som toler enkle inngrep.
- dører i open posisjon: Dersom dørene skal stå opne under arrangement, må dei sikrast slik at dei ikkje blæs att som følgje av trekk eller blir lukka av andre grunnar.
Leiesystem i kyrkjerom
Eit leiesystem med standardløysingar kan redusere opplevingsverdien i eit kyrkjerom. Dei fleste kyrkjerom er oversiktlege og lette å orientere seg i. Ved å ta utgangspunkt i oversikta i rommet kan ein oppfylle funksjonskravet med tilpassa løysingar.
Regelverket
Funksjonskravet i TEK17 (§ 11-12 tredje ledd) seier at i byggverk der flukt- og rømmingsvegane er lange og har retningsendringar eller skal nyttast av mange personar, skal dei ha god belysning og vere merkte slik at rømming kan skje på ein rask og effektiv måte. Byggverk i risikoklasse 5, der kyrkjer normalt blir plasserte, skal ha leiesystem.
Dei preaksepterte ytingane seier mellom anna at alle utgangar til og i ein rømmingsveg skal merkjast med markeringsskilt. Skilta skal vere synlege og kunne lesast frå alle stader i flukt- og rømmingsvegen. BF85 stiller tilsvarande krav.
Intensjonen med regelverket
Intensjonen med krava til belysning og merking av rømmingsvegar er å sikre at alle, også dei som ikkje er kjende i bygningen, raskt finn nærmaste utgang.
Krava til leiesystem byggjer på erfaringar frå større brannar der personar ikkje har klart å orientere seg mot utgangane. Brann kan medføre både straumbrot og kraftig røykutvikling som gjer det vanskeleg eller umogleg å orientere seg. God belysning og tydeleg merking av utgangar bidreg då til rask og effektiv rømming.
Analysemetodar
Eit leiesystem består av ulike tiltak som skal hjelpe personar fram til sikker stad. Normalt omfattar eit leiesystem mellom anna markeringsskilt over utgangar, slik at personar kan identifisere utgangane og komme seg ut av bygningen.
Når ein fråvik dei standardiserte komponentane i eit leiesystem, må ein dokumentere tryggleiken gjennom ein heilskapleg analyse av eigenskapane til kyrkjerommet, kombinert med organisatoriske og tekniske tiltak.
Dei fleste eldre kyrkjebygg har ei oversiktleg planløysing som er lett å kjenne att frå bygning til bygning. Flukt- og rømmingsvegane fell saman med dei naturlege kommunikasjonslinjene i bygningen, og innreiinga bidreg til å leie personar mot hovudinngangen. Hovudrømmingsvegen er den same vegen som besøkjande kjem til kyrkja gjennom, og er som regel synleg frå store delar av kyrkjerommet. Dei fleste har dermed gode føresetnader for å orientere seg og finne vegen ut.
Forhold som kan vurderast
Ei rekkje forhold kan påverke kor enkelt det er å orientere seg mot ein utgang, og bør vurderast som del av analysen. Slike forhold kan mellom anna omfatte;
- blindvegar: Finst det blindvegar, eller leier alle dører direkte eller indirekte til sikker stad?
- nødbelysning: Finst det nødbelysning som fungerer dersom den ordinære belysninga fell bort?
- siktlinjer: Er hovudinngangen og eventuelle andre utgangar godt synlege frå heile kyrkjerommet?
- romutforming: Finst det forhold som påverkar orienteringsevna i rommet, som søyler, lange avstandar, naturleg lys, inventar, tverrskip eller altertavle?
- organisatoriske tiltak: Finst det organisatoriske tiltak som kan bidra til at personar lettare finn alternative utgangar?
- fargekontrastar: Finst det fargekontrastar mellom dør og vegg som gjer utgangen lettare å sjå?
