1Solenergi – ei viktig energikjelde
Dei siste åra har etterspørselen etter solenergianlegg auka, og det er tydeleg at solenergi vil bli ei stadig viktigare energikjelde i Noreg i åra som kjem.
Solenergianlegg er i denne rettleiaren definerte som anten solcelleanlegg eller solfangarar som blir etablerte på bygningar. Dette omfattar både bygningstilpassa og bygningsintegrerte løysingar. Rettleiaren tar ikkje for seg bakkemonterte solenergianlegg. Både mindre bakkemonterte anlegg som er søknadspliktige etter plan- og bygningslova, og konsesjonspliktige anlegg fell dermed utanfor denne rettleiaren.
I 2021 lanserte Riksantikvaren ein klimastrategi for heile kulturmiljøfeltet fram mot 2030. I strategien blir det presentert to viktige mål som skal bidra til at vi reduserer klimagassutslepp:
- Å bevare og bruke bygningar, slik at vi reduserer klimagassutslepp og tar vare på kulturmiljø.
- Å forbetre energiytinga i eksisterande bygningar, slik at vi reduserer klimagassutslepp og tar vare på kulturhistoriske verdiar.
Dei to måla heng tett saman: Vi skal ta vare på og bruke dei bygningane vi har, på ein god måte, og for å redusere klimagassutslepp frå bruk er det viktig å gjere dei meir energieffektive. Energieffektivisering inneber å redusere behovet for energi ved for eksempel å tette luftlekkasjar, sette inn varevindauge eller installere varmepumpe. Dette er tiltak som bør gjennomførast før ein greier ut behovet for å produsere elektrisitet eller varme med eit solenergianlegg.
Kva er kulturminneverdiar?
Kulturminneverdiar (eller kulturhistoriske verdiar) er verdiar som blir tillagde eit kulturminne eller kulturmiljø. Verdiane blir gjerne delte inn i tre grupper: kunnskap, oppleving og bruk.
Kunnskapsverdi er den verdien eit kulturminne eller kulturmiljø har som kjelde til kunnskap. Akkurat som ein kan lese og hente ut informasjon frå ei bok, kan ein lese og hente ut informasjon frå eit kulturminne eller kulturmiljø. Det kan for eksempel handle om handverksteknikkar, materialbruk, levemåte og ressursutnytting i ei tid og eit samfunn som var annleis enn vårt.
Opplevingsverdi handlar om korleis kulturminne og kulturmiljø kan påverke oss menneske og gi oss viktige opplevingar. Kulturminne og kulturmiljø gir byar og stader særpreg og eigenart. Dei er ein ressurs og eit felles gode som bør forvaltast slik at desse verdiane kan opplevast både i dag og i framtida. For lokalsamfunn og næringsliv er også kulturmiljø viktige. Dei kan skape grunnlag for kulturopplevingar, næringsutvikling og turisme.
Bruksverdi handlar både om at kulturminne får ein utvida verdi av å vere i bruk, og at vi kan utnytte dei som ressursar i samfunnet. Kulturminne som ikkje er i bruk, forfell, derfor er vern gjennom bruk eit viktig prinsipp i forvaltninga av dei kulturhistoriske bygningane våre. I tillegg er det meir klimavennleg å bruke og energieffektivisere eksisterande bygningar enn å bygge nytt.
I tillegg til å redusere energibehov vil produksjon av lokal og fornybar energi vere eit viktig bidrag i prosessen med å fase ut fossil energi. Potensialet for å utnytte solenergi er stort, og mange takflater eignar seg godt til solenergianlegg. Det gjeld særleg for næringsbygg, bustadblokker, industrianlegg og andre store bygningstypar, gjerne med flatt tak.
Med god tilpassing kan solenergianlegg fungere godt også på takflater som er meir synlege. Den teknologiske utviklinga går raskt, og det kjem stadig nye løysingar for visuell tilpassing på marknaden.
Samtidig er det viktig å vere klar over at eit solenergianlegg kan få store konsekvensar for bygningen, både teknisk og visuelt, dersom det ikkje blir prosjektert riktig. For verneverdige og freda bygningar risikerer vi også at viktige kulturhistoriske verdiar går tapt. Du må ta utgangspunkt i eigenarten til den enkelte bygningen og vurdere korleis endringa påverkar bygningen. Derfor er det viktig at kulturmiljøforvaltninga og plan- og byggesaksbehandlarar har kunnskap om kva som må kartleggast og vurderast før solenergianlegg eventuelt kan etablerast på verneverdige og freda bygningar.
Rettleiaren skal bidra til at solenergianlegg blir etablerte med kvalitet
Formålet med rettleiaren er å gi gode råd om kva for vurderingar som bør ligge til grunn for ei avgjerd om å etablere solenergianlegg på verneverdige og freda bygningar.
Vi gir også nokre generelle råd for god visuell tilpassing. Det er mange bygningar i Noreg som ikkje har formelt vern. Gjennom plan- og bygningslova § 29-2 skal kommunen sørge for at tiltak etter lova blir prosjekterte og utførte slik at det “innehar gode visuelle kvaliteter, både i seg selv og i forhold til dets funksjon og dets bygde og naturlige omgivelser og plassering. Ved tiltak som knytter seg til et eksisterende byggverks ytre, kan kommunen i vurderingen legge vekt på hensynet til viktige historiske, arkitektoniske og andre kulturelle verdier”.
Rettleiaren skal bidra til at solenergianlegg blir etablerte på ein måte som tar vare på kvalitet i omgivnadene våre, og med respekt for kulturhistoriske verdiar. Målgruppa for rettleiaren er i all hovudsak kulturmiljøforvaltninga og plan- og byggesaksbehandlarar i kommunane, men innhaldet vil også vere relevant for eigarar av freda og verneverdige bygningar og solenergibransjen.
2Korleis utnytte solenergi?
Potensialet for solenergi i Noreg
I 2021 utgjorde solkraft berre éin promille av Noregs totale kraftproduksjon. Potensialet for å utnytte energien frå sola er derimot langt større. Saman med andre fornybare energikjelder og effektivisering av energibruk er solenergi ein viktig ressurs i arbeidet med å fase ut fossile energikjelder.
Potensialet for solkraft er avhengig av solinnstråling. I Noreg er solinnstrålinga betre enn mange kanskje trur: På ei horisontal flate er innstrålinga mellom 600 og 1000 kWh/m2 årleg. Størst solinnstråling får vi på Sør- og Austlandet, og det er her potensialet for å utnytte solenergien er størst på landsbasis. Noreg har også ein fordel når det gjeld solceller, som fungerer best under relativt låge temperaturar. Det er altså mogleg å utnytte energien frå sola på ein betre måte enn vi gjer i dag. På oppdrag av Solenergiklyngen har Multiconsult rekna ut det tekniske potensialet for solkraft på tilgjengelege tak og fasadar i Noreg. Dei anslår at det ligg på ca. 87 GWp (Giga Watt peak), noko som tilsvarer ca. 65,6 TWh i året. Til samanlikning utgjer utbygd vasskraft ca. 138 TWh i året.1 Dette er ei teoretisk kartlegging, og omsynet til freda og verneverdige bygningar er blant fleire forhold som speler inn i vurderinga av kvar det er mogleg å etablere solenergianlegg. I åra som kjem, blir heilskapleg planlegging og kartlegging av eigna bygningar ei viktig oppgåve for alle som forvaltar og har ansvar for både større og mindre bygningsmassar.
Kva kan kommunar gjere? Eit eksempel frå Oslo
Mange kommunar ser no på korleis dei kan arbeide for å redusere klimagassutslepp og bidra til å energieffektivisere eksisterande bygningsmasse. Oslo kommune ønsker at fleire skal produsere sin eigen straum eller varme med solenergianlegg. Dei har derfor kartlagt all bygningsmasse i kommunen og utarbeidd eit solkart som illustrerer kor godt eigna dei ulike takflatene er. Solkartet viser også om bygningen står på Gul liste, er regulert til vern eller freda. Vidare har kommunen utarbeidd ein digital rettleiar som skal gjere det enklare for tiltakshavarar å avklare om dei må søke om byggeløyve. Byggesaksbehandlinga skal sikre at anlegget tilfredsstiller tekniske og visuelle krav, og sørge for at omsynet til naboar blir tatt vare på. Rettleiaren gir også informasjon om høve til å søke om økonomisk støtte, og bilete som viser eksempel på ulike løysingar.
Byantikvaren i Oslo nyttar solkartet i saksbehandlinga. Dei legg til grunn at takflata må vere bra eller svært bra for solcelle- eller solfangaranlegg for at Byantikvaren skal kunne vurdere slike anlegg på verneverdige bygg. Det inneber ikkje nødvendigvis at det blir gitt løyve til solenergianlegg på alle takflater som er bra eller svært bra, men det er ikkje formålstenleg å vurdere solenergianlegg på takflater som har lite solinnstråling.
1 Markedsrapport. Norsk solkraft 2022 – innenlands og eksport. Multiconsult på oppdrag av Solenergiklyngen.
Kva kan staten gjere? Eit eksempel frå Statsbygg
Statsbygg har jobba systematisk med å kartlegge takflatene på eigedomsmassen dei forvaltar. Kartlegginga hadde eit breiare formål enn berre å kartlegge takflater som var eigna til energiproduksjon. Kartlegginga skulle også vurdere om det var mogleg å utnytte eksisterande tak til overvasshandtering, og om taket kunne bidra til biologisk mangfald. I arbeidet blei det identifisert nokre kriterium som skal vere utslagsgivande for om eit tak bør utviklast for energiproduksjon eller som grønt tak. I eit tettbygd byområde med mange harde flater i omgivnadene og lite grøntstruktur kan grøne tak vere meir aktuelt enn energiproduksjon. På stader med større innslag av grøntstruktur og færre harde flater vil energiproduksjon ha forrang.
I kartlegginga blei det identifisert eit takareal på 1 million kvadratmeter som er særleg godt eigna for energiproduksjon. Kartlegginga tener som eit grunnlag for å installere anlegg for energiproduksjon på takflater framover.
Solcelleanlegg
Solcelleanlegg produserer elektrisitet. Ei solcelle består av ein halvleiar som gjer sollys om til elektrisitet gjennom ein fotovoltaisk prosess. Dei fleste solcellene på marknaden i dag er laga av materialet silisium.
Solcellepanel monterte på bygning (BAPV)
Solcelleanlegg som blir monterte utanpå bygningen, anten på fasaden eller på taket, har forkortinga BAPV (Building Applied Photovoltaics).
Bygningsintegrerte solceller (BIPV)
Solcelleanlegg som blir integrerte i fasadar eller tak, er forkorta BIPV (Building Integrated Photovoltaics). Bygningsintegrerte solceller erstattar andre bygningsmateriale, og måtar å tilpasse og utforme dei på utviklar seg raskt. Både solcelletakstein og fasadeplater i ulike farger og utforming finst i dag på marknaden.
Solfangarar
Solfangarar produserer varme. Ein solfangar absorberer energien i solstrålinga og gjer energien om til varme. Varmen blir transportert frå solfangaren til eit varmelager, som regel via vatn eller luft. Solfangarar kan integrerast i taket eller monterast utanpå taket eller i stativ på flatt tak.
Dei to vanlegaste formene for solfangarar er væskebaserte, plane solfangarar og vakuumrøyrsolfangarar.
Energiproduksjon og reduksjon av klimagassutslepp
Solenergianlegg kan vere ei god løysing for å produsere eigen elektrisitet eller varme. Samtidig er det mange andre tiltak som har direkte effekt på energiforbruket i eldre bygningar. Riksantikvaren anbefaler å nytte Norsk Standard NS-EIN 26883:2017 «Bevaring av kulturminner. Veiledning for forbedring av historiske bygningers energiytelse» for å kartlegge aktuelle energieffektiviseringstiltak for den enkelte bygningen. I mange tilfelle vil det vere fleire andre tiltak som gir stor effekt, og som har mindre visuelle og tekniske konsekvensar for bygningen enn solenergianlegg.
Å installere ei varmepumpe er eit svært godt tiltak for effektiv oppvarming. Riksantikvaren anbefaler dette før ein gjennomfører andre og meir omfattande tiltak. Les meir om varmepumpe i freda og verneverdige bygningar i Riksantikvarens rettleiar Råd om varmepumper i freda og verneverdige bygningar.
Dersom det skal etablerast solenergianlegg, er det viktig at tiltaket bidrar til det overordna målet om å produsere lokal og fornybar energi og å kutte klimagassutslepp. Klimagassutslepp og energiforbruk frå produksjonen av solenergianlegget er ein del av den totale klimagassrekneskapen gjennom levetida til anlegget. Det same gjeld for avhending og resirkulering av avfallet når anlegget må skiftast ut. Riksantikvaren anbefaler derfor å velje ein produsent som kan gjere greie for klimagassutslepp og naturressursforbruk i produksjonsfasen, og som kan gi ei framstilling av total spart energi og klimagassutslepp i den berekna levetida.
3Solenergianlegg: eit søknadspliktig tiltak
For freda bygningar eller bygningar som er verna etter plan- og bygningslova, er etablering av solenergianlegg alltid søknadspliktig. Dersom det skal gjennomførast tiltak på denne typen bygningar, gjeld eigne søknadsreglar, og det blir stilt særlege krav til utforming og visuelle kvalitetar. Sjå kapitla Solenergianlegg på bygningar med vern etter plan- og bygningslova og Solenergianlegg på freda bygningar.
På alle andre eksisterande bygningar er etablering av solenergianlegg som hovudregel eit søknadspliktig tiltak. Dette er fordi eit solenergianlegg er definert som ein bygningsteknisk installasjon etter plan- og bygningslova (pbl.) § 20-1 bokstav f og i mange tilfelle også vil vere ei fasadeendring, jf. § 20-1 bokstav c. Tiltak som er nemnde i § 20-1, er søknadspliktige etter § 20-2.
I nokre tilfelle kan etablering av solenergianlegg vere unntatt søknadsplikta. Unntaket er definert i forskrift om byggesak (SAK10) § 4-1 bokstav e pkt. 4. Her opnar forskrifta for at enkle installasjonar kan installerast og endrast innanfor éi brukseining eller branncelle utan at det krev søknad og løyve. Det er likevel nokre atterhald det er viktig å vere klar over: Dersom etableringa av anlegget fører til fasadeendring, er det framleis søknadspliktig. I tillegg kan ikkje tiltaket vere i strid med arealdelen og reguleringsplanen i kommuneplanen, eller anna regelverk.
Krav til visuelle kvalitetar og omsynet til historiske, arkitektoniske og kulturelle verdiar
Plan- og bygningslova § 29-2 skal sørge for at alle tiltak etter kapittel 20 i lova blir prosjekterte og utførte med gode visuelle kvalitetar. Når tiltaket gjeld fasaden, kan kommunen også legge vekt på mellom anna historiske og arkitektoniske kvalitetar. Dette gjeld alle tiltak, uavhengig av om dei er søknadspliktige eller ikkje.
Plan- og bygningslova § 29-2. Visuelle kvalitetar
«Ethvert tiltak etter kapittel 20 skal prosjekteres og utføres slik at det etter kommunens skjønn innehar gode visuelle kvaliteter både i seg selv og i forhold til dets funksjon og dets bygde og naturlige omgivelser og plassering. Ved tiltak som knytter seg til et eksisterende byggverks ytre, kan kommunen i vurderingen legge vekt på hensynet til viktige historiske, arkitektoniske og andre kulturelle verdier.»
Kva som er «gode visuelle kvaliteter», skal vere basert på faglege vurderingar og ikkje kva enkeltpersonar opplever som «pent» eller «stygt». Det blir gitt nokre retningslinjer i sjølve paragrafen. Tiltaket skal ha gode visuelle kvalitetar i seg selv og i forhold til funksjon og omgivelser. Det vil seie at tiltaket, i dette tilfellet eit solenergianlegg, må ta omsyn til korleis bygningen er utforma, med tanke på dimensjonering og formuttrykk, materialbruk og fargeval.
Tiltaket skal også harmonere med omgivnadene. I eit heilskapleg område med mange einsarta utforma bygningar vil eit lite tilpassa solenergianlegg raskare kunne utløyse krav etter § 29-2 enn det vil gjere i eit meir blanda og variert miljø. Det kan for eksempel gjelde i område som er oppførte på lokale vernelister, verdsarvstader eller Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse2.
For eksisterande bygningar kan kommunen også legge vekt på historiske, arkitektoniske og kulturelle verdiar. Det er fleire forhold som inngår i vurderinga av om fasaden på bygningen har kulturelle, historiske eller arkitektoniske verdiar, og som det kan vere relevant å legge vekt på:
- om bygningen representerer lokal byggeskikk eller ein stilperiode
- om bygningen speglar tekniske innovasjonar, for eksempel i konstruksjon eller materialval
- om bygningen kan bidra som kjelde til historisk kunnskap om for eksempel bygningshistorie eller arkitektur – i den samanhengen vil det ha betydning om bygningen framleis har sitt opphavlege fasadeuttrykk
- kva tilstand bygningen er i
Dersom kommunen kjem til at tiltaket ikkje har gode nok visuelle kvalitetar, eller at det ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til historiske, arkitektoniske eller andre kulturelle verdiar, gir § 29-2 heimel for å avslå søknaden. Det er likevel ikkje nok at bygningen er SEFRAK-registrert eller oppført på ei lokal bevaringsliste. Dette er moment som kan vere relevante i grunngivinga, men ei slik registrering er ikkje tilstrekkeleg som sjølvstendig grunngiving for avslag. Kommunen må gjere ei fagleg, konkret og sjølvstendig vurdering av verneverdien til bygningen dersom dei vil avslå eit tiltak etter § 29-2.
2 Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse er ei samla oversikt over kulturmiljø i byar og tettstader og i landskap av nasjonal interesse. Oversikta bygger vidare på NB!- og KULA-registeret, og målet er å sikre berekraftig forvaltning av kulturmiljøa.
Type bygning | Ta kontakt med |
Fredet bygning/anlegg | Fylkeskommunen eller Sametinget |
Fredet bygning/anlegg på Riksantikvarens liste3 | Riksantikvaren |
Bygninger vernet etter plan- og bygningsloven | Kommunen. Fylkeskommunen eller Sametinget skal uttale seg om saken |
Bygninger som ligger i et av Norges
verdensarvområder / buffersone |
Verdensarvkoordinator for det aktuelle verdensarvområdet |
Bygninger som er listeført eller ligger i et område som er registrert som Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. | Kommunen. Fylkeskommunen eller Sametinget skal uttale seg om saken |
Eksisterende bygninger uten vern | Kommunen |
For meir informasjon om ansvarsfordeling i kulturmiljøforvaltninga: Om kulturmiljøforvaltningen – Riksantikvaren
4Generelle råd for god visuell tilpassing
Dersom det skal etablerast solenergianlegg på freda og verneverdige bygningar, skal anlegget vere visuelt godt tilpassa bygningen. For bygningar utan vern har kommunen ansvar for at tiltak etter plan- og bygningslova blir prosjekterte og utførte slik at dei har gode visuelle kvalitetar.
Riksantikvaren har utarbeidd nokre generelle råd for korleis solenergianlegg kan planleggast på ein god måte.
Tenk tilpassing
Kva som er ei god tilpassing, vil variere frå bygning til bygning, men det er likevel mogleg å gi nokre generelle råd.
Ta omsyn til bygningens skala for å unngå at solenergianlegget blir opplevd som overdimensjonert og dominerande. Storleiken på panela bør samsvare med andre bygningskomponentar, som vindauge, dører og/eller taktekking.
Forsøk å skape så lite kontrast som mogleg mellom panela og det eksisterande taket. Ideelt sett bør eit raudt teglsteinstak ha raude panel, eit svart tak svarte panel, osv. I tillegg bør bakplata (ofte berre omtalt som backsheet) og omramminga ha same farge som panela. Unngå for eksempel lyse stålrammer på svarte panel – det tilfører ein kontrast som gjer panela meir framtredande.
Ta omsyn til den arkitektoniske stilen bygningen har, og vurder kor store endringar i uttrykk bygningen toler. Ei modernistisk høgblokk eller eit industrianlegg har andre arkitektoniske kvalitetar enn ein sveitservilla, og endringar og tillegg bør ta utgangspunkt i desse kvalitetane.
Vel eit solenergianlegg med matt overflate
Det finst mange leverandørar og alternativ på solenergimarknaden. For å unngå forstyrrande refleksjonar og i staden sørge for at solenergianlegget glir så umerkeleg som mogleg inn i omgivnadene, anbefaler vi å velje panel med matt overflate.
Ver bevisst ved plassering og systematisering av panel
Korleis panela blir plasserte og systematiserte på taket, har stor betydning for korleis dei framstår. God symmetri kan vere avgjerande for korleis anlegget blir opplevd. Eit anna godt grep kan vere å samle panela i ein heilskapleg, firkanta formasjon. Unngå å legge nokre panel ståande og andre liggande, det skaper eit rotete uttrykk.
5Tekniske vurderingar
Solenergianlegg på bygningar blir delte inn i to typar: solcelleanlegg og solfangarar. Felles for dei to er at dei utnyttar sola som energikjelde. Forskjellen er i korte trekk at solcelleanlegg produserer elektrisitet, medan solfangarar produserer varme. Det betyr at dei skil seg frå kvarandre i måten dei utnyttar solenergien på, og at det vil vere nokre tekniske forhold og vurderingar som er felles, og nokre som berre gjeld for anten solcelleanlegg eller solfangarar.
I dette kapittelet presenterer vi i korte trekk dei tekniske forholda som særleg vil spele inn i ei utgreiing av solenergianlegg på verneverdige og freda bygningar. For meir utfyllande informasjon rundt dei ulike punkta og den tekniske utføringa av tiltaket er det andre, meir bransjespesifikke, rettleiarar og ressursar tilgjengeleg.
Prosjektering: SINTEF Byggforskserien
For grundigare informasjon om prosjektering av solcelleanlegg og solfangarar anbefaler Riksantikvaren å bruke SINTEF Byggforskserien 321.231 Prosjektering av solcelleanlegg på bygninger og 552.455 Vannbaserte solfangere. Funksjon og energiutbytte.
NEK 400: Krav til installasjon av solcelleanlegg
NEK 400 er ei normsamling som omhandlar prosjektering og utføring av elektriske lågspenningsinstallasjonar. Saman med forskrift om elektriske lavspenningsinstallasjoner og veiledning til forskrift blir minimum sikkerheitsnivå spesifisert for slike installasjonar.
Solcelleanlegg har eit eige kapittel i normsamlinga, NEK 400 7-712.
Kor stor er effekten av eit solenergianlegg?
Verknadsgraden til eit solenergianlegg er forholdet mellom den mengda solstrålar som treffer anlegget, og den mengda elektrisitet eller varme anlegget klarer å produsere.
På generelt grunnlag er verknadsgraden for eit solenergianlegg avhengig av fleire faktorar. For eksempel vil himmelretning, vinkelen anlegget blir montert i, og skyggepåverknad frå tre, nabobygningar, fjell og snø påverke solinnstrålinga. For å gi god effekt bør solenergianlegget monterast mot sør, vest eller aust.
Krav til utforming og plassering av solenergianlegget kan påverke verknadsgraden. For eksempel er det ikkje sikkert at den takflata som har best solforhold, er særleg godt eigna etter ei kulturminnefagleg vurdering. Da må tiltakshavaren vurdere kor stor effekt ei alternativ plassering av anlegget gir, og om det er verdt investeringa. Det kan også stillast krav om at panela skal ha same farge som taktekkinga, for eksempel raud. Raude panel er per i dag mindre effektive enn standard svarte panel, men vil likevel vere eit godt kompromiss i mange tilfelle.
Solcelleanlegg:
- Kor effektivt solcellene gjer solenergi om til elektrisitet, er avhengig av type teknologi i panela.
- Solceller produserer mest elektrisitet ved låge temperaturar.
Solfangarar:
- Temperaturen på væska til solfangaren har betydning; låg inngangstemperatur gir høgare verknadsgrad.
- Isoleringsevna til solfangaren sørger for at så lite varme som mogleg slepp ut.
- Dekklaget på solfangaren avgjer kor mykje solinnstråling som slepp gjennom.
Toler konstruksjonen belastninga?
Det er viktig å undersøke om bygningskonstruksjonen, og særleg taket, toler den ekstra vektbelastninga som følger med eit solenergianlegg. I dag veg eit standard solcellepanel rundt 12 kg/m2, og ein standard platesolfangar veg mellom 15 og 25 kg/m2. Før ein etablerer eit solenergianlegg, må ein derfor gjennomføre bygningstekniske og statiske vurderingar av den fysiske tolegrensa til bygningen.
Snø kan lett samle seg på taket ovanfor solenergianlegget, og det kan auke vektbelastninga ytterlegare. I tillegg bør tiltakshavaren forsikre seg om at sjølve solenergianlegget toler belastningar som vind og snø, og ta høgde for meir ekstremt vêr som følge av klimaendringar.
Det kan vere eit godt alternativ å etablere solenergianlegget på nyare, tilstøytande bygningar, som kanskje toler både vektbelastninga og den visuelle endringa betre.
Kor gammalt er taket, og korleis er tilstanden?
Eit solenergianlegg har ei berekna levetid på 20–30 år, men ofte fungerer det lenger enn det. Da er det viktig at taket som anlegget skal etablerast på, er i god stand. Det bør ikkje vere behov for utbetringar eller omfattande vedlikehald i løpet av den tida solenergianlegget skal ligge på taket.
På generelt grunnlag kan integrerte solenergianlegg, og kanskje særleg solceller, som erstattar andre tekkingsmateriale, vere ei løysing. Spesielt gjeld det i tilfelle der taket uansett må skiftast. For freda og verneverdige bygningar blir den antikvariske verdien i tradisjonelt taktekke vurdert som svært høg. På slike bygningar er det viktig at eit solenergianlegg ikkje erstattar eller øydelegg den opphavlege taktekkinga. I enkelte tilfelle vil integrerte løysingar kunne vere eit alternativ, men det må i så fall avgjerast av kulturmiljøforvaltninga i kvar enkelt sak.
Er det brannfarleg å montere eit solcelleanlegg?
Eit solcelleanlegg er ein elektrisk installasjon, og alle kontaktpunkt i ein elektrisk installasjon er ei potensiell kjelde til brann. Brannsikkerheit bør vere med i planlegginga av eit solcelleanlegg frå start, og kvaliteten på monterings- og koplingsarbeidet er viktig. Montering av solcelleanlegg er omfatta av el-tilsynslova, og skal som hovudregel berre utførast av verksemder som er registrerte i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskaps (DSB) elverksemdsregister.
Regelverk som er relevante for solcelleanlegg og brann
- Plan- og bygningslova (PBL)
- Byggesaksforskrifta (SAK10)
- Byggteknisk forskrift (TEK17)
- Forskrift om dokumentasjon av byggevarer (DOK)
- Brann- og eksplosjonsvernlova
- Forskrift om brannforebygging
Regelverk som er relevante for elektriske installasjonar
- El-tilsynslova
- Forskrift om elektriske lavspenningsanlegg (FEL)
- NEK 400, særleg NEK 400-7-712
Feil i solcelleanlegg kan oppdagast ved hjelp av infraraude kamera. Alle koplingar i anlegget skal ha omtrent same temperatur. Dersom ei kopling er varmare eller kaldare enn dei andre, kan det tyde på feil som bør utbetrast.
Dersom det oppstår ein brann, anten i sjølve solcelleanlegget eller av andre årsaker, kan utanpåliggande solcellepanel bidra til å forsterke brannen. I mellomrommet mellom bygningen og panelet blir varmen frå brannen reflektert tilbake til bygningen og dermed forsterka. Denne effekten er ikkje knytt til solcellepanela i seg sjølve, og vil gjelde tilsvarande for andre typar plater eller panel som blir monterte utanpå eit tak.
Solcelleanlegg kan gjere det vanskeleg for brannpersonell å komme til brannområdet. I tillegg utgjer solcelleanlegg ein fare fordi det framleis er spenning i anlegget etter at hovudstraumen til bygningen er fjerna. I NEK 400 er det krav til plassering og seksjonering av solenergianlegg på taket, og alle bygg med solcelleanlegg skal merkast slik at det er lett tilgjengeleg for brannpersonell.
6Solenergianlegg på bygningar med vern etter plan- og bygningslova
For bygningar som er verna etter plan- og bygningslova, er kommunen rett myndigheit. Ofte skal også fylkeskommunen eller Sametinget uttale seg. Løysingsforslag bør utgreiast og presenterast for kommunen tidleg.
Riksantikvaren er positiv til at det blir etablert solenergianlegg på bygningar med vern, men ei etablering må vurderast i lys av sårbarheit og verdiar knytte til eit bygg eller område. Det må vere ein føresetnad at tiltaket ikkje bryt med det arkitektoniske hovuduttrykket, og at detaljering blir tilpassa bygningen.
Reguleringsføresegner
Solenergiteknologi er eit felt i rask utvikling, og nye produkt blir stadig presenterte på marknaden. Dette er det viktig å ta høgde for dersom reguleringa skal ha eigne føresegner om solenergianlegg. Teknologisk utvikling kan føre til solenergianlegg som i mindre grad påverkar opplevinga av eit kulturmiljø.
I reguleringsplanar kan ein gi føresegner til arealformål og omsynssoner om ulike forhold. Mellom anna kan ein gi føresegner om
- bruk av areal, bygningar og anlegg i planområdet
- sikring av verneverdiar i bygningar, andre kulturminne og kulturmiljø, mellom anna vern av fasade og materialbruk
- utforming, mellom anna estetiske krav, og bruk av areal, bygningar og anlegg i planområdet
Føresegnene i reguleringsplanen er viktige for ei god forvaltning av område med kulturminne- og kulturmiljøinteresser. Føresegnene må vere presise og konkrete, slik at dei sikrar verdiane best mogleg.
Les meir om reguleringsplan og -føresegner i Riksantikvarens rettleiar Kulturminner, kulturmiljøer og landskap. Planlegging etter plan- og bygningsloven.
I heilskaplege område med saltak kan ein for eksempel gi føresegner om
- synlegheit frå offentleg rom og viktige siktlinjer
- at det skal veljast matte panel som ikkje har ei skinande og blank overflate
- at det ikkje skal vere fargekontrast mellom det eksisterande taket og solenergianlegget
- farge på omramminga
- at storleiken på anlegget skal vere i samsvar med bygningen det blir plassert på
- symmetrisk og heilskapleg plassering av panel på tak
På flate tak kan ein for eksempel gi føresegner om
- at anlegget skal etablerast med låg vinkel
- kva som er tillate som maksimal høgde på anlegget
- kor langt anlegget skal trekkast inn frå gesimsen for å unngå at det er synleg frå gateplan
7Solenergianlegg på freda bygningar
Freding er den sterkaste forma for vern i Noreg.
Vedtaksfreda og forskriftsfreda bygningar og kulturmiljø er vurderte til å ha nasjonal verdi, og fredinga skal ta vare på kulturminneverdiane som bygningen eller kulturmiljøet har. For bygningar som anten er vedtaks- eller forskriftsfreda, er formålet med fredinga definert i vedtaket eller forskrifta. Det er dette som ligg til grunn når kulturmiljøforvaltninga skal vurdere om eit tiltak kan gjennomførast eller ikkje.
Dispensasjon
Å etablere solenergianlegg på ein freda bygning eller i eit freda kulturmiljø vil alltid krevje søknad om dispensasjon.
For alle freda bygg og anlegg, med unntak av dei som står på Riksantikvarens liste, er det fylkeskommunen som er rett myndigheit i kulturmiljøforvaltninga, og som gjer vedtak om dispensasjon.
Dersom det er ønske om å etablere solenergianlegg på ein freda bygning eller i eit freda kulturmiljø, er det viktig å ta kontakt med fylkeskommunen innleiingsvis i prosessen. Det er større sannsyn for å få til eit godt prosjekt når fylkeskommunen blir involvert tidleg og kan gi råd og anbefalingar.
I ein del tilfelle ligg freda bygningar innanfor område som også er regulerte til vern gjennom plan- og bygningslova. I slike situasjonar er det viktig at tiltaket er i tråd med føresegnene i reguleringsplanen, og viktig å søke om løyve frå kommunen.
Kulturmiljøforvaltninga skal gjere ei heilskapsvurdering av inngrepet sett opp mot eigenskapane ved det freda anlegget, som storleik, kulturhistoriske og arkitektoniske verdiar.
Faktorar som kan spele inn i vurderinga:
- om solenergianlegget kan tilpassast på ein måte som tar vare på opplevingsverdiane og kunnskapsverdiane, og som ikkje motverkar formålet med fredinga
- om bygningskonstruksjonen generelt, og takkonstruksjonen spesielt, toler belastninga av anlegget
- om solenergianlegget erstattar eller øydelegg materiale med aldersverdi og kunnskapsverdi
Les meir om dispensasjon i «Retningslinjer for dispensasjonsbehandling»
Rettleiaren for solenergianlegg på eksisterande bygningar er utarbeidd av Riksantikvaren. Referansegruppa for rettleiaren har bestått av:
Hanne Windsholt, Byantikvaren i Stavanger
André Korsaksel, Byantikvaren i Oslo
Nils Anker, Viken fylkeskommune
Lars Petter Bingh, Statsbygg
Solenergiklyngen
Kjelder og vidare lesing:
Bevaring av kulturminner. Veiledning for forbedring av historiske bygningers energiytelse. Norsk Standard NS-EN 16883:2017.
Byggnadsantikvarisk solkartering: Potential för solelproduktion i kulturhistoriske värdefull bebyggelse. Lingfors, Broström, James, Widén ved Uppsala Universitet.
Conservation compatible energy retrofit technologies. Part V: Documentation and assessment of integrated solar thermal and photovoltaic systems with high conservation compatibility. Editor: Eleonora Leonardi (EURAC).
EBOB – Solcelleinstallasjoner på bygg. Brannspredning og sikkerhet for brannvesen. Rise-rapport 2022:82.
Energy Efficiency and Historic Buildings. Solar Electric (Photovoltaics). Historic England, 2018.
Ensuring place-responsive design for solar photovoltaics on buildings. A good practice guide for designers, manufacturers and installers. Johnny Williams (BRE National Solar Centre) og Kim Hagen (CPRE)
Integrering av solenergi i kulturhistorisk väredfull bebyggelse. Perotti, Dahlberg, Lundgren 2015, utarbeidet gjennom prosjektet Solar Energy in Urban Planning 2013-2017.
Norsk solkraft 2022 – innenlands og eksport. Markedsrapport for Solenergiklyngen utarbeidet av Multiconsult.
Photovoltaic BIPV Systems and Architectual Heritage: New Balance between Conservation and Transformation. An Assessment Method for Heritage Values Compatibility and Energy Benefits of Interventions. Polo López, Troia, Nocera. Publisert i Sustainability 2021, 13, 5107.
Prosjektering av solcelleanlegg på bygninger. SINTEF Byggforskersien, 321.231.
Risk-Benefit Assessment Scheme for Renewable Solar Solutions in Traditional and Historic Buildings. Polo López, Lucchi, Leonardi, Durante, Schmidt, Curtis. Publisert i Sustainability 2021, 13, 5246.
Solcelleteknologi og brannsikkerhet. Rise-rapport 2018:31
Solenergi noe for din kommune? Råd og veiledning for økt kompetanse – for bestillere og andre rettet mot offentlig sektor. Solenergiklyngen, 2020.
Target-based visibility assessment on building envelopes: Applications to PV and cultural-heritage values. Lingfors, Johansson, Widén, Broström, Publisert i Energy and Buildings, 2019, 204: 1-8
Vannbaserte solfanger. Funksjon og energiutbytte. SINTEF Byggforskserien 552.455.