Talet på registrerte politimeldingar ligg noko høgare enn dei to siste åra. Det er likevel ingen dramatisk auke, av di talet har over tid lege på mellom 30 til 40 meldingar per år dei siste ti åra.
– Det er alvorleg å registrere at stadige ulovlege inngrep og graving fjernar historiske spor, seier Kaare Stang, seksjonsleiar hjå Riksantikvaren.
Heile 29 av 34 meldingar gjeld viktige arkeologiske kulturminne. Det er både enkeltobjekt, men også delar av større fysiske samanhengar som gravhaugar, gravfelt og anna.
– Fem melde tilfelle av hærverk på bergkunst frå stein- og bronsealder vekkjer bekymring, og er ein type skadeverk som diverre sest årleg, seier Stang.
– I fjor registrerte vi også to ulovlege inngrep i kyrkjer, og ei av disse var Rollag stavkyrkje. Dette gjaldt mindre alvorlege rissingar eller tagging i tjørelag i to av veggene til stavkyrkja, og rissinga i tjørelaget lèt seg fjerne. Men vi må alle ha respekt for den verdifulle kulturarven vår, slik at vi sikrar dei på ein god måte.
1,9 millionar til kyrkjekunst i 2027
Riksantikvaren har fordelt tilsagn for konservering av kyrkjekunst.
Riksantikvaren: – Positivt med freding av skipsfunn
Riksantikvaren har levert uttalelse om skipsfunn i en tilleggshøring til ny kulturmiljølov.
Freding av Vigra kringkaster blir avslutta
Riksantikvaren går ikkje vidare med fredingssaka.




