Nyheter

Verdsarvutstillinga i Aurland opnar

No er utstillinga Vår verdsarv på plass i Heradshuset på Aurlandsvangen.

Publisert: 8. mai 2026 | Endret: 7. mai 2026

En hvit ferge seiler gjennom en smal, stille fjord omkranset av bratte, grønne fjell under en klar himmel.
Vakker verdsarv: Nærøyfjorden. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.

– Den norske verdsarven er vår felles arv, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

– Utstillinga Vår verdsarv er del av eit langsiktig arbeid frå regjeringa om å styrke kunnskapen om verdsarven i Noreg. Eg er derfor glad for at vi no opnar utstillinga i Aurland, midt i hjartet av det vakre verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.

Dei vakraste fjordane i verda
Det vakre verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap omfattar nokre av dei mest spektakulære fjordane i verda: Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

Her har is og vatn grove ut og forma eit fjordlandskap som overgår alle andre på kloden. Den 17 km lange Nærøyfjorden er berre 250 meter brei på det smalaste, men han er omkransa av fjell som når opp i 1760 moh.

– Desse områda har fasinert besøkande gjennom tidene og vert sett på som sjølve symbolet på Noreg, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.

–  Noko av det viktigaste vi gjer for å sikre desse områda er å spreia kunnskapen om dei. Slik tek vi vare på historia om dei som har vore her før oss, for dei som kjem etter oss.

Spor i landskapet viser at menneske har budd langs fjordane sidan isen trakk seg tilbake for 10 000 år sidan. Fangstgraver i høgfjellet viser at villreinen har vore viktig for fjordfolket heilt frå steinalderen. I dei bratte fjordliene ligg det hyllegardar, der drifta er godt tilpassa med beite i fjellsidene og alle dei små, flate areala var dyrka.

Ei reise gjennom verdsarven i Noreg
Utstillinga «Vår verdsarv» fortel om dei åtte norske verdsarvområda, og tek deg med ut på ei storslått reise til verdas viktigaste natur- og kulturarvområde. Utstillinga fortel også om verdsarvkonvensjon frå 1972.

UNESCOs verdsarvkonvensjon beskyttar natur- og kulturarv, som eit svar på dei store øydeleggingane verda opplevde under andre verdskrig.

Verdsarven bidreg til internasjonalt samarbeid, og har som hovudmål å skape fred gjennom med undervisning, vitskap, kulturutveksling og kommunikasjon.

Verdsarv er enorme pyramidar i Giza, det er Taj Mahal og Notre Dame, og det er også ærfuglhus på Vega og oppmålinga av verden med Struves meridianbue i Hammerfest.

–  Gjennom utstillinga i Aurland vil mange menneske sjå og lære om verdsarven, seier Gro Nesse-Bremer, prosjektleiar i Nærøyfjorden verdsarvpark.

–  Det er små og store forteljingar om kven vi er og kor vi kjem frå. Dei som kjem hit vil sjå dei internasjonale linene i UNESCO-samarbeidet og at verdsarven vår skal binde oss saman over landegrensene.

Fakta om verdsarven i Noreg
Noreg har åtte verdsarvområde på Unescos prestisjetunge liste:

Bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Vegaøyan, Rjukan-Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, fire punkt på Struves meridianbue, Urnes stavkyrkje, og Vestnorsk fjordlandskap  med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

I Noreg har Riksantikvaren og Miljødirektoratet ansvaret for oppfølginga av konvensjonen. Stiftinga Noregs Verdsarv har bidrege i arbeidet med konsept for utstillinga. Til no er utstillinga sett opp på Alta, Vega, Geiranger, Urnes (i Skjolden) og utandørs på Røros, mens inneutstillinga for Røros står på Maihaugen.

Liten kystlandsby med båter som ligger til kai ved vannet, tradisjonelle hus og et stort, grønt fjell i bakgrunnen under en klarblå himmel.
Undredal: Bygd i Nærøyfjorden verdsarvområde.
En mosegrodd sti og en steinete skråning fører til en rolig, grønn fjord med et hvitt skip som ligger for anker nær skogkledde fjell.
Vakkert i verdsarven: Anten du er til lands eller til vanns.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.
En svingete vei svinger seg gjennom en grønn dal omkranset av fjell, med flekker av trær og snødekte topper i det fjerne under en klarblå himmel.
Undredal: Ein del av verdsarven.
Heradshuset ligger i en hvit toetasjes bygning med rødt tegltak, med utstillings- og galleriskilt på norsk, utebenker og fjellene i bakgrunnen.
Husar utstilling: Heradshuset på Aurlandsvangen.
Foto: Rønnaug Rauk Sundling, Riksantikvaren.
Tre trehytter står ved siden av et stille tjern som speiler dem, mot grønne åser med en liten foss og en overskyet himmel i bakgrunnen.
Holmo ved Nærøyfjorden.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.
En bred elv eller fjord slynger seg mellom bratte, grønne fjell under en klarblå himmel, med snødekte fjelltopper i bakgrunnen.
Aurlandsfjorden.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.
En hvit ferge seiler gjennom en smal, stille fjord omkranset av bratte, grønne fjell under en klar himmel.
Vakker verdsarv: Nærøyfjorden.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.
En rolig fjord omgitt av bratte, grønne fjell under en klarblå himmel, med synlige refleksjoner i vannoverflaten.
Vestnorsk Fjordlandskap, Nærøyfjorden

Utstillinga opnar 8. mai kl. 13-15 på Heradshuset, Aurlandsvangen.