Nyheter

Evaluerte oppfølging av «ukjent» konvensjon

Mange i norsk forvaltning kjenner ikkje godt til Faro-konvensjonen, men likevel jobbar mange aktørar i tråd med prinsippa utan å vite at det er Faro-konvensjonen dei følgjer.

Publisert: 1. juli 2026

En liten, toetasjes grå paviljong med rødt tak står ved en dam, omgitt av grønt gress og trær, og speilbildet av den vises i det rolige vannet som et fredfullt bilde av et Kirke-landskap.
Spydeberg Prestegård Lysthuset ved dammen. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Riksantikvaren evaluert korleis forvaltninga etterlev Faro-konvensjonen. Det er Menon Economics som står for undersøkinga og rapporten.

Faro-konvensjonen er også kjent som Europarådets rammekonvensjon om verdien til kulturarven for samfunnet. Den blei vedteken i 2005, ratifisert av Norge i 2008 og trådde i kraft i 2011.

Konvensjonen representerte eit skifte i internasjonal kulturarvpolitikk. Tidlegare handla det mest om korleis ein kunne verne kulturarv, mens Faro-konvensjonen dreia merksemda mot kvifor kulturarv har verdi for menneske og samfunn. Oppsummert har konvensjonen desse prinsippa:

  • Deltaking og medverking: alle skal kunne delta i å definere og forvalte kulturarv
  • Demokratisk tilgang: rett til å bruke og bidra til kulturarv
  • Kulturarv som samfunnsressurs: aktiv bruk i samfunnsutviklinga og livskvalitet
  • Samordning og heilskapleg politikk: integrerte strategiar og samarbeid på tvers

Menon Economics finn at det formelle grunnlaget for norsk kulturmiljøpolitikk er solid, men at det er eit tydeleg gap mellom intensjonane og den praktiske oppfølginga. Det er uklart kven som har ansvaret for å følge opp at konvensjonen faktisk vert etterlevd.

Kjennskap til konvensjonen er gjennomgåande lav, særleg i kommunane. Blant fylkeskommunane seier om lag halvparten at dei kjenner konvensjonen nokså godt. I kommunane er det berre ein tredel som kjenner han nokså godt.

Dette gjer to ulike utfordringar: manglande kunnskap om sjølve konvensjonen, og manglande forståing for kva oppfølginga av prinsippa inneber for eigen rolle. Prinsippa er i stor grad følgd gjennom etablerte ordningar knytt til planprosessar, høyringar, frivillig arbeid, snarare enn som del av ein bevisst strategi. Det er medverknad i prosessane, men han er ujamn og i mange tilfelle meir formell enn reell og kjem ofte for seint.

Konvensjonens prinsipp om kulturarvfellesskap, at menneske som knyt seg til ein felles kulturarv sjølv skal ha ei aktiv rolle i å forvalte og vidareføre den, er berre delvis realisert i norsk praksis. Samla syner evalueringa at det er et gap mellom Faro-konvensjonen sine prinsipp og oppfølging i norsk kulturmiljøforvaltning, og at dette gapet handlar om manglande operasjonalisering snarare enn manglande vilje.

Tilrår fire tiltak i rapporten

Som grunnlag for rapporten er det gjort 39 intervju og to spørjeundersøkingar. Rapporten er no levert til Klima- og miljødepartementet. Menon Economics tilrår fire tiltak:

  1. Etablere faste samarbeidsstrukturar mellom sentrale aktørar for å styrke oppfølginga på tvers.
  2. Bruke ny kulturmiljølov til å forankre medverknad og minoritetars rettigheiter tydelegare i lovverket.
  3. Tydeleggjere statens forventningar og omsette prinsipp til praktisk rettleiing, gjennom ein rettleiar eller eit rundskriv med konkrete eksempel.
  4. Sikre frivillige og minoritetar reell påverknad, ikkje berre formell medverknad, ved å heve kompetanse for tilrettelegging av inkluderande prosessar og ved å vurdere tildelingskriteria og partnaravtalar som kan gje eigarskap og forvaltningsansvar.