Riksantikvaren har henta inn løyve frå eigaren, og vi vil dekkja kostnadene ved å få fartøyet hogge opp. Tiltaket vil bli gjennomført på ein måte som tek omsyn til helse, miljø og tryggleik.
Fartøyet LHCB Reidulf II har lege i nødhamn ved Hardanger fartøyvernsenter sidan februar 2015.
– Riksantikvaren har fått melding frå fartøyvernsenteret om at fartøyet no tek inn vatn. For å hindra at fartøyet utgjer ein fare for fartøyvernsenteret og miljøet, er det vedteke å avvikla nødhamna og destruera fartøyet med ein gong, seier Aase Hogfeldt-Eskevik, seksjonssjef i kulturminneavdelinga hjå Riksantikvaren.
– Vi har lenge vore uroa for fartøyet som ei kjelde til forureining dersom det skulle søkka. Dersom fartøyet søkk ved kai, vil det i tillegg vera ei urimeleg ulempe og belastning for Hardanger fartøyvernsenter, seier Hogfeldt-Eskevik.
At eit fartøy blir lagt i nødhamn, har til hensikt å gi ei mellombels hjelp slik at eigarar, lag eller foreiningar kan få tid til å etablera eit godt nok apparat for å kunna føra fartøyvernprosjekter vidare og framover.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Avviklar nødhamn og destruerer fartøy
Riksantikvaren har vedteke å avvikla nødhamna for Reidulf II med umiddelbar verknad, då fartøyet utgjer ein fare for miljøet.
Nå åpner tilskuddsrunden for kirkene
– Vi håper kirkeeiere over hele landet benytter muligheten til å søke.
Evaluerte oppfølging av «ukjent» konvensjon
Mange i norsk forvaltning kjenner ikkje godt til Faro-konvensjonen, men likevel jobbar mange aktørar i tråd med prinsippa utan å vite at det er Faro-konvensjonen dei følgjer.
